JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Ærlege USA, falske Noreg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2204
20181207
2204
20181207

Klimarekneskapen

Paul Krugman feller ein hard dom over USA-presidenten og hans utspel i saker som gjeld klima og utslepp. Sikkert med rette.

Men på eit viktig punkt er USA betre enn Noreg. Deira klimapolitikk er forankra i ein klimarekneskap som er meir ærleg og realistisk enn den norske.

Fyrst gjeld dette utsleppa frå dagens mobilitet, frå trafikk med bilar og fly. Biltrafikken i både USA og Noreg er enorm. For mange år sidan køyrde eit oljeselskap ein kampanje i USA der det heitte: «Take to the road for fun.» I bilspaltene i norske aviser og tidsskrift finn me no den same haldninga. Men i rekneskapen er her ein skilnad: USA er ein stor bilprodusent, og difor kjem utsleppa frå produksjon og frakt av nye bilar med i deira rekneskap. Medan Noreg står for rekordimport av nye bilar, og ein import av hundre tusen nye bilar gjev null utslepp i vår rekneskap.

Det same gjeld fly og flytrafikk. I USA byggjer dei sine eigne fly, og utsleppa frå denne produksjonen tel med i deira klimarekneskap. Men når me set oss inn i eit fly, veit me at flykroppen står for null utslepp: Me kjøper no fly for milliardar i Noreg, men utsleppa frå flyproduksjonen kjem i andre land.

Så til det norske folkelivet. Til Syden er det kvart år ei folkevandring – og utsleppa kjem då «der nede». Og berre ein del av sjølve flyturen dit vert rekna med i vår rekneskap. Om me reiser svært langt, som til Bali, vert svært lite av utsleppa rekna med. Også i USA reiser dei til varmen, men gjerne til Florida eller California. Alle utslepp kjem då innanlands, og vert rekna med.

Det same gjeld svenskehandelen. Me handlar for milliardar i grannelandet, og utsleppa knytte til dette kjem nok ikkje i vår klimarekneskap, men i den svenske. Til og med frå Vest-Telemark reiser dei dit av og til. «Også me må få del i goda», sa ein kar til meg. Me sat på verandaen hans med nokre boksar svensk pils. Som alle andre hadde han òg fylt opp biltanken med diesel der borte, og han hadde meir diesel på tanken då han kom heim att, enn då han reiste frå Seljord. Med dette hadde bilturen til Sverige gjeve såkalla «negative utslepp», vart me samde om – då rekna i den norske klimarekneskapen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis