JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Ei mørkare joleforteljing

Joleforteljinga finst berre éin stad i Bibelen, hjå Lukas, men utanfor Bibelen finst ein versjon, minst like gamal, men mørkare, ikkje om fred på jorda, men om krig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mellom Forum Romanum og Colosseum i Roma står Titusbogen, reist kring år 71, med relieff frå triumftoget etter sigeren i den romersk-jødiske krigen. Fotografiet syner eit relieff der romerske  soldatar ber krigsbytte, som den sjuarma ljosestaken frå tempelet i Jerusalem i Judea. Ein annan versjon av denne artikkelen er i år prenta i joleheftet «I de dager».

Wikimedia

14134
20231222
14134
20231222

Bakgrunn

havard@dagogtid.no

Fred er hovudbodskapen i jola. Fred på jorda! lydde det frå «ein stor himmelhær» som song for gjetarane på betlehemsmarkene den fyrste jolekvelden, i Evangeliet etter Lukas: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har hugnad i!» Likeins i songen «Glade jol», så globalt kjend at han er med på verdsarvlista til Unesco: «Fred på jord, frygd på jord.»

Fredsynske kan lyda sterkast i krigsområde. Den pastorale joleforteljinga kjem frå eit av dei blodigaste områda på jorda. Frå bronsealderen til i dag har det vore nær samanhengande krig der. Det er krig der no òg. Det vesle området har alltid vore ein omstridd ferdsleveg mellom verdsdelar, ein møtestad mellom kontinentalplater, geopolitisk og geologisk ustabil.

Ei mørkare kjelde

Joleforteljinga er av dei mest kjende forteljingane i verda, men i Bibelen er Lukas einaste kjelda. Joleforteljingar finst i seinare kjelder, i apokryfe evangelium og i Koranen, men finst ingen andre versjonar frå samtida? Jau, i bøkene til den jødisk-romerske historikaren Josefus.

Han vart fødd i Jerusalem i ca. år 37 e.Kr. og døydde kring år 100, etter å ha budd mange år i Roma. Av litteratur skriven i det fyrste hundreåret er dei to hovudverka hans utan samanlikning den viktigaste utanombibelske kjelda til kunnskap om samtida til Jesus.

Boka Den jødiske krig (Krig) skreiv Josefus i 70-åra. Der skildrar han den fyrste romersk-jødiske krigen, som gjekk føre seg mellom 66 og 73 e.Kr., og som enda med øydelegginga av Jerusalem og tempelet. Boka Den jødiske oldtid (Oldtid) skreiv han i 90-åra. Ho handlar om tida før Krig, om historia til jødane frå skapinga til krigsutbrotet i 66 e.Kr.

Dei to verka til Josefus vart til om lag samstundes med dei to verka til Lukas, Evangeliet etter Lukas og Apostelgjerningane.

Det er mange parallellar mellom verka til Josefus og Lukas. Joleforteljinga er ein av dei. Samstundes er joleforteljinga ei av dei Lukas-forteljingane som ikkje finst hjå dei tre andre evangelistane. Kva kan Lukas ha nytta som kjelde?

Som den mest historisk og politisk opplyste av dei fire evangelistane har Lukas truleg lese Josefus. Lukas-forteljingar som ikkje finst elles i Bibelen, finst hjå Josefus. Lukas skriv i føreordet sitt at han har nytta mange kjelder, og somme forskarar meiner at Josefus er ei av dei.

Folketeljinga

Er det tilfeldig at Josefus og Lukas nyttar ei og same hending som utgangspunkt? Båe byrjar med folketeljinga og skattlegginga under Kvirinius i år 6 e.Kr., då «det skulle takast manntal over heile verda».

Området Judea, med Jerusalem som hovudstad, hadde i fleire tiår vore styrt av regionale kongar frå Herodes-dynastiet, innsette av romarane. Men no vart det urolege området lagt direkte under keisaren. Øvste styresmakt vart då ikkje ein regional konge, men ein romersk landshovding som Kvirinius, og – eit par tiår seinare –?Pontius Pilatus. Endra styreform førte til endra skattlegging og gjorde ei folketeljing naudsynt.

Lukas skriv: «I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var fyrste gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria.»

Josefus skriv (nokre innskot er utelatne her): «I dei dagane kom Kvirinius, send av keisar Augustus, til provinsen Syria som landshovding. Han kom til Judea òg, som no var lagt til Syria, for å gjera rekneskap over dei materielle verdiane deira.»

Som me ser: Lukas og Josefus kjem med dei same opplysningane, og hjå båe markerer hendinga eit tidsskilje, byrjinga på ei uroleg tid. Josefus er tydeleg: Folketeljinga og skattlegginga førte til opprøra som seksti år seinare utløyste krigen –?ein av dei blodigaste i antikken, ifylgje Josefus, der kring ein million menneske mista livet.

Strid og oppslutnad

Av di jødane alt skatta til tempelet, var det omstridt med ein romarskatt i tillegg. Kva fortel Josefus og Lukas om den ålmenne oppslutninga om folketeljinga og skattlegginga?

I Krig frå 70-talet skriv Josefus at «mange» ikkje lydde ordren, av di ein opprørsleiar «overtalte mange jødar til å nekta å skriva seg i manntalet den gongen Kvirinius vart send som romersk embetsmann til Judea».

Men i Oldtid, skriven tjue år seinare, høyrer me at «dei fleste» likevel lydde ordren. «Jamvel om jødane i byrjinga såg på skatteplikta som avskyeleg, la dei likevel frå seg ytterlegare motstand mot henne», fortel Josefus, «og melde frå om verdiane sine, utan strid om det.»

Og Lukas, kva skriv han? Han forsikrar at alle lydde ordren: «Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.»

Ein galilear vert introdusert

Etter at båe forfattarane har byrja med å presentera skattlegginga, tek dei endå eit sams grep. Josefus og Lukas introduserer no ein galilear i forteljinga. Galilea var eit område nord for Judea. Dei som budde der, var galilearar, ikkje judearar. Det var konflikt mellom dei to gruppene, men båe sokna til tempelet i Jerusalem.

Ein galilear vert brått introdusert i Krig. «Ein galilear som heitte Judas, eggja landsmennene sine», held Josefus fram.

Likeins vert ein galilear introdusert hjå Lukas: «Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea.»

Valet til galilearen

Kvifor vert ein galilear introdusert i båe forteljingane? Me er no komne til eit punkt i dei to påfallande like forteljingane der forfattarane skil lag. Lukas-galilearen og Josefus-galilearen gjer no motsette val.

Kva kjenneteiknar galilearen i Krig? Han «sa at det var ei skam å betala skatt til romarane».

Kva kjenneteiknar galilearen i Lukas? Han lydde dei romerske styresmaktene og drog for å skriva seg inn i manntalet «saman med Maria, som var lova bort til han».

Frå desse to ulike vala skal det utvikla seg to ulike joleforteljingar, ei krig på jord-forteljing hjå Josefus og ei fred på jord-forteljing hjå Lukas.

Josefus framhevar at det var under folketeljinga grunnlaget for krigen vart lagt, av di galilearleiaren oppmoda til opprør mot skattlegginga.

Lukas framhevar at det var under folketeljinga grunnlaget for freden vart lagt, for då kom fredskongen til verda, med ein galilearfar som respekterte skattlegginga.

Påverknad

Lukas kan ha hatt grunnar til å nytta Josefus som kjelde. Josefus-forteljinga om krigen vart særs definerande for lærde og mektige romarar. Verket Krig var tinga av keisaren sjølv, som eit monument over sigeren, ein triumfboge i skrift, slik Titus-bogen vart reist i stein. Hjå lærde romarar var det nok semje om at opptakten til krigen kom med skattlegginga.

Verket fekk ei omfattande utbreiing i Romarriket. Som eit keisarleg bestillingsverk vart det omfatta av «innkjøpsordninga» i samtida – kopiar av verket vart utplasserte i dei sentrale biblioteka i Romarriket.

Om verket til Lukas kan me seia mykje av det motsette. Teksten oppstod i eit dissentarmiljø. Han vart skriven på eit folkeleg gresk. Han vart ikkje utbreidd via lærde bibliotek, men i miljø mange rekna som sekteriske. Miljøa var ikkje eliteprega, men romma folk frå alle samfunnsklassar. Om verka til Josefus høyrde til dei romerske samfunnsinstitusjonane, var verka til Lukas meir å rekna som undergrunnslitteratur.

Medan Josefus-verka var institusjonelle, kan me lesa Lukas som ei subkulturell motbok. Ho ynskte å bringa ein alternativ versjon av kva som førte til krigen.

Integrering

Kvifor? Ja, då er me ved kjernen av joleforteljinga og Josefus-verka: Var jødane eit folk som kom med fred eller krig?

Etter øydelegginga av Jerusalem i 70 og slutten på krigen i 73 heldt det fram å vera eit brennande spørsmål i Romarriket. For krigen var ikkje slutt. Ein tredje og siste romersk-jødisk krig kom på 130-talet.

Var jødane fredelege nok til å lata seg integrera som lovlydige i Romarriket, eller stod dei for opprør og terror? Fanst det ekstreme rørsler som ikkje ynskte fred, men fridom?

Josefus nyttar mykje tid på spørsmåla. Sjølv kriga han på jødisk side fyrst, men lét seg sidan integrera i Romarriket, med suksess, lyt ein seia, som keisarleg historikar.

Dei fire rørslene

I Krig på 70-talet og Oldtid på 90-talet deler Josefus jødane i fire rørsler. Tre av dei er fredelege, skriv han, men éi er krigersk. Leidd av ein galilear byrja ho opprøra som enda med krig.

Om Lukas er skriven som ei motbok til Josefus, er motbodskapen at den fjerde rørsla er fredsæl, ho òg, og at den galileiske leiaren vart fødd for å koma med fred, ikkje krig.

For Lukas var bodskapen viktig av di han representerte ei rørsle som vart assosiert med den fjerde, opprørske retninga. I dei siste kapitla i Lukas, under rettargangen mot Jesus, les me at han omgav seg med galilearar, og at dei hadde rykte på seg for å vera opprørske.

Slik Josefus i Krig og Oldtid reinvaskar tre av dei fire jødiske rørslene for klagemål om krigshissing, reinvaskar Lukas den fjerde rørsla òg.

Likskapstrekk

Når ein krig kjem på fråstand, kjem gjerne partane nærare kvarandre. Det gjeld for Lukas og Josefus òg.

På 70-talet, i Krig, skriv Josefus nådelaust om valdelege galilearar. På 90-talet, i Oldtid, er han mildare stemt andsynes dei òg – meir til liks med Lukas.

Av di krigen er komen meir på fråstand? Og av di den fjerde rørsla, eller delar av henne, i mellomtida faktisk har vorte mindre opprørsk?

Nett ei slik utvikling kan me spora i Det nye testamentet – frå tidleg i Apostelgjerningane, der galilearen Peter seier at ein skal lyda Gud meir enn menneske, til Romarbrevet, der Paulus skriv at ein skal lyda styresmaktene, av di dei er innsette av Gud.

At Moseloven laut vika for romarretten i delar av rørsla, i breva til Paulus og i dei tidlegkristne forsamlingane utanfor Judea, medverka nok til ei slik fredeleg utvikling. Interessant nok vert ho teikna av både Josefus og nytestamentlege forfattarar.

Stein på stein

Slik Josefus nyanserte seg, finst nyansar hjå Lukas òg. Sist i Lukas (19,41-44) kjem eit avsnitt som er meir prega av ei krig på jord-oppleving enn av ein fred på jord-draum: «Då Jesus kom nærare og såg Jerusalem, gret han over byen og sa: ‘Hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kva som tener til fred! Men no er det gøymt for auga dine. Det skal koma dagar over deg då fiendane dine kastar ein voll opp rundt deg, kringset deg og trengjer deg frå alle kantar. Dei skal slå deg til jorda, og borna dine med deg, og det skal ikkje liggja att stein på stein i deg, fordi du ikkje skjøna at tida var komen då Herren gjesta deg.’»

Den glade fredsbodskapen som opna Lukas, har mot slutten av boka vorte ein bodskap som ikkje vart forstått og fylgd. Lukas legg utsegna til 30-talet, men ho liknar skildringa Josefus gjev av Jerusalems øydelegging førti år seinare.

Hjå Josefus kjem krigen av at jødane høyrde på galilearen. Hjå Lukas kjem krigen av at jødane ikkje høyrde på galilearen.

Det andre kinnet

Jødiske opprør kosta romarane dyrt, og opprørarane vart straffa hardt. I Krig fortel Josefus at 2000 opprørske galilearar vart krossfesta på éin og same dag. Jødar som ynskte å leva lovlydig i Romarriket, distanserte seg frå opprøra.

Fredsbodskapen var viktig. Forskarar anslår at jødane i det fyrste hundreåret utgjorde så mykje som ti prosent av folkesetnaden i Romarriket.

I forsamlingar i Jerusalem heldt ein nok fram med å setja Moseloven over romarretten. Og når me veit at det kom til ein stor romersk-jødisk krig på 130-talet, skjønar me at ikkje alle jødiske opprørsgrupper lét seg integrera i det romerske storsamfunnet.

Om me les Lukas slik, i ljos av Josefus, kan det vera uvant for oss å leggja merke til kven bodskapen om fred var retta til. Dei som vart oppmoda om å tilpassa seg og venda det andre kinnet til, var ikkje majoriteten og storsamfunnet, i dette høvet romarane. Nei, dei som vart bedne om å integrera seg og tilpassa seg ein for dei framand lov, var minoritetsgrupper med framandkulturell bakgrunn, i dette høvet judearane og galilearane.

Korleis enda det? Det veit me. Berre få hundreår seinare hadde ei vidareutvikling av læra til galilearen vorte statsreligion i Romarriket. Det hadde truleg forbausa judearen Josefus. Men kan henda ikkje galilearen.

Joleevangeliet

Evangeliet etter Lukas, kapittel 2, vers 1–20

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.

Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.

Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: ’Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.’ Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:

’Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske Gud har glede i!’

Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: ’Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.’ Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde. Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis