Holbergs første komediekritikar
København med bymurar i 1795. I midten Kongens Nytorv, der Povel Juel vart avretta. Femkanten oppe til høgre er Kastellet, der Gustav Vilhelm Coyet sat fengsla.
Kronikk
Då den norske diktaren Povel Juel vart halshoggen på Kongens Nytorv i mars 1723, spara dei livet til ein medsamansvoren. I fengselet skreiv han den tidlegaste kritikken av Holbergs komediar.
I Dag og Tid nr. 9 og 10 fortalde Håvard Rem den spennande historia om Povel Juel (1673–1723), som vart dømd og avretta i København for å ha konspirert med stormaktene om å skilje Noreg, Island, Grønland og Færøyane frå Danmark. Her fortel eg om Juels medsamansvorne, den svenske baronen og godseigaren Gustaf Vilhelm Coyet (1678–1730), som sat fengsla på Kastellet festning i København frå mars 1723 til han døydde.
Les «Ein halshoggen nordlenging» og «Språkpolitikar og separatist»
Coyet var i teateret då Holberg debuterte hausten 1722. I fengselet las han dei tre første binda med komediar (1723–25) og skreiv kunnige vurderingar som samtida aldri fekk sjå, men som vart funne 200 år seinare. Coyet hadde vore generalmajor på svensk side under den store nordiske krigen (1700–21), som Holberg let Jeppe ta del i på dansk side. Kva meinte Coyet om Jeppe?
Eit teaterhistorisk skifte
Utanom Holberg er Coyet den einaste kjelda som seier noko om korleis samtida opplevde eit viktig teaterhistorisk skifte:
«Anno 1722 begynte man i Köpenhamn at spehla danska Comoedier, hvilka till en dehl af fransyskan, i synnerhet af Molieres Comoedier blefwe verserade, till en dehl ochså af andra, men kennerligan af Hr. Professor Holberg nye componerade. Sålänge jag war i Friheten, försiömmade jag sällan at gå på dessa danska Comedier, hvilka mig mycket behagade, både för Acteurernes godhets skiöld, som ochså för det jag fant det danska språket öfwermåttan propre och lyckligt dans le Comique.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.