Ein serie forsøk på å få svar
Kvifor må elevar i Oslo-skulen sikrast tilgang til dataspel og andre distraksjonar på skulemaskinene? Slik svarte Utdanningsetaten.
I forarbeidet til kommentaren « Når distraksjon er obligatorisk » (Dag og Tid 22. januar) hadde eg i fjor ein lang korrespondanse på e-post med Utdanningsetaten i Oslo. Målet var mellom anna å finne ut kvifor spelet Minecraft er ein del av standardutrustinga på alle iPadar og skule-PC-ar i Osloskolen. Eg ville òg finne ut kvifor etaten ikkje vil bruke nettfilter som blokkerer spel, sosiale medium og strøymetenester på elevdatamaskinene i ungdomsskulen, sidan dette er kjelder til distraksjon.
Utdanningsetaten ønskte ikkje å stille til munnlege intervju, og ville berre svare via e-post. For å yte full rettferd til svara frå etaten legg eg her ved heile e-postkorrespondansen, som strekte seg frå 11. november til 19. desember.
Frå: Per Anders Todal, 11. november
Til Utdanningsetaten,
Per Anders Todal i avisa Dag og Tid her. Eg har nokre spørsmål om Minecraft Education som eg håpar de kan hjelpe med.
– Stemmer det at dette spelet er ein del av standardpakka til Utdanningsetaten med nedlastbare program for skule-PC-ane i Oslo?
– Kva klassetrinn skal ha Minecraft tilgjengeleg, etter etatens opplegg?
– Om ein lærar opplever at Minecraft er ein distraksjon for elevane når dei skal jobbe med fag, kan læraren da få fjerna dette spelet frå PC-ane til klassen?
– Om ein skule ønsker å få fjerna Minecraft frå PC-ane, kan da skulen styre det sjølv?
– Eller er det berre Utdanningsetaten sentralt som styrer kva program som skal vere tilgjengelege for elevane?
– Kva er grunnen til at Utdanningsetaten vil at Minecraft skal vere tilgjengeleg for elevane på skule-PC-en?
– Har de vurdert om dette kan vere ein distraksjon for elevane i skulearbeidet?
Eg er takksam for svar.
Beste helsing Per Anders
Frå: Per Anders Todal, 14. november
Til Utdanningsetaten,
Eg kan ikkje sjå at eg har fått svar på forespørselen eg sende på tysdag. Kan de A) stadfeste at brevet er motteke og B) seie noko om kor lang tid det vil ta å svare?
Venleg helsing Per Anders
Frå: kommunikasjonsrådgjevar Andrea Mikalsen Rodriguez, 17. november
Hei,
under ser du svar på spørsmålene dine. Du kan sitere divisjonsdirektør Trond Helle Ingebretsen.
Stemmer det at dette spelet er ein del av standardpakka til Utdanningsetaten med nedlastbare program for skule-PC-ane i Oslo?
I Osloskolen gjør vi en grundig vurdering før læremidler og verktøy godkjennes for bruk i undervisningen. Per i dag er det 227 digitale læremidler og verktøy som er godkjente. Minecraft Education er et av dem, og er dermed en del av programvaren for skole-PC-ene i Osloskolen. På denne siden er det en oversikt over digitale læremidler og verktøy: Søk i digitale læremidler og verktøy.
Kva klassetrinn skal ha Minecraft tilgjengeleg, etter etatens opplegg?
Alle klassetrinn har tilgang til Minecraft Education, som er noe annet enn Minecraft for privat bruk, på skolePC-en. Det er læreren som bestemmer hvilke verktøy og læremidler som skal brukes når og til hva. Vi har høy tillit til at lærerne våre bruker de mest hensiktsmessige læringsressursene for sine elever avhengig av undervisningssituasjonen.
Om ein lærar opplever at Minecraft er ein distraksjon for elevane når dei skal jobbe med fag, kan læraren da få fjerna dette spelet frå pcane til klassen?
Det kan være mange grunner til at en elev blir distrahert. Våre lærere har kompetanse til å håndtere distraksjoner i klasserommet. For eksempel, hvis en lærer opplever at Minecraft Education benyttes når det ikke skal, kan læreren be eleven om å legge fra seg PC-en eller skru av tilgangen til internett.
Om ein skule ønsker å få fjerna Minecraft frå PC-ane, kan da skulen styre det sjølv? Eller er det berre Utdanningsetaten sentralt som styrer kva program som skal vere tilgjengelege for elevane?
Det er vi sentralt i Utdanningsadministrasjonen som styrer hvilke digitale læringsressurser elevene og skolene skal ha tilgang til. Dette gjør vi for å sikre at personvernet til elevene blir ivaretatt, og for å kunne gi råd om bruken i klasserommene.
Kva er grunnen til at Utdanningsetaten vil at Minecraft skal vere tilgjengeleg for elevane på skule-PC-en?
Minecraft Education er et pedagogisk verktøy som støtter arbeid med fag som matematikk, naturfag, samfunnsfag, språk og digital kompetanse. Variasjon i undervisningen og tilgang til et bredt utvalg av læringsressurser og læremidler bidrar til tilpasset opplæring, motivasjon, trivsel og mestring.
Har de vurdert om dette kan vere ein distraksjon for elevane i skulearbeidet?
Våre lærere har tilgang til et stort mangfold av digitale læringsressurser og læremidler som de kan benytte i undervisningen. Våre lærere har kompetanse til å gjøre kloke valg i klasserommet basert på hens kunnskap om eleven og klassen, og som er best i stand til å velge riktige digitale verktøy og læremidler for å sørge for tilpasset opplæring, trivsel, motivasjon og mestring.
På barnevakten.no er det en artikkel som både forklarer forskjellen på Minecraft og Minecraft education, og hvordan Minecraft education kan brukes i undervisningen.
Frå: Per Anders Todal, 18. november:
Takk for svar. Dette er eit godt utgangspunkt. Eg ser at det trengst nokre oppfølgingsspørsmål. Kan det passe for Ingebretsen med eit intervju på fredag? Dette er meir effektivt å gjere munnleg, så slepp vi lange rundar på e-post med presisering.
Venleg helsing Per Anders
Frå: Per Anders Todal, 26. november:
Hei – eg fekk ikkje noko svar på denne. Når passar det for Ingebretsen med eit oppfølgingsintervju?
Venleg helsing Per Anders
Frå: Andrea Mikalsen Rodriguez, 26. november:
Hei, beklager sent svar. Vi ønsker heller å få oppfølgingsspørsmålene skriftlig, og håper det kan la seg gjøre.
Hilsen Andrea
Frå: Per Anders Todal, 26. november
Takk. Det kan det. Men da blir det ofte fleire rundar og unødig tidsbruk for alle partar. Munnleg er det gjort på ti minutt.
PA
Frå: Andrea Mikalsen Rodriguez, 26. november
Ja, men vi ber likevel om det skriftlig. Takk.
Andrea
Frå: Per Anders Todal, 26. november
OK.
1. Om ein lærar opplever at Minecraft er ein distraksjon for elevane når dei skal jobbe med fag, kan læraren da få fjerna dette spelet frå PC-ane til klassen permanent? (Det er eit ja/nei-spørsmål.)
2. I førre e-post skreiv du: «Det er vi sentralt i Utdanningsadministrasjonen som styrer hvilke digitale læringsressurser elevene og skolene skal ha tilgang til.»
Eg tolkar det slik at det er umogleg for ein lærar eller ein skule i Oslo å få fjerna Minecraft frå PC-ane, sjølv om dei skulle ønske det av pedagogiske grunnar. Burde det ikkje vere opp til lærar eller rektor å avgjere kva som skal vere tilgjengeleg på skule-PC-ane? (Det er òg eit ja/nei-spørsmål.)
3. Lærarar skal ha metodefridom, og det må vel òg innebere fridom til å velje BORT læremiddel som ikkje fungerer. Kvifor skal ikkje skule eller lærar kunne avgjere dette sjølv?
4. Har Utdanningsetaten vurdert om Minecraft kan vere ein distraksjon for elevane i skulearbeidet, og er til meir skade før læringa enn nytte? (Ja/nei.)
5. Om dette er vurdert – er det i så fall mogleg å få sjå vurderinga eller konklusjonen dykkar skriftleg?
6. Spel som Minecraft kan vere ein distraksjon også utanfor skulen, når elevane skal bruke skule-PC-en til å gjere lekser. Har Utdanningsetaten tenkt over dette problemet før de bestemte at Minecraft skal vere ein del av programvaren til skule-PC-ane i Oslo? (Ja/nei.)
7. Kven i Utdanningsetaten avgjer kva programvare som skal vere på skule-PC-ane? Er det enkeltpersonar, ei arbeidsgruppe eller liknande?
Eg er takksam for svar. Det er fint om de les spørsmåla nøye før de svarer, så kan vi spare ekstrarundar med presisering.
Venleg helsing Per Anders
Frå: Linda Sørfjord, nestleiar for kommunikasjon, 3. desember
Hei
Her kommer svar på spørsmålene dine. Du kan sitere divisjonsdirektør Trond Ingebretsen.
Om ein lærar opplever at Minecraft er ein distraksjon for elevane når dei skal jobbe med fag, kan læraren da få fjerna dette spelet frå pcane til klassen permanent? (Det er eit ja/nei-spørsmål.)
Vi legger inn programvare som skal være tilgjengelig på skolene i vårt administrasjonssystem for PC-er. Lærere kan ikke styre installasjonen eller avinstallasjonen av programvare. Læreren har mulighet for å sperre eller begrense tilgangen til internett.
I førre e-post skreiv du: «Det er vi sentralt i Utdanningsadministrasjonen som styrer hvilke digitale læringsressurser elevene og skolene skal ha tilgang til.» Eg tolkar det slik at det er umogleg for ein lærar eller ein skule i Oslo å få fjerna Minecraft frå PC-ane, sjølv om dei skulle ønske det av pedagogiske grunnar. Burde det ikkje vere opp til lærar eller rektor å avgjere kva som skal vere tilgjengeleg på skule-PC-ane? (Det er òg eit ja/nei-spørsmål.)
Det er opp til læreren å bestemme hva som skal brukes av tilgjengelige digitale verktøy og læremidler i undervisningen. Læreren har også mulighet til å sperre tilgangen til internett.
Det finnes utallige digitale læringsmidler som potensielt kunne vært brukt i Oslo, og aktører som tar kontakt med lærere og skoler for å få innpass i våre klasserom. For å sikre elevenes personvern gjør vi i Utdanningsadministrasjonen en grundig gjennomgang av læringsmidlene for å sikre at elevenes personvern blir sikret. Dette er en jobb som ikke kan overlates til hver enkelt lærer eller skole.
Lærarar skal ha metodefridom, og det må vel òg innebere fridom til å velje BORT læremiddel som ikkje fungerer. Kvifor skal ikkje skule eller lærar kunne avgjere dette sjølv?
Lærerne har metodefrihet, og velger selv hvilke læremidler de ønsker å bruke.
Har Utdanningsetaten vurdert om Minecraft kan vere ein distraksjon for elevane i skulearbeidet, og er til meir skade for læringa enn nytte? (Ja/nei.)
Vi gjør kontinuerlig vurderinger om hva slags innhold som skal sperres for elevene. Vi sperrer for skadelig og uønsket innhold. Vurderingene gjør vi på bakgrunn av elevenes alder og modenhet, kompetansemål i læreplanen, pedagogiske vurderinger og vurderinger av personvern og informasjonssikkerhet.
Vi har sperret for spill på barnetrinnet, men vi har åpnet for pedagogiske spill. Minecraft Education er et spill som kan fungere godt som en del av læring i både matematikk, leseferdigheter og bærekraft. Elevene får øvd seg på problemløsning, kritisk tenkning, samarbeid og kommunikasjon.
Om dette er vurdert – er det i så fall mogleg å få sjå vurderinga eller konklusjonen dykkar skriftleg?
Du kan lese vurderingen av Minecraft her: Minecraft: Education
Spel som Minecraft kan vere ein distraksjon også utanfor skulen, når elevane skal bruke skule-PC-en til å gjere lekser. Har Utdanningsetaten tenkt over dette problemet før de bestemte at Minecraft skal vere ein del av programvaren til skule-PC-ane i Oslo? (Ja/nei.)
Foreldre på barnetrinnet har mulighet til å skru av internett hjemme, hvis de ønsker det.
Kven i Utdanningsetaten avgjer kva programvare som skal vere på skule-PC-ane? Er det enkeltpersonar, ei arbeidsgruppe eller liknande?
Det er ulike fagmiljøer som er involvert i denne vurderingen. Vi gjør løpende vurderinger, og dersom det er behov for det, løftes det til IKT-strategisk råd, som er sammensatt av pedagoger, jurister og teknologer.
Med vennlig hilsen
Linda Sørfjord
Nestleder – kommunikasjon
Frå: Per Anders Todal, 3. desember
Takk for svar. Dessverre er det igjen spørsmål som står ubesvart her, så vi må ta en runde til. Som før nemnt, ville det vore langt meir effektivt å gjere dette munnleg. Men vi får prøve igjen.
1. Eg skreiv: «Eg tolkar det slik at det er umogleg for ein lærar eller ein skule i Oslo å få fjerna Minecraft frå PC-ane, sjølv om dei skulle ønske det av pedagogiske grunnar. Burde det ikkje vere opp til lærar eller rektor å avgjere kva som skal vere tilgjengeleg på skule-PC-ane? (Det er òg eit ja/nei-spørsmål.)»
«Det er opp til læreren å bestemme hva som skal brukes av tilgjengelige digitale verktøy og læremidler i undervisningen. Læreren har også mulighet til å sperre tilgangen til internett. Det finnes utallige digitale læringsmidler som potensielt kunne vært brukt i Oslo, og aktører som tar kontakt med lærere og skoler for å få innpass i våre klasserom. For å sikre elevenes personvern gjør vi i Utdanningsadministrasjonen en grundig gjennomgang av læringsmidlene for å sikre at elevenes personvern blir sikret. Dette er en jobb som ikke kan overlates til hver enkelt lærer eller skole.»
Her unngår du spørsmålet. Dette handlar ikkje om personvern, og det handlar ikkje om at læraren skal LEGGE TIL noko på skule-PC-ane. Det handlar om å kunne FJERNE noko dersom lærarane ser det som ein distraksjon som hemmar læringa. Så eg spør igjen, med denne presiseringa:
Burde det ikkje vere opp til lærar eller rektor å avgjere kva som skal vere tilgjengeleg på skule-PC-ane, og fjerne programvare om dei meiner programmet berre er til distraksjon?
2. Eg skreiv: Lærarar skal ha metodefridom, og det må vel òg innebere fridom til å velje BORT læremiddel som ikkje fungerer. Kvifor skal ikkje skule eller lærar kunne avgjere dette sjølv?
«Lærerne har metodefrihet, og velger selv hvilke læremidler de ønsker å bruke.»
Igjen: Her svarer du på noko anna. Kvifor skal ikkje skule eller lærar kunne FJERNE noko som ikkje fungerer frå ein skule-PC?
3. Har Utdanningsetaten vurdert om Minecraft kan vere ein distraksjon for elevane i skulearbeidet, og er til meir skade før læringa enn nytte? (Ja/nei.)
Dette står framleis ubesvart. Spørsmålet er heller ikkje drøfta i teksten du lenka til. Der står det berre om dei positive sidene ved Minecraft.
4. Spel som Minecraft kan vere ein distraksjon også utanfor skulen, når elevane skal bruke skule-pcen til å gjere lekser. Har Utdanningsetaten tenkt over dette problemet før de bestemte at Minecraft skal vere ein del av programvaren til skule-pcane i Oslo? (Ja/nei.)
«Foreldre på barnetrinnet har mulighet til å skru av internett hjemme, hvis de ønsker det.»
Dette spørsmålet har du heller ikkje svart på. Om barna skal bruke PC-en til lekser, må dei ha nettilgang. Eg spør igjen: Har Utdanningsetaten tenkt over dette problemet før de bestemte at Minecraft skal vere ein del av programvaren til skule-PC-ane i Oslo? (Ja/nei.)
5. Kven i Utdanningsetaten avgjer kva programvare som skal vere på skule-PC-ane? Er det enkeltpersonar, ei arbeidsgruppe eller liknande?
«Det er ulike fagmiljøer som er involvert i denne vurderingen. Vi gjør løpende vurderinger, og dersom det er behov for det, løftes det til IKT-strategisk råd, som er sammensatt av pedagoger, jurister og teknologer.»
Oppfølgingsspørsmål: Kven er med i IKT-strategisk råd?
Venleg helsing Per Anders
Frå: Linda Sørfjord, 4. desember
Hei igjen
Osloskolen har godkjent en lang rekke digitale læremidler, digitale læringsressurser og digitale verktøy til bruk i skolen. Disse er godkjent med hensyn til at elevens personvern er i varetatt.
Vi har videre verktøy som læreren kan benytte for å skru av og på internettet i sin undervisning. Lærerne i Osloskolen driver også undervisning hvor den digitale enheten skal ligge i sekken, eller lukket igjen på pulten. Vi legger stor vekt på at lærerne skal ha en rik tilgang ulike læringsressurser. Vi har hverken planer eller ressurser til å bygge opp en individuell styring av hva som skal være tilgjengelig på Osloskolens ca. 90.000 digitale enheter. Vi har stor tillitt til at lærerne og de foresatte i stort håndtere dette på en god og klok måte.
Vennlig hilsen Linda
Frå: Per Anders Todal, 4. desember
Hei. Eg bad opphaveleg om eit munnleg intervju med Utdanningsetaten, sidan det kunne vore gjort på ti minutt med fortløpande oppfølgingsspørsmål. Her må eg dessverre repetere nokre av dei ubesvarte spørsmåla:
1. Det er sjølvsagt fornuftig at ikkje kvar lærar kan legge til program på skule-PC-ane. Men burde det ikkje vere opp til lærar eller rektor å FJERNE programvare frå ein skule-PC om dei meiner programmet berre er til distraksjon og til hinder for læring?
2. Har Utdanningsetaten vurdert om Minecraft kan vere ein distraksjon for elevane i skulearbeidet, og er til meir skade før læringa enn nytte? (Ja/nei.)
3. Spel som Minecraft kan vere ein distraksjon også utanfor skulen, når elevane skal bruke skule-PC-en til å gjere lekser. Har Utdanningsetaten tenkt over dette problemet før de bestemte at Minecraft skal vere ein del av programvaren til skule-PC-ane i Oslo? (Ja/nei.)
4. Kven er med i IKT-strategisk råd?
Venleg helsing Per Anders
Frå: Linda Sørfjord, 4. desember
Vi tenker at vi har svart på spørsmålene dine, og har ikke noe mer å tilføye utover det.
Hilsen LInda
Frå: Per Anders Todal, 4. desember
Om du faktisk les spørsmåla nøye, ser du at desse ikkje er besvarte. Gje det eit forsøk, er du snill.
Venleg helsing
Per Anders
Frå: Linda Sørfjord, 4. desember
Hei
Vi har ikke noe mer å tilføye her.
Linda
Frå: Per Anders Todal, 4. desember
OK.
Da må eg konkludere slik:
– Linda Sørfjord i Utdanningsetaten vil ikkje svare på om det burde vere opp til lærar eller rektor å fjerne programvare frå ein skule-PC om dei meiner programmet berre er til distraksjon og til hinder for læring.
– Ho vil heller ikkje svare på om Utdanningsetaten har vurdert om Minecraft kan vere ein distraksjon for elevane i skulearbeidet, og er til meir skade før læringa enn nytte.
– Sørfjord vil heller ikkje svare på om Utdanningsetaten har tenkt over problemet med at Minecraft kan vere ein distraksjon når elevane skal gjere lekser.
– Sørfjord vil ikkje opplyse kven som er med i IKT-strategisk råd.
Per Anders
Frå: Linda Sørfjord, 4. desember
Hei
Vi har allerede svart på spørsmålene dine. Jeg har lagt de til her på nytt. Utover dette, har ikke vi noe mer å legge til.
(Her gjentok Sørfjord svara sine frå 3. desember.)
Frå: Per Anders Todal, 4. desember
Dei første spørsmåla eg har sendt på nytt, var spesifikke ja/nei-spørsmål. Svara dine er generelle og svarer ikkje på det eg spurde om. Å gjenta eit ikkje-svar hjelper ikkje. Det er framleis eit ikkje-svar.
Spørsmålet om IKT-strategisk råd handla om kva personar som er med, ikkje fagbakgrunnen deira.
Per Anders
................
Det siste e-brevet svarte aldri Sørfjord på. Dermed var den første korrespondansen over. Men 15. desember tok eg opp tråden att, med eit anna tema som er eit enda større problem. For kvifor skal tusenvis av spel, strøymetenester som Netflix og ei lang rekke sosiale medium vere tilgjengelege via nettlesaren til skule-PC-ane i ungdomsskulen?
Frå: Per Anders Todal, 15. desember
Hei igjen. Eg har eitt spørsmål til om Minecraft:
Kor mykje betaler Oslo-skolen per år for alle Minecraft-lisensane til elevane?
I tillegg har eg eit anna spørsmål. Utdanningsetaten har nettfilter som blokkerer dataspelsider, sosiale medium og strøymetenester på maskinene for barneskulen. Kvifor brukar de ikkje det same filteret for ungdomsskulen?
Venleg helsing
Per Anders
Frå: Linda Sørfjord, 15. desember
Hei Per Anders
Her kommer svar på spørsmålene dine:
Kor mykje betaler Oslo-skolen pr år for alle Minecraft-lisensane til elevane?
Vi betaler ikke noe ekstra for Minecraft Education. Det er inkludert i EDU-lisensen elevene våre har.
Utdanningsetaten har nettfilter som blokkerer dataspelsider, sosiale medium og strøymetenester på maskinene for barneskulen. Kvifor brukar de ikkje det same filteret for ungdomsskulen?
De yngste elevene har strengere sperrer, mens dette åpnes gradvis opp jo eldre elevene blir. I Osloskolen har vi et tillatt-filter for elever på 1.–4. trinn. Elevene har kun tilgang til læremidler laget for undervisningen. Alt annet innhold vil være sperret på elevenes enheter. Fra 5. trinn har elevene tilgang til internett, med et nettfilter som blokkerer for skadelig innhold.
Vi jobber nå med en større gjennomgang av alle filtrene våre, der vi blant annet vil vurdere om vi skal gjøre endringer på hva elever på ungdomstrinnet og videregående skal ha tilgang til. Dette gjelder for eksempel om de eldste elevene skal ha tilgang til sosiale medier via skolens enheter.
Frå: Per Anders Todal, 15. desember
Takk for raskt svar. Men eg lurte på kvifor de ikkje brukar filteret for spel, strømming og sosiale medium på maskinene i ungdomsskulen?
Frå: Linda Sørfjord, 16. desember
Hei igjen
Vi jobber nå med en større gjennomgang av alle filtrene våre, også de du nevner her.
Hilsen Linda
Frå: Per Anders Todal, 16. desember
Ja. Men spørsmålet mitt er kvifor de ikkje innførte desse filtera for ungdomsskulen samtidig med barneskulen?
Frå: Linda Sørfjord, 16. desember
De yngste elevene har strengere sperrer, mens dette åpnes gradvis opp jo eldre elevene blir. Vi gjør kontinuerlig vurderinger av innhold og apper, og oppdaterer nettfilteret på bakgrunn av dette. Nå er vi i gang med et arbeid der vi vurderer om vi skal gjøre endringer på hva elever på ungdomstrinnet og videregående skal ha tilgang til.
Linda
Frå: Per Anders Todal, 16. desember
Men kva er grunnen til at de ikkje brukte dei same filtera for ungdomsskulen? Eg er interessert i grunngjevinga. Også ungdomsskuleelevar blir jo distraherte av spel og anna underhaldning på PC-en.
PA
Frå: Linda Sørfjord, 16. desember
Hei
I våre vurderinger legger vi vekt på at enhetene i Osloskolen skal være et arbeidsverktøy som skal brukes til læringsaktiviteter og skolearbeid, og at vi i størst mulig grad skal begrense skadelig og uønsket innhold. I vurderingene i hva som skal være tilgjengelig, tar vi utgangspunkt i elevenes alder og modenhet, kompetansemålene i læreplanen, pedagogiske vurderinger og rammene skoleeier har satt, som vurderinger av personvern og informasjonssikkerhet. Innenfor dette er vi opptatt av å finne en balanse mellom elevens behov for å kunne bruke internett, søke å finne informasjon og bygge digitale dømmekraft, opp mot elevenes behov for å bli beskyttet for skadelig innhold.
Linda
Frå: Per Anders Todal, 16. desember
Alt dette er vel og bra. Men eg bed om eit konkret, klart svar på akkurat dette: Kva er grunnen til at de ikkje brukte dei same filtera for ungdomsskulen som for barneskulen? Det kunne jo fjerna distraksjonar også for ungdomsskuleelevane?
Frå: Per Anders Todal, 19. desember
Hei – eg har ikkje fått noko svar på det siste spørsmålet mitt, så vidt eg kan sjå. Når de har filter for spel, strømming og sosiale medium for barneskulen, kvifor brukar de ikkje desse filtera for datamaskinene i ungdomsskulen?
Venleg helsing Per Anders
Frå: Linda Sørfjord, 16. desember
Jeg opplever at vi har svart på spørsmålet ditt allerede.
De yngste elevene har strengere sperrer, mens dette åpnes gradvis opp jo eldre elevene blir. I vurderingene i hva som skal være tilgjengelig, tar vi utgangspunkt i elevenes alder og modenhet, kompetansemålene i læreplanen, pedagogiske vurderinger og rammene skoleeier har satt, som vurderinger av personvern og informasjonssikkerhet. Innenfor dette er vi opptatt av å finne en balanse mellom elevens behov for å kunne bruke internett, søke å finne informasjon og bygge digitale dømmekraft, opp mot elevenes behov for å bli beskyttet for skadelig innhold.
Hilsen Linda
Frå: Per Anders Todal, 19. desember
Det hjelper ikkje at du opplever at du har svart, dessverre. For du svarer på noko anna enn eg spør om. Les spørsmålet nøye: Eg bed om ei grunngjeving.
Når de har filter for spel, strømming og sosiale medium for barneskulen, kvifor brukar de ikkje desse filtera for datamaskinene i ungdomsskulen?
Om du vil, kan eg utdjupe spørsmålet: Dersom de meiner det er ein fordel for elevar i barneskulen at desse distraksjonane ikkje er tilgjengelege – kvifor skulle det ikkje vere ein fordel også for elevar i ungdomsskulen? Dei blir vel også distraherte av å ha tilgang til spel, strømming og sosiale medium på PC-ane?
PA
Dette e-brevet kom det ikkje noko svar på.