JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Alt dette var framleis ikkje nødvendig

Tilnærminga Martin Krasnik står for – velvilje, forståing, mild kritikk – har vore brukt av Vesten i fleire tiår. Denne tilnærminga har ikkje verka så langt, og kjem sannsynlegvis ikkje til å gjere det i framtida.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ruinar etter Al Shifa-sjukehuset, som var det største og mest avanserte sjukehuset i Gaza by, fotografert 6. april, etter at israelske styrkar trekte seg ut.

Foto: Tedros Adhanom Ghebreyesus / Reuters / NTB

13613
20240412
13613
20240412

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Midtausten

I Dag og Tid sist veke reagerte Martin Krasnik, redaktør i danske Weekendavisen, på mitt essay «Alt dette var ikkje nødvendig» (Dag og Tid, 22. mars 2024). Der kritiserte eg mellom anna Krasniks påstandar om at Noreg er det mest israelkritiske landet i Vesten. Eg freista å vise at Krasniks tesar ikkje toler ei nærare gransking, at dei ikkje held mål verken logisk eller empirisk. Til dømes er Irland – som sist veke gav Sør-Afrika støtte i folkemordsaka mot Israel – meir kritisk enn Noreg. Island, Spania og Sverige står fram som minst like kritiske. Denne veka lufta òg Frankrike moglege EU-sanksjonar mot Israel. Til og med Jo Biden og USA er i ferd med å gå tom for Israel-orsakingar, og det seier ikkje så reint lite.

Eg har også store problem med å sjå kva som er gale med utsegnene til norske politikarar, eller med at dei var tidleg ute med å krevje humanitær våpenkvile. No har sjølv FNs tryggingsråd gjort det – utan at Israel bryr seg. Krasnik har rett i at norske politikarar lenge har hatt «fantomsmerter» etter Oslo-prosessen. Men dette har gitt stikk motsett verknad enn Krasnik trur. For norsk UD, og skiftande parti i regjering, har om noko vore langt mindre kritisk til Israel enn dei elles ville vore. Det er fordi fred i Midtausten har vore ein karriereveg i UD, og ein har halde fast på illusjonen om at det er eit slags liv i Oslo-prosessen, lenge etter at han var stein død. Noreg har gått rundt på tærne for ikkje å fornærme Israel.

Med den siste krigen synest denne fasen rett nok å vere over. Utanriksminister Espen Barth Eide har ofte brukt eit klart språk, eit som er meir på linje med veljarane hans. Og det er sjølvsagt positivt.

I svaret sitt skriv Krasnik lite eller ingenting om min kritikk av hans påstandar om Noreg. Det er som om han har gitt opp å forsvare dei, og det trur eg er like greitt. I staden freistar han å polemisere mot andre sider av essayet mitt. Derfor skal også resten av svaret mitt til Krasnik handle om desse innvendingane.

Krasnik meiner at eg alt med tittelen «Alt dette var ikkje nødvendig» bryt med essaysjangerens lover. For eg konkluderer alt der med at massedrapa og dei vanvitige øydeleggingane i Gaza ikkje er nødvendige. Men essayet er ein humanistisk sjanger, og eg trur ikkje nokon humanist, mellom Montaigne og meg, ville ha hevda at alt det som har skjedd i Gaza, faktisk er nødvendig. Berre blant Israels ivrigaste støttespelarar vil ein slik konklusjon vere mogleg. Og som Krasnik har bite seg merke i, høyrer eg ikkje til den gruppa.

Martin Krasnik (t.v.) og Morten Strøksnes (t.h.).

Weekendavisen / Dreyers Forlag / Baard Henriksen / Oktober

Gjer han? Krasnik skriv at eg «viser ikkje den minste interesse for den historiske og ideologiske bakgrunnen for åtaket». Men gode Krasnik, det er akkurat dette essayet mitt handlar om. Det kunne ha vore tittelen, men det er berre ingressen. Forskjellen mellom oss er at eg ser Hamas som eit direkte produkt av Israels 57 år lange okkupasjon, kolonisering, apartheidstyre og brutale undertrykking. Det er derfor denne terrororganisasjonen finst. Berre så det er sagt: Eg er heilt einig med Krasnik i at terrorangrep mot sivile er heilt uakseptabelt. Samstundes blir det heilt meiningslaust å sjå Hamas’ ideologi uavhengig av Israels okkupasjon og undertrykking av palestinarane.

I essayet freistar eg å vise korleis Netanyahu har lefla med Hamas, som passa inn i den israelske statsministerens mål om å knuse alle tilløp til ein palestinsk stat. Lat meg legge til at Israel støtta opp om Hamas heilt frå starten, da dei hadde full kontroll på Gazastripa, for å drive splitt og hersk blant palestinarane og svekke PLO.

Krasniks neste poeng er at antisemittisme er heilt sentralt for den arabiske og palestinske motstandskampen mot Israel, og at dette jødehatet er «ein drivar i den valdelege motstanden mot jødiske sivile før og etter at Israel vart grunnlagt». Etter mitt syn har denne polemikken, denne nazifiseringa av palestinarane, eit klart føremål: å unnskylde Israel. Motstanden til palestinarane mot kolonisering og okkupasjon er ikkje driven av eit irrasjonelt, urgammalt jødehat, av den typen som ofte har blussa opp i europeisk historie. Han er driven av konkret og forståeleg motstand mot at folk kom frå Europa med det eksplisitte føremålet å skape ein jødisk stat på deira land, med hjelp av europeiske kolonimakter.

Ja, du veit, eit land utan folk til eit folk utan land. Ein treng ikkje antisemittisme for å forklare motstanden mot dette. Og dei aller fleste ville utvikla eit hat mot ein stat som har handsama dei så brutalt over så lang tid, og gjort store delar av den opphavlege befolkninga til dei uslaste blant flyktningar, etter at dei blei utsette for ei lenge planlagd etnisk reinsing. Eg nektar sjølvsagt ikkje for at det finst antisemittisme i Hamas. Men det er ikkje denne rasismen, eller den utbreidde israelske rasismen mot palestinarar (langt inn i dagens regjering), som er grunnen til konflikten. Dei er følgjefenomen.

Krasnik vil òg at eg skulle skrive meir om dei «arabiske krigane mot Israel eller Hamas-terroren som smadra Oslo-prosessen». Men om eg hadde gått gjennom krigshistorikken etter 1948, ville det handla om at Israel faktisk har starta alle krigar, bortsett frå jom kippur-krigen i 1973. Ja, eg veit at Israel alltid har hevda at det eigentleg ikkje var dei som starta i 1967, fordi dei var i ferd med å bli angripne og måtte slå til først. Men så godt som alle som startar krigar, hevdar at deira krig er «preventiv» – utan at slike påstandar gjer dei legitime. Ekspertar på diplomatisk historie som har studert det relevante arkivmaterialet, har i ettertid også vist at det er gode grunnar til å tvile på at Egypt hadde reelle planar om å gå til krig mot Israel.

Og var det verkeleg Hamas som smadra Oslo-prosessen? Knesset vedtok at dei ikkje skulle gi opp koloniane, ikkje trekke seg tilbake til «den grøne linja», og ikkje gi palestinarane ein sjølvstendig stat (berre sjølvstyre). Shimon Peres gjekk rundt og skrytte av korleis dei hadde narra palestinarane.

Da den andre intifadaen braut ut i 2000, var det fordi palestinarane, fem år etter at Oslo II var signert, opplevde få eller ingen teikn til betring. Som minister for infrastruktur hadde Ariel Sharon intensivert bygginga av busettingar. Annektering av det som skulle vere palestinsk land, og av naturressursar som vatn, heldt fram utan stans.

I 2002 knuste Sharon, no som statsminister, styresmaktene i dei palestinske områda, i tillegg til det meste av infrastrukturen som var bygd opp (i det som blei døypt «Operation Defensive Shield»). Ja, det blei nytta terror, men dei ekstremt brutale metodane til den israelske hæren tok livet av tre gonger så mange palestinarar som israelarar. Israel blei styrt av folk som var ihuga motstandarar av ein reell palestinsk stat, og som aldri ville sjå FN eller folkeretten som eit grunnlag for ei fredeleg løysing.

Krasnik skriv at eg ikkje nemner Israels nervøsitet overfor eit Hamas-kontrollert Palestina på Vestbreidda. Det er riktig at eg ikkje gjer det. Fordi: Ein kan ikkje brutalisere eit folk i generasjon etter generasjon, og så bruke deira brutalitet og dårlege haldningar til okkupanten som legitimering for å fortsette å okkupere, kolonisere og undertrykke dei. Netanyahu har freista å gjere nett dette, men eg har vondt for å tru at Krasnik deler denne logikken.

Hamas styrer ikkje på Vestbreidda, men Israel har ikkje akkurat gjort det lett for sjølvstyresmaktene der heller. Også fredelege former for motstand blir slått hardt ned på av Israel, og deltaking i demonstrasjonstog kan fort få deg fengsla, lemlesta eller drepen. I dei lange periodane palestinarane ikkje har gjort valdeleg motstand mot den okkupasjonen, har dei opplevd at koloniseringa berre fortset akkurat som før, i strid med folkeretten. Heller ikkje den sekulære eller venstreorienterte motstanden til palestinarane, frå tida før Hamas fekk makt, har gitt palestinarane nokon grunn til optimisme.

Palestinarane veit at Israel er ute etter landet deira, og at denne prioriteringa ikkje kan føre til fred. Og det er ikkje Netanyahus feil, den same politikken har vore ført under ulike statsministrar frå det israelske arbeidarpartiet. Eg vil minne om at Saudi-Arabia, med den arabiske ligaen i ryggen, sidan 2002 har tilbode Israel full normalisering om dei avsluttar okkupasjonen. Israel har aldri respondert på fredsinitiativet.

Krasnik meiner òg at eg burde skrive om jødar i Noreg og Europa som lever under politibeskyttelse. Til det vil eg seie: Min artikkel handla om krigen i Gaza. Rett nok tar eg for meg korleis det har gått ein enorm inflasjon i misbruk av skuldingar om antisemittisme, og at det er ført målretta kampanjar frå fleire hald for å jamstille kritikk av Israel med antisemittisme.

Det inneber sjølvsagt ikkje at eg meiner at antisemittisme ikkje er eit problem i Europa. Poenget mitt, via Tony Judt og fleire andre, er at misbruken av skuldingar om antisemittisme kan svekke beredskapen mot den ekte og faktiske antisemittismen. Eg ser ikkje kvifor dette skulle vere ein «giftig figur». Det er berre ei påpeiking av at «ulv! ulv!»-psykologien gjeld også her.

Burde eg skrive meir om antisemittisme i Europa, i eit essay om krigen i Gaza? Eg veit ikkje det. Å gje europeiske jødar skulda for Israels krigføring er antisemittisme. Å skulde europeiske jødar for Israels krigføring er jo eit antisemittisk overgrep. Så kvifor skulle eg blande inn europeiske jødar i eit essay som det eg skreiv? For å skaffe Israel sympati? Også dette ville vel vere å blande korta? Vi har heldigvis lovar mot rasistiske overgrep i Europa, det blir tatt på største alvor. Men eg er ikkje forplikta til å skrive om det i eit essay som handlar om noko anna.

Eg ser heller ingen grunn til å be Krasnik om orsaking for at eg nytta mange prominente jødiske intellektuelle i essayet mitt. Det har lenge vore slik at mange jødar har vore særs skarpe og konsekvente i sin kritikk av Israel, meir så enn andre, inkludert nordmenn og danskar. Grunnen til dette er nok at alle som kritiserer Israel, veit at dei risikerer å bli utsette for mistenkeleggjering og kanskje karriereøydeleggande skuldingar om antisemittisme. Det er ikkje like lett å skulde jødar for antisemittisme, sjølv om det òg skjer titt og ofte – eller at ein plasserer dei i den psykologiserande kategorien «sjølvhatande jødar».

Krasnik skriv om Ilan Pappe, som eg siterer ei formulering frå, at han «ikkje har nokon respekt blant seriøse historikarar». Eg er fullt klar over at det har vore mange kampanjar mot historikaren Ilan Pappe. Nokre av desse har involvert trugsmål mot livet og helsa hans, slike trugsmål blei òg publiserte i israelske aviser. Pappe blei til og med fordømd i Knesset da Israels utdanningsminister oppmoda universitetet i Haifa til å gi professoren sparken

At ein dansk redaktør har han på ei liste av folk som ikkje skal siterast, tar eg med knusande ro. Og eg tenker at redaktør Krasnik burde halde seg for god til å delta i slike kampanjar, mot ein mann som er full av kunnskap og har vist mykje moralsk mot og integritet, og som dessutan har skrive mange gode bøker og artiklar om konflikten, inkludert The Ethnic Cleansing of Palestine og Out of the Frame. The Struggle for Academic Freedom in Israel. Grunnen til at Pappe blei så upopulær i Israel, er at han, i likskap med mange andre «nyhistorikarar», har gjort arkivarbeid som viser at Israel i 1948 hadde detaljerte planar for etnisk reinsing av palestinarar – og at desse planane blei gjennomførte. Kort sagt, Pappe og andre har rokka ved nokre av mytane den jødiske staten har klamra seg til, sjølv etter at faktagrunnlaget for desse har fordampa. Eg er klar over at det òg har vore kontroversar rundt nokre av Pappes tolkningar av kjeldematerialet (ikkje minst den innfløkte «Katz-affæren»). Men å frådømme professor Pappe all seriøsitet, slik Krasnik gjer, er det ikkje grunnlag for. Etter mitt syn er det direkte ufint av Krasnik å gjere dette.

Tilnærminga Krasnik står for – velvilje, forståing, mild kritikk – har vore brukt av Vesten i fleire tiår. Denne tilnærminga har ikkje verka så langt, og kjem sannsynlegvis ikkje til å gjere det i framtida. Det er på tide med reelt press, slik at okkupasjonen og den israelske valden mot palestinarane får reelle kostnader for Israel. Om Israel til dømes skal ta bit for bit av Vestbreidda, med hjelp av hæren og dei paramilitære busetjarane (i likskap med Hamas blandar Israel det militære og sivile), så får dei ta ansvaret for den palestinske befolkninga. Verdssamfunnet kan ikkje fortsette å late som ingenting og la alt halde fram som det var før krigen.

Eg har ofte lese Krasnik i løpet av dei siste 20 åra. Han er ein dyktig skribent og gjorde til dømes ein utmerkt jobb som korrespondent i USA. Men når eg les han om Israel, er eg usikker på om han er i ferd med å gli over i ei slags politikarrolle, på vegner av Israel. Om Krasnik verkeleg avskyr Netanyahu, koloniseringa, okkupasjonen og busetjarane, så burde han kanskje skrive meir om dette i staden for å angripe dei som er meir kritiske til Israel enn han er.

Om Israel vil sleppe kritikk, finst det ei «enkel» løysing. Det er at landet avsluttar okkupasjonen, undertrykkinga, apartheidsystemet og koloniseringa av palestinarane. Før det skjer, kan Krasniks finter for å skjerme Israel frå velgrunna kritikk framstå som det reine utanomsnakk.

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis