Kommentar
Cuba framfor kollaps?
Den cubanske nasjonen lir no av den kanskje største systemkrisa sidan kolonitida.
Teikning: May Linn Clement
Ein novemberkald sundagskveld gjekk eit stille fakkeltog ut frå ein storslått seremoni på Den Nasjonale Scene i Bergen for å feire årets vinnar av Rafto-prisen for menneskerettar, med eit stort cubansk flagg først i prosesjonen. Prisen gjekk i år til den cubanske kunstaktivisten Luis Manuel Otero Alcántara (36) for den langvarige og modige kampen hans for ytringsfridom på Cuba.
Alcántara er ein av rundt 1100 politiske fangar på Cuba. Brotsverket hans dreier seg om samfunnskritikk basert på systematisk satire. Ja, beint fram utdriting av den cubanske makteliten. Men bak dette ligg den største freistnaden på opprør sidan revolusjonen i 1959.
Den 11. juli 2021 gjekk tusenvis av cubanarar over heile landet spontant ut i gatene og demonstrerte for fridom og demokrati. Alcántara var ein nøkkelperson i San Isidro-rørsla av kunstnarar, som via internett spelte ei hovudrolle bak demonstrasjonane.
Etter at regimet brutalt slo ned protestane og tok kontroll over internett, har det ikkje vore mogleg å gjenta liknande aksjonar. Aktivistane er fengsla eller dratt i eksil. Den stadig aukande misnøya finn inga form for å komme ope til uttrykk.
Demokratimangel
Slik eg ser det, var Cuba ein gong den einaste velferdsstaten i Latin-Amerika, med helse, utdanning og sosial tryggleik for alle. Landet stod opp mot, og slo faktisk attende, USA-imperialismen då han freista invadere, i Grisebukta. Men med sjølverklært rett til å behalde uimotsagt hegemoni i den vestlege hemisfæren tok USA revansj gjennom å påføre Cuba drakoniske sanksjonar, i kraft til denne dag sjølv om heile verdssamfunnet kvart år fordømmer det i FN.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.