Kommentar

Distraksjon er obligatorisk i Oslo-skulen

Medan foreldra kjempar for å avgrense skjermbruken, sikrar skulane barna tilgang til Minecraft, YouTube og strøymetenester.

  

Spelet Minecraft (i ein versjon kalla Education Edition) er del av standardutrustinga på iPadane og PC-ane for elevar i Oslo-skulane.
Publisert Sist oppdatert

Som dei fleste no veit, kjempar foreldre ein fortvilt kamp for å berge konsentrasjonsevna til ungane sine. Vi er på vikande front overfor dei mektigaste selskapa i verda, som tener milliardar på å halde barn og unge konstant pålogga, distraherte og avhengige. Dette gjer vilkåra for læring, lesing, strukturert arbeid og systematisk tenking ekstremt vanskelege. Resultata i skulen er kjende: fallande leseevne, mindre uthaldande elevar, svekt motivasjon, dårlegare allmennkunnskapar.

I denne kampen skulle ein tru at den offentlege skulen var på same side som foreldra. Men slik er det ikkje. I alle fall ikkje i Oslo, der eg sjølv har hatt barn i skulen i snart ti år. Alle som ønsker å redusere distraksjonane, blir dagleg undergravne av den offentlege skulen. I privatlivet kan vi blokkere TikTok, utsetje smarttelefonkjøpet og avgrense skjermtida. Men vi er makteslause overfor Utdanningsetaten, som sikrar barna tilgang til Minecraft, YouTube, såkalla sosiale medium og tusenvis av nettbaserte spel på skulens PC-ar og nettbrett.

Dette er ein kommentar skriven i fortviling.

For det første: Utdanningsetaten har utstyrt alle skule-PC-ar og iPadar med spelet Minecraft. Dette er det mest selde dataspelet gjennom tidene, eigd av Microsoft, og treng knapt kommunal støtte. Eg har ingenting imot Minecraft i seg sjølv. Det er eit ganske sofistikert spel der du kan lage byggverk i tredimensjonale landskap, og det kan brukast meir kreativt enn dataspel flest. Men det er like fullt eit dataspel.

Oslo-skulen brukar varianten med det kløktig uttenkte namnet «Minecraft Education». Denne versjonen legg til rette for fagleg relevante oppgåver i til dømes geometri, koding eller historie («korleis levde folk i steinalderen»).

Men det er òg mogleg å nytte spelet som rein underhaldning. Eg kan ikkje bevise det, men mistenker sterkt at det i all hovudsak er slik det blir brukt – til dømes når læraren gjev elevane speletid i Minecraft på det såkalla læringsbrettet – altså iPaden – som premie på slutten av dagen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement