JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2377
20170915
2377
20170915

EUROPA-MINISTEREN

«Europapolitikken er blant dei viktigaste delane av utanrikspolitikken,» seier generalsekretær i Kristeleg Folkeparti Hilde Frafjord Johnsen i Dag og Tid 8.09. Men ho tek heilt feil, og difor har det òg vore heilt rett av regjeringa til Erna Solberg å halde seg med ein eigen EU- og EØS-minister. Berre synd at denne viktige posten har vorte flytta frå Statsministerens kontor til Utanriksdepartementet, for alle dei rundt 75 avtalane Noreg har med EU, ikkje minst den viktigaste av dei, EØS-avtala, er sektorvise avtaler knytt til dei einskilde departementas verksemd. Dei har ikkje noko med utanrikspolitikk å gjere.

I EU finns det to institusjonar som gjer bindande politiske vedtak. Det er Europaparlamentet, som er satt saman av partigrupper lik dei nasjonale parlamenta i medlemsstatane, og Rådet for Den europeiske union, kor representantar frå dei einskilde regjeringane i medlemsstatane sitt. I mest alle saker tek dei to institusjonane avgjerdslar saman, men i Rådet sit ikkje faste representantar som i Parlamentet, men fagministrane frå medlemsstatane avhengig av kva sak dei skal vedta. Om det er utdanningssakar, kjem utdanningsministrane til Brussel, om det er finansielle saker er det finansministrane som representerer medlemsstatane og så bortetter. Slik òg for saker knytt til den sameinte utanriks- og forsvarspolitikken hjå EU.

Det er altså ikkje slik kritikarane av Solberg-regjeringas EU- og EØS-minister trur, at EU-samarbeidet er eit utanrikspolitisk samarbeid. Difor høyrer heller ikkje dei sakene som kjem frå EU til Noreg gjennom EØS-avtalen og andre avtalar me har med EU heime i Utanriksdepartementet. Etter 25 år skulle me tru at politikarar på toppen av hierarkiet her heime hadde skjønt dette, ikkje minst ein politikar som Jonas Gahr Støre. Han meiner opprettinga av denne stillinga var eit feilgrep, sjølv om ein Difi-rapport frå 2016 syner at norsk EØS-forvaltning har vorte meir profesjonell med dagens ordning: «De fleste sektorene har velfungerende systemer på plass for å håndtere EØS-saker på samme måte som andre saker.» Det er difor ingen grunn til at utanriksministeren tek over dette ansvaret, korkje fagleg eller politisk.

Jan Erik Grindheim er fyrsteamanuensis ved Høgskolen i Sørøst-Norge, statsvitar i tankesmia Civita og leiar i Europarørsla i Noreg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis