Skjerm

Direktøren svarer ikkje på oppgåva

Spelet Minecraft er del av standardutrustinga på iPadane og PC-ane for elevar i Oslo-skulane.
Publisert Sist oppdatert

Takk til direktør Marius Arnason Bøe i Utdanningsetaten for innlegget «En måte å lære på» (Dag og Tid 30. januar), som svar på kommentarartikkelen min «Distraksjon er obligatorisk i Oslo-skulen» (23. januar). 

Dessverre ser det ikkje ut til at Bøe har reflektert over innhaldet i kritikken, sidan han ikkje har teke seg tid til å skrive svarinnlegget sjølv. Store delar av teksten er nemleg kopiert ordrett frå e-postsvara som eg tidlegare har fått frå Linda Sørfjord, nestleiar for kommunikasjon i etaten («Ein serie forsøk på å få svar», Dag og Tid 23. januar).

Eg hadde håpa på eit innlegg som viser større evne til det lærarar kallar sjølvstendig refleksjon, ikkje kopiering av talepunkt. Men eg er glad for at Bøe skriv dette: «Vi er i likhet med Todal opptatt av at elevene skal ha en skolehverdag uten for mange distraksjoner.»

Der er vi samde. Difor håpar eg at direktøren kan svare på tre konkrete spørsmål:

1. Kvifor skal ikkje foreldre, lærarar eller rektorar ha høve til fjerne spelet Minecraft Education frå dei digitale einingane til elevane, om dei meiner at det er ein distraksjon og har liten pedagogisk nytteverdi?

2. Utdanningsetaten har eit filter som skal blokkere dataspel, Instagram, YouTube, Jodel og strøymetenester på nettbretta for barneskulen. Sidan etaten tydelegvis ser at slike tilbod kan vere ein distraksjon – kvifor ikkje bruke det same filteret i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement