ETYMOLOGI
I Dag og Tid nr. 32 skriv Håvard Rem at Catalonia kjem av Gotalania = gotaranes land, og at Andalucia er etter vandalane – (V)andalucia, germanske folkeslag. Men her finst det mange tolkingar.
Endinga -lunya i Catalunya peiker på latin: Gotia longa, «det store Gotia», i motsetning til det seinare «lille Gotia.» Ein keltisk stamme som kom nordfra og busette seg i området – catalauni – kan òg liggja til grunn. Ein annan stamme – catu-vallauni - er òg inne i biletet. Og til sist eit iberisk folk på staden – Lacetani – som ved ombytting (metatese) kan ha blitt til Katelans og deretter Catalans. Ikkje heilt greitt, dette.
Andalucia: Lingvistar seier at Vandalucia umogleg kan ha blitt til det arabiske Al-Andalus. I dag ser det ut til at ekspertane samlar seg om følgjande tolking fra den tyske forskaren Heinz Halm: Det gotiske «landa-hlaufs» (altså likevel germansk). Via «landa-lus» blei dette til Al-Andalus og dagens Andalucia.
Men kva tyder så «landa-hlaufs»? Jo, det tyder lands-lott, gotarane trakk lodd om landområde, og landslotten i sør blei altså til Andalucia.
Ikkje nett det ein hadde trudd!
Når Rem nemner germanske folk som strøymde ut over Europa og blei opphav til namn, så kunne han òg tatt med det «største» dømet: Frank(er)riket.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
ETYMOLOGI
I Dag og Tid nr. 32 skriv Håvard Rem at Catalonia kjem av Gotalania = gotaranes land, og at Andalucia er etter vandalane – (V)andalucia, germanske folkeslag. Men her finst det mange tolkingar.
Endinga -lunya i Catalunya peiker på latin: Gotia longa, «det store Gotia», i motsetning til det seinare «lille Gotia.» Ein keltisk stamme som kom nordfra og busette seg i området – catalauni – kan òg liggja til grunn. Ein annan stamme – catu-vallauni - er òg inne i biletet. Og til sist eit iberisk folk på staden – Lacetani – som ved ombytting (metatese) kan ha blitt til Katelans og deretter Catalans. Ikkje heilt greitt, dette.
Andalucia: Lingvistar seier at Vandalucia umogleg kan ha blitt til det arabiske Al-Andalus. I dag ser det ut til at ekspertane samlar seg om følgjande tolking fra den tyske forskaren Heinz Halm: Det gotiske «landa-hlaufs» (altså likevel germansk). Via «landa-lus» blei dette til Al-Andalus og dagens Andalucia.
Men kva tyder så «landa-hlaufs»? Jo, det tyder lands-lott, gotarane trakk lodd om landområde, og landslotten i sør blei altså til Andalucia.
Ikkje nett det ein hadde trudd!
Når Rem nemner germanske folk som strøymde ut over Europa og blei opphav til namn, så kunne han òg tatt med det «største» dømet: Frank(er)riket.
Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.