JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

55292
20240322
55292
20240322

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Eit essay om Gaza-krigen, bakgrunnen for krigen og dei pågåande debattane om krigen.

I

Den sterkaste mannen i Bibelen heiter Samson. Han var ein jødisk superhelt og kunne rive ei løve i filler med berre nevane. Ein gong massakrerte han ein heil armé med tusenvis av filistrar, han hadde kjevebeinet til eit esel som einaste våpen.

Men Samson blei forelska i Dalila. Ho var bestukken av filistarleiarskapen i Gaza, ein av erkefiendane til israelittane, datidas palestinarar (orda har same etymologiske opphav). Mot elleve hundre sjekel i sølv skulle ho finne ut kor Samsons styrke låg gøymd, som var i håret. Etter at Dalila ei natt barberte det bort, blei Samson eit vanleg menneske.

Filistrane brann ut det eine auget hans og gjorde Samson til slave i Gaza. Da dei samla seg i tusental for å audmjuke den overvunne Samson, og han bad til Gud om å få styrke ein siste gong, sa Samson: «‘Lat meg få døy saman med filistrane!’ Så tok han i med all si makt. Då ramla huset i hop over byhovdingane og over alt folket som var der. Og dei han drap då han døydde, var fleire enn dei han hadde drepe medan han levde» (Dommarane, 16,30).

Den israelske forfattaren David Grossman gav i 2007 ut ei bok om Samson-myten (Løvehonning. Myten om Samson, omsett til norsk av Kjell Risvik). Grossman skriv at Samson er eit symbol for manndom og kraft, til dømes for eliteavdelingar i hæren. Samstundes er Samson ein tvitydig figur i den israelske kulturen. For sjølv om Samson var ein uovervinneleg krigar, så er hans kontroll over verda ein illusjon. Han representerer overdriven bruk av fysisk styrke, ein styrke som bokstaveleg talt kan forsvinne over natta.

For Grossman symboliserer Samson korleis Israels betydelege militære makt er eit fortrinn som blir til ei ulempe.

II

«Operasjon Jernsverd» har vart i over fire månader. Gaza er øydelagt, og langt over 30.000 palestinarar er registrert drepne, mens rundt 70.000 er hardt skadde og 7000 er registrerte som «sakna» i dei utbomba ruinane.(1)

Om tal blir store nok, får dei alltid ein abstrakt karakter for dei fleste av oss. La oss derfor samanlikna litt med andre konfliktar. Kor mange ukrainske soldatar trur du til dømes er drepne i krigen med Russland? Han har gått føre seg i meir enn to år, over ei frontline som er rundt tusen kilometer lang. Hærar på fleire hundre tusen soldatar har stått mot kvarandre med det meste av moderne våpen, det er blitt brukt fleire millionar bomber og granatar. For eit par veker sidan kunngjorde Zelenskyj at 31.000 ukrainske soldatar er registrerte som drepne. Ser ein på dei sivile tapa, finn ein at rundt 11.000 sivile ukrainarar er drepne.(2) (Dei reelle tala er garantert høgare.) 587 av desse døde ukrainarane var barn. I Gaza er rundt 11.500 barn drepne.(3)

Massedrapa i Gaza overgår ikkje berre dei Russland står bak i Ukraina. Omtrent like mange er drepne i Gaza som dei som døydde under den verste Blitzen i Storbritannia frå september 1940 til og med mars 1941, da Luftwaffe bomba London, Coventry, Liverpool, Manchester, Glasgow og elleve andre byar, i natt etter natt.

I Noreg blei 10.262 norske menn, kvinner og barn drepne under andre verdskrigen. Talet inkluderer sjølvsagt dei 765 norske jødane som vart deporterte og drepne i konsentrasjonsleir. Det inkluderer rundt 500 barn (dei fleste som resultat av alliert bombing), 3000–4000 krigsseglarar, alle norske soldatar, flygarar og marinefolk som kjempa på mange frontar. Det inkluderer alle sivile som blei bomba da byar som Kristiansund, Molde, Steinkjer, Bodø, Narvik og Kirkenes blei lagde i grus. Det inkluderer sivile nordmenn som tyskarane drap i hemnaksjonar (som i Telavåg), og motstandsfolk som blei pinte i hel eller døydde i fengsel og fangeleirar. Til og med 689 norske soldatar som fall i naziteneste på austfronten, er med i denne statistikken.

Ein hjullastar frå den israelske hæren dumpar lika av drepne palestinarar i ei massegrav 2. juledag 2023.

Ein hjullastar frå den israelske hæren dumpar lika av drepne palestinarar i ei massegrav 2. juledag 2023.

Foto: Hatem Ali / AP / NTB

«Nazifiseringa av palestinarane er for Netanyahu blitt ein slags magisk formel.»

III

I Gaza by er rundt 60 prosent av alle bustader øydelagde, og talet for Gaza som heilskap er 45 prosent, ifølge Verdsbanken.(4) Det er rundt 110.000 bygningar (tala stig veke for veke). Infrastrukturen elles er stort sett totalt øydelagd. Knapt noko har sloppe unna uskadd, heller ikkje livsnødvendige strukturar som sjukehus, elektrisitetsverk eller vassverk.

Gaza blei bomba frå lufta, sjøen og bakken før og under invasjonen. I tillegg har det vore omfattande øydeleggingar i område som israelske styrkar har kontrollert i veker eller månader, kanskje etter at dei har brukt bygningane til forhøyrssenter og liknande. Bustadblokker, heile nabolag, hotell, moskear, FN-skular og universitet er blitt pulveriserte ved kontrollerte sprengingar utførte av israelske ingeniørtroppar. Ifølge New York Times, som har brukt satellittbilde og videoar som israelske soldatar har lagt ut på sosiale medium, har Israel gjennomført minst 33 større sprengingar i denne kategorien.(5)

Eit døme er Israa-universitetet, som stod ferdig i 2014. Ifølge viserektor ved universitetet, Ahmed Alhussaina, som forresten har mista 102 slektningar i krigen, hadde universitetets museum fleire tusen arkeologiske gjenstandar, nokre frå romartida. Alt er no borte. Den amerikanske kanalen NPR (National Public Radio), som gjorde intervjuet med Alhussaina, har kome fram til at til saman 390 palestinske utdanningsinstitusjonar er øydelagde av Israel sidan 7. oktober.(6)

Ifølge FN er det svolt overalt på Gaza. Folk et dyrefôr og viltveksande urter. USA driv no og droppar naudhjelp frå lufta, slik ein vanlegvis gjer om folk er heilt isolerte av til dømes ørkenar og høge fjell. Slik er det ikkje her. Israel kunne sleppt inn tilstrekkelege mengder naudhjelp over grensa, slik FN og Den internasjonale domstolen i Haag har kravd.

I staden opplever naudhjelpsorganisasjonane i området «hyppige, uføreseielege og tilfeldige» avvisingar og restriksjonar i hjelpa som får lov å passere, ifølge Amnesty International.(7) Israelske tenestemenn krev at kvart billass blir tømt framfor dei, før naudhjelpa blir lasta om bord igjen og kan passere inn til Gaza. Det dannar seg kilometerlange køar, mens over to millionar menneske manglar det meste, inkludert reint vatn og mat, og barn døyr av svolt. Ein rapport IPC (Integrated Food Security Phase Classification) la fram denne veka, seier at kvart tredje barn under to år nord på Gaza er «akutt underernært», og at det kan bryte ut «hungersnaud» når som helst.(8)

Fekk du med deg det som er blitt døypt «mjøl-massakren» i Gaza by den 29. februar? Gaza by og det nordlege Gaza har blitt nekta naudhjelp av Israel i over ein månad, ifølge FN-ekspertar. Da lastebilar med mat endeleg kom, strøymde folk ut frå gøymeplassane sine. Den israelske hæren skal ha følt seg truga av dei svoltne hordane, og begynte å skyte. Ifølge palestinske helsestyresmakter og FN blei rundt 112 drepne og 750 skada.(9) Første respons frå Israel var at palestinarane dreiv med plyndring, trampa kvarandre i hel, og at mange hamna under hjula på lastebilane. Seinare innrømte Israel å ha opna eld.

Folk som var til stades, opplevde det som ei felle. Med ein gong lastebilane kom fram, begynte dronane og stridsvognene å skyte, fortel dei.(10) Hendinga blir granska.

«Operasjon Jernsverd» er ein krig mot Hamas. Israel veit omtrent kor mange uskuldige sivile som kjem til å døy når dei utfører angrepa. Fleire titals tusen menneske blir ikkje drepne ved uhell. Krigen er òg ei kollektiv straff mot palestinarane.

IV

Det er lett å skjøne den israelske harmen etter at Hamas drap 1139 menneske i terrorangrepet den 7. oktober. Hamas og andre ekstremistar avretta folk for fote, menn, barn og kvinner. Dei tok med seg 253 gislar. Om Hamas ikkje skjønte kva Israels svar kom til å bli, så burde dei gjort det. Skulda for massegravene og lidingane til over to millionar palestinarar på Gaza kviler tungt på Hamas, utan at det fritek Israel for ansvar. Hadde Hamas sleppt fri gislane, ville kanskje ikkje dei israelske øydeleggingane vore så omfattande, og mange fleire palestinarar hadde overlevd.

Raseriet til israelarane, og ønsket om hemn, er forståeleg. Likevel kan ikkje alt som er skjedd dei siste månadene, forklarast av spontane utbrot av kjensler etter terrorangrepet.

Israelske soldatar vaktar lekamane til drepne medlemmer av Kfar Azza-kibbutzen, der Hamas-styrkar tok seg inn 7. oktober 2023.

Israelske soldatar vaktar lekamane til drepne medlemmer av Kfar Azza-kibbutzen, der Hamas-styrkar tok seg inn 7. oktober 2023.

Foto: Ohad Zwigenberg / AP / NTB

«Asymmetri er eit anna nøkkelord for Gaza-krigen.»

For statsminister Netanyahu betydde angrepet at den militære doktrinen han har satsa på i fleire tiår, har spelt fallitt. Ein kunne hevde det var ein «intelligence failure» i dobbel tyding av ordet. Mens palestinarane på Gaza var innelåste, kunne Israel sakte, men sikkert lage nye busettingar på Vestbreidda, og utvide dei gamle, mens palestinarane bokstaveleg talt var splitta i to delar, utan kontakt med kvarandre. Prisen for denne politikken var låg. Ja, det kom stadig nye rakettangrep frå Hamas, men det var tilsynelatande ein kostnad Netanyahu var villig til å ta.

Der Spiegel intervjua Ehud Barak den 20. oktober i fjor. Barak, som er tidlegare statsminister i Israel og landets høgast dekorerte soldat gjennom tidene, la ingenting imellom når han skulle plassere ansvaret for «den største fiaskoen i Israels historie»: «Netanyahu tillèt at pengar frå Qatar fløymde inn i Gaza. Det var ein strategi bak det. Så lenge Hamas eksisterte, kunne Netanyahu hevde at det er umogleg å forhandle med palestinarane. [...] Samstundes svekte han aktivt Abu Mazen og dei palestinske sjølvstyre-styresmaktene på Vestbreidda, som er meir moderate. Netanyahu ville blokkere alle forhandlingar om ein eigen palestinsk stat, koste kva det koste ville.»

V

Gaza blei okkupert av Israel i 1967, samstundes med Vestbreidda. Der Vestbreidda greitt lét seg kolonisere med jødiske busettingar, var Gaza mykje meir problematisk. Det var altfor tett med folk på den tynne stripa med land. Like etter okkupasjonen blei det diskutert, internt i den israelske regjeringa, å fjerne delar av befolkninga til Negev-ørkenen og deretter gjere livet mest mogleg vanskeleg for dei som blei att, slik at dei til slutt kom til å reise.

Gaza by minte om ein getto alt da eg var der første gong for 25 år sidan. Det burde ikkje vere slik, for Gaza ligg ved Middelhavet og har opne horisontar. Sandstrendene ligg bada i eit glitrande lys, og i teorien kunne Gaza vore ein magnet for pakketuristar. I staden er Gaza ein av dei siste plassane i verda nokon kunne tenke seg å reise til. Gaza, ikkje minst Gaza by, var ein klaustrofobisk plass alt før Israel invaderte. For da Israel blei oppretta i 1948, hamna palestinarane i Gaza under egyptisk militærstyre. Dei blei isolerte og marginaliserte.

Israelarar har lenge hatt eit alternativ når dei skal be folk dra til helvete. Dei kan seie «dra til Gaza». Dei ser folk i Gaza som særs primitive, ifølge den israelsk-britiske jussprofessoren Neve Gordon.(12) Også på Vestbreidda kan det vere ein tendens i same retning. På Vestbreidda har fleire studert utanlands, folk der er gjerne moderne, velutdanna og verdslege og ser seg kanskje i kontrast til dei meir «underutvikla», tradisjonelle og religiøse gazanarane.

Dei siste tiåra er situasjonen på Gazastripa blitt uendeleg mykje verre. Etter snart tjue år med blokade, Hamas-styre og mange krigar og bombingar er tilnamnet «verdas største friluftsfengsel» blitt dekkande.

Store delar av befolkninga har vore avhengige av naudhjelp for å leve, arbeidsløyse og fattigdom er dominerande. Svært få har direkte tilgang til reint drikkevatn. Og Israel sperra ikkje berre folk inne. Dei sperra dei inne med Hamas, som har styrt sidan 2006, da det sist var val i Gaza. Livet under okkupasjon er undertrykkjande. Livet under Hamas og okkupasjon er dobbelt undertrykkjande.

Rundt halvparten av befolkninga på Gaza er barn. Mørkets barn.

Gaza er blitt militært angripe av Israel i 2006, 2008–2009, 2012, 2014 og 2021. I desse krigane har Israel hevda retten til sjølvforsvar og møtt stor internasjonal forståing for det, etter at Hamas og andre islamistiske grupper har skote fleire tusen rakettar mot Israel og drive med terror etter beste evne.

Det er ikkje viljen det står på, men Hamas’ militære kapasitet er ingenting samanlikna med Israels. Og det døyr alltid ti eller hundre gonger så mange palestinarar i denne makabre dødsdansen. Over 5000 palestinarar, dei fleste sivile, er blitt drepne i dei meir eller mindre gløymde krigane i perioden 2006–2021. Bomber og rakettar har øydelagt tusenvis av bygningar (96.000 heimar blei totalt øydelagde i 2014 aleine, ifølge FN).(13) Dagens krig, med nesten total øydelegging av Gaza, kan sjåast som ei «naturleg» oppskalering av desse krigane, frå Israels side. Og ei «naturleg» vidareføring av måten Hamas har utvikla seg på.

På den eine sida: Palestinarane har rett til væpna motstand mot okkupasjonen, ifølge folkeretten. På den andre sida: Hamas og Islamsk jihad blandar og skjuler seg utan tvil blant sivile, og det skal dei ikkje, ifølge den same folkeretten. På den tredje sida: På det tettbygde Gaza er ein alltid blant sivile overalt. På den fjerde sida: Israels overmakt er som Samsons, overveldande i sin kapasitet til å sprenge og drepe.

I denne versjonen av Rubiks kube er alle seks sidene svarte.

VI

Bilda av øydelegging, vald og død som har kome ut av Gaza dei siste månadene, har ofte vore groteske. Mange scener kunne nesten vore spunne ut av den mørke fantasien til Hieronymus Bosch, men bilda og videoane er stort sett tekne av vanlege folk med mobiltelefonar i skjelvande hender. I Gaza-krigen er det få profesjonelle fotojournalistar. Israel slepper ikkje inn journalistar, og rundt hundre av dei som var der da krigen starta, er no døde. Tre av fire journalistar som blei drepne verda over i fjor, blei drepne i Gaza.(14) Men sjølv om vanlege sivilistar kanskje ikkje har mat eller vatn, og kanskje er omringa av døde slektningar, så har dei mobiltelefonar.

Dei mest opprørande bilda kan kanskje plasserast i tre hovudkategoriar. Først har du fotografia av drepne og lemlesta offer, ikkje minst barn. Ein annan kategori visar dei enorme øydeleggingane, som fører tankane i retning av Hamburg eller Dresden etter bombingane der. Ein tredje kategori er bilde som er tatt av israelske soldatar som har deltatt i krigen i Gaza.

Mange av bilda og videoane viser openlys og påfallande skadefryd, gjerne inne i heimane til folk som no ikkje lenger lever, eller som har fått livet sitt fullstendig øydelagt. Soldatar jublar, skålar, flirer, ler og dansar på grunn av all destruksjonen dei står bak. Det er tydeleg at soldatane som legg ut bilda og videoane, reknar med at bodskapen vil bli tatt godt imot i Israel, og kanskje ledd av. Jau, dei er kanskje dristige, litt på kanten, men likevel innanfor. Bak bilda ligg ikkje individuell sadisme, men kollektive mekanismar for dehumanisering. Soldatane vil neppe ha særleg store problem med å halde oppe sjølvbildet som moralske og rettferdige menneske.

Dehumanisering er eit eige forskingsfelt. Det er òg forska på korleis israelarar og palestinarar ser på kvarandre, innanfor ramma av dehumanisering. Etter Gazakrigen i 2014 blei ei stor undersøking publisert i det fagfellevurderte tidsskriftet PLoS One (The enemy as animal: Symmetric dehumanization during asymmetric warfare, 2017). Som venta fann forskarane at jødiske israelarar hadde sterke negative kjensler mot palestinarar, og omvendt. Til dømes fann dei at svært mange jødiske israelarar var villige til å drepe hundrevis palestinske sivilistar (gjennomsnitt var 575) for å redde livet til ein israelsk soldat som var såra av militante palestinarar. Svara til palestinarane var ikkje så annleis. Dei skåra lågt på tillit og høgt på «kjenslemessig fiendskap» overfor israelarar. For deltakarar frå begge grupper var det slik at låg vilje til forhandlingar hang saman med «sterk dehumanisering» av motparten.

Slike undersøkingar må sjølvsagt tolkast med varsemd. Ein ting er kva ein ville gjort i teorien, noko anna er kva ein ville gjort i praksis. Likevel, noko fortel denne forskinga. Det finst ein vitskapleg utarbeidd skala for dehumanisering som blir kalla ascent of man-skalaen. I undersøkinga som omhandla jødiske israelarar og palestinarar, fekk ein det høgaste nivå av dehumanisering som nokon gong er målt.(15)

Ifølge ei meiningsmåling frå midten av februar 2024 meiner 88 prosent av israelske jødar at talet på skadde og drepne palestinarar er til å forsvare.(16) Israelarane var langt på veg ferdig dehumaniserte da Hamas angreip Israel den 7. oktober i fjor. Og palestinarane var langt på veg ferdig dehumaniserte da Israel skulle slå tilbake. Da den israelske forsvarsministeren Yoav Gallant i fjor haust kunngjorde full kringsetting av Gaza, legitimerte han det med at Israel kjempar mot «menneskelege dyr».(17) Statsminister Netanyahu har på si side sagt i ulike variantar at det som går føre seg, er ein krig mellom «lysets barn» eller «lysets søner» mot «mørkets barn» eller «mørkets søner».

Alt da Israel okkuperte Gaza i 1967, kalla ein israelsk minister (finansminister Pinchas Sapir) palestinarar på gata i Gaza for «giftige slangar».(18) Israelarar har stadig oftare samanlikna Gaza med eit slangebol (me’arat nachashim). Ikkje minst etter at Hamas begynte å lage tunnelar under bakken for rundt 20 år sidan. Israels våpenprogram for å øydelegge slike tunnelar fekk namnet Project Snake Pit.(19)

På denne tida kjente Israel seg enno ganske trygg på at dei kunne takle alle militære trugsmål. Slik er det ikkje i dag. Mellom anna har krigen i Ukraina vist: Fleire og betre våpen gir ingen garanti for siger. Israelske analytikarar har sjølvsagt følgt nøye med og sett med skrekk kva begge sider kan gjere med relativt enkle og billige dronar. Dei same bilda har garantert vore inspirerande for Hamas, Hizbollah og mange andre. Også kunstig intelligens kan endre premissane for krig.

VII

Dei siste ti åra har eg jobba mykje med kolonitida, og dagens krig i Gaza bringar tankane tilbake dit. Under kolonitida på 1800-talet gjorde ofte koloniundersåttane opprør, i Midtausten, Afrika, India og Australia. Rapportane som blei sende tilbake til Europa, fortalde om brutaliteten til dei ville stammane. Dei primitive delte ikkje vår høge moral, våre verdiar, vår religion og sivilisasjon. Men ingen fare, ro og orden var i ferd med å bli gjenoppretta, ved hjelp av ratlande Maxim-mitraljøsar og andre overlegne våpen dei innfødde heldigvis ikkje hadde, eller ikkje var smarte nok til å handtere. Nå fekk dei seg ei velfortent lekse dei seint ville gløyme. Dei storma fram mot elden utan eingong å bry seg om eigne liv.

Israels historie er nær knytt til det britiske imperiet, som med Balfour-erklæringa i 1917 lova det jødiske folk ein eigen stat, på eit område der jødane utgjorde ein tidel av befolkninga.(20) Språkbruken til ytterleggåande israelarar minner ofte om det koloniale språket, sprita opp med solide dosar utdatert etnonasjonalistisk tribalisme. Exterminate all the brutes! Eller for å seie det med orda til den folkevalde israelske parlamentarikaren Galit Distel Atbaryan (Likud). «Slett Gaza frå jordoverflata.»(21)

Framgangsmåten i Hamas-angrepet den 7. oktober minner derimot om ein konkret situasjon i Beirut i 1982. Eg tenker på massakren i Sabra og Shatila, der IDF, leidd av den komande statsministeren Ariel Sharon, sleppte sine allierte inn i den palestinske flyktningleiren, vel vitande om kva som kom til å skje. Dei kristne falangistane gjekk frå hus til hus og myrda barn, kvinner og menn, til det låg haugar med lik overalt. Ifølge israelsk etterretning blei mellom 700 og 800 drepne, mens Raude halvmåne kom til 3300. Den israelske invasjonen var retta mot PLO. Den palestinske motstanden skulle utslettast ein gong for alle – som vanleg.

7. oktober 2023: Telt, leivningar og ein utbrend varebil ved ein musikkfestival på israelsk side nær grensa til Gaza. Her blei minst 260 festivaldeltakarar drepne  av væpna palestinarar denne dagen.

7. oktober 2023: Telt, leivningar og ein utbrend varebil ved ein musikkfestival på israelsk side nær grensa til Gaza. Her blei minst 260 festivaldeltakarar drepne av væpna palestinarar denne dagen.

Foto: Ohad Zwigenberg / AP / NTB

VIII

Asymmetri er eit anna nøkkelord for krigen i Gaza. Det gjeld ikkje berre militær og politisk makt, men òg korleis vi i Vesten snakkar, tenker og ikkje minst føler om krigen. For å illustrere denne asymmetrien: Tenk deg ein omvend situasjon der Tel Aviv var under same type angrep som Gaza har vore dei siste månadene. Tenk deg at fleire titals tusen israelarar hadde blitt drepne, mens Tel Aviv blei pulverisert. Det ville utan tvil blitt kalla eit nytt holocaust.

Hadde vi vist forståing for angriparane, om dei argumenterte på same måte som Israel gjer no? Altså om dei hadde hevda at Israels leiarar er ansvarlege for drap på så mange uskuldige sivile, og at denne leiinga derfor må utryddast, nærmast uansett kostnad? Om dei bomba Tel Aviv flatt, fordi den israelske leiinga gøymde seg i tunnelsystem under byens skyskraparar, skular og sjukehus, og fordi det fanst militær infrastruktur der?

Om angriparane dessutan hevda at den israelske leiinga brukte sivile som skjold, og at mange jødiske barn dessutan eigentleg ikkje er barn, men gamle nok til å bere våpen, og dessutan ideologisk radikaliserte sionistar, altså militante israelarar. Kva ville vi sagt om angriparane hevda at slike omstende gjorde angrepa legitime ifølge folkeretten? Ei slik situasjonsskildring ville sjølvsagt ikkje blitt godtatt av nokon. Men i den situasjonen som faktisk utfaldar seg framfor auga våre, så forlangar Israel at vi godtek ein liknande argumentasjon.

Du ristar kanskje på hovudet no. Kven skulle vel vere i stand til å gjennomføre eit slikt angrep på det militært så mektige Israel? Dessutan ville USA og andre bomba slike angriparar tilbake til steinalderen. Men forskjell i militær makt er ikkje poenget her. Det som verkar hårreisande, kriminelt og forferdeleg om det hadde ramma Tel Aviv, er alt hårreisande, kriminelt og forferdeleg når det gjeld Gaza. Kva for moral – kva for prinsipp for rangering av verdien av menneskeliv ligg bak – når situasjonen blir heilt absurd og utoleleg om offer og overgripar byter plass?

IX

Etter angrepa på Israel har fleire europeiske land, med Tyskland og Storbritannia i spissen, tatt grep som går langt i retning av å kriminalisere propalestinske demonstrasjonar. Tyske regjeringsadvokatar har drive og granska om eit slagord som From the River to the Sea, Palestine vil be Free er kriminelt å bruke under alle omstende, og om det automatisk kan knytast til Hamas. Berlin-politiet og aktorar i fleire delstatar tolka det slik.

Det er lagt ei rekke ganske bisarre restriksjonar på demonstrasjonar (til dømes kor mange palestinske flagg det er lov å bruke), mens mange søknader om demonstrasjonar er blitt avslåtte, sjølv om det ikkje såg ut til å vere nokon god grunn.

Folk som har uttrykt støtte til palestinarar og/eller kritikk av Israel, risikerer faktisk å miste jobben. Til dømes blei jødiske Udi Raz sparka frå det jødiske museet i Berlin etter at ho kalla Israels politikk for apartheid.(23) Kunstnarar i Berlin må signere ein antisemittismeklausul for å kunne få offentleg støtte.

Også forfattarar risikerer å bli kansellerte. I fjor droppa til dømes bokmessa i Frankfurt feiringa av den palestinske forfattaren Adania Shibli, som skulle få ein litteraturpris. Eg blei kjent med Shibli da vi var på scena saman under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer i fjor for å snakke om bøker vi hadde skrive. Eg hadde lese romanen hennar, En liten detalj, og blei ikkje overraska over at hennar tilnærming på scena var gjennomført intellektuell, lågmælt og litterær. Den prisvinnande boka hennar handlar kanskje meir enn noko om empati.

Leiinga i Frankfurt gav ikkje opp nokon formell grunn til kanselleringa, men enkelte tyske journalistar meinte sider ved boka, som delvis handlar om mørke hendingar i 1948, kan tolkast antisemittisk. Det var tilsynelatande nok. Over tusen europeiske intellektuelle signerte eit opprop mot avgjerda til bokmessa og meinte Frankfurt-messa truga ytringsfridommen.

Den russisk-amerikanske forfattaren Masha Gessen vann den minst like prestisjetunge Hannah Arendt-prisen for politisk tenking for 2023. Utdelinga skulle vere i Bremen, men det blei bråk. Gessen, som sjølv er jøde, hadde nemleg skrive eit essay i The New Yorker (In the shadow of Holocaust, 9. desember 2023). Der samanlikna ho mellom anna Gaza med «ein jødisk getto i eit austeuropeisk land okkupert av Nazi-Tyskland» og gav dessutan kraftfull kritikk til det tyske antisemittismebyråkratiet.(24) Bremen by trekte seg frå utdelinga, som måtte flyttast. Slik mange peika på under kontroversen: Hannah Arendt dreiv òg på med slike samanlikningar. Hannah Arendt sjølv ville vore diskvalifisert til å ta imot Hannah Arendt-prisen.

Filosofiprofessor Arne Johan Vetlesen publiserte nyleg eit essay om Tysklands og det tyske skyldkomplekset («Habermas og solidariteten», Klassekampen 12. mars). Her viser Vetlesen korleis Tyskland opererer med to variantar av selektivitet, og at dette har store moralske omkostningar. Dels fordi tyskarane lèt seg engasjere og røre mykje sterkare av lidingane til jødane enn av lidingane til palestinarane, dels i form av ei sjølvpålagd einsidig lojalitetsplikt overfor Israels til kvar tid sittande regjering. Resultatet er ei «frapperende ukritisk stillingstaking pro Israel», skriv Vetlesen.

Vetlesen nemner det ikkje, men hans poeng om selektivitet kunne neppe vore betre illustrert enn dette: På filmfestivalen i Berlin for nokre veker sidan vann filmen No Other Land prisen for beste dokumentar (produsentane er norske Bård Kjøge Rønning og norsk-fransk-britiske Fabien Greenberg). Filmen handlar om korleis den palestinske journalisten Basel Adra freistar å redde landsbyen sin frå dei jødiske busettarane som kryp stadig nærmare for å ta landet deira frå dei med makt. På avslutningsseremonien for filmfestivalen sa den tyske ministeren Claudia Roth at ho ikkje klappa for den palestinske regissøren, berre for den jødisk-israelske!(25) Diskusjon om røtene til konflikten, og uttrykk for sympati med palestinarane, er tilsynelatande i ferd med å bli tabubelagt.

X

Ein klar trend vi har sett dei siste åra, er at holocaust og utvida definisjonar av antisemittisme er blitt brukte for å skjerme Israel mot kritikk. IHRAs (International Holocaust Remembrance Alliance) definisjon på antisemittisme frå 2016 kan sjåast i eit slikt lys. Fleirtalet av eksempla (sju av elleve) som blir nytta i definisjonen, handlar om Israel.

Dette er heilt i tråd med Netanyahus strategi.

Da Tryggingsrådet i FN diskuterte ein resolusjon om våpenkvile i Gaza den 30. oktober, klistra Israels FN-ambassadør Gilad Erdan, og heile teamet hans, ei gul «jødestjerne» på dressane sine. Stjerna var ein kopi av dei nazistane tvinga jødar til å gå med, og på stjerna var det skrive «Never Again». På talarstolen skulda han delar av FN-forsamlinga for ikkje å ha lært noko av holocaust, og han hevda det ikkje er nokon forskjell på «Hamas-nazistane» og dei tyske som stod bak jødeutryddinga i Auschwitz.(26)

Den 28. november i fjor hevda Israels høgreekstreme finansminister Bezalel Smotrich at det er to millionar naziar på Vestbreidda – altså at kvar einaste palestinar er ein nazist.(27) Kanskje han gjorde det for å overgå sjefen sin. For da Netanyahu tala til Wold Zionist Congress i Jerusalem i oktober 2015, hevda han at det var stormuftien av Jerusalem, Amin al-Husseini, som sette Adolf Hitler på ideen om å utrydde jødane. Historikarar og holocaustekspertar rista på hovudet, for det finst ikkje haldepunkt for påstanden. Forbundskanslar Angela Merkel kjente seg tvinga til å gå ut offentleg og slå fast at det faktisk er Tyskland som har ansvar for holocaust, ikkje palestinarane.(28)

Nazifiseringa av palestinarane er for Netanyahu blitt ein slags magisk formel for å trylle bort okkupasjonen og koloniseringa av palestinarane.

Det er forbausande kor lydig mange av premissane i retorikken til den israelske høgresida ofte blir følgde opp i USA og Europa – ofte etter press frå internasjonale nettverk av «israelvennlege» organisasjonar. I USA er AIPAC og Christians United for Israel kanskje dei viktigaste, men vi snakkar om hundrevis av små og store organisasjonar. Mange av desse arbeider også for å påverke Europa, eller for å få amerikanske politikarar til å gjere det.

«Folk flest» er ofte mykje meir kritiske til Israels politikk enn deira eigne politiske leiarar. Ifølge ei meiningsmåling støtta til dømes 76 prosent av britane ei humanitær våpenkvile i oktober i fjor,(29) mens regjeringa stemte blankt. I USA er støtta til ei våpenkvile nesten like sterk (67 prosent ifølge ei måling som blei publisert i slutten av februar), men USA legg som kjent konsekvent ned veto i slike saker.(30)

Europa har òg sin eigen Israel-lobby (til dømes det høgreorienterte nettverket European Friends of Israel).(31) Mens vanlege folk reagerer sterkt på Israels okkupasjon og krigføring, har EU på toppnivå arbeidd med å styrke det bilaterale samarbeidet med Israel. Partane møtest jamleg i diverse styringskomitear eller i det som blir kallaa EU–Israel Association Council.(32) Israel har òg hatt observatørstatus i Europarådets parlamentarikarforsamling heilt sidan 1957.(33) Om slikt er grunnen eller ikkje: EU er svært forsiktig med å kritisere Israel og har aldri freista å sette landet under press, til dømes med å skalere ned det omfattande samarbeidet mellom partane.

Israel og israellobbyen har i mange år hatt BDS-rørsla som ei viktig målskive. BDS står for Boicott, Divestment and Sanctions og er retta mot Israel. Støttar du dette i USA, eller i mange europeiske land, så kan du bli straffa, til dømes med at du mistar jobben eller får kontraktar oppsagde. Dei fleste folkerike amerikanske delstatar har lover mot BDS. Forbundsdagen i Tyskland vedtok i 2019 ein resolusjon som fordømmer BDS-rørsla som «antisemittisk».(34) I mange av dei same landa der det blei sett som ei moralsk plikt å motarbeide apartheid i Sør-Afrika, risikerer ein altså straff for å motarbeide det same i Israel.

XI

Kloke folk har lenge åtvara mot misbruken av holocaust og altfor kreative skuldingar om antisemittisme. Den jødiske historikaren Tony Judt skreiv til dømes om det alt i 2008 i eit essay i New York Review of Books («The ‘Problem of Evil’ in Postwar Europe»). Ifølge Judt er det ikkje sterk kritikk av Israel som vil vekke antisemittismens demonar til live. Slik han såg det, ville skuldingar om antisemittisme for å skjerme Israel slå tilbake og tvert om stimulere antisemittisme.(35)

I dei siste månadene har «leiande intellektuelle» som Pankaj Mishra og Masha Gessen publisert lange essay med liknande bodskapar (begge er tilgjengeleg i omsett versjon i avisa Klassekampen). Ein som eg ikkje har sett trekt fram i den norske debatten, er historikaren Enzo Traverso. Han er ein merittert holocaustforskar og er i dag professor, mellom anna i jødiske studiar, ved prestisjeuniversitetet Cornell.

Traversos tankar minner om Judts. I eit intervju gjort den 28. november i fjor kritiserte han bruken av holocaust i samband med krigen i Gaza, fordi det trampar på minnet om det ekte holocaust. Risikoen, slik Traverso ser det, er at ingen til slutt kan snakke om holocaust utan å vekke mistanke og vantru, og at mange vil tenke at holocaust heilt eller delvis er ein myte som skal tene interessene til Israel og Vesten. Traverso meiner dessutan at holocaust i USA og Europa i dag tar form av ein «sekulær religion» («civic religion»).(36)

Om holocaust minner om ein religion, er det ikkje vanskeleg å få auge på presteskapet.

Røyk frå utbomba ruinar i Gaza fotografert frå grensa sør i Israel 17. mars 2024.

Røyk frå utbomba ruinar i Gaza fotografert frå grensa sør i Israel 17. mars 2024.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

XII

Mange opplever forma på kritikken mot Israel som eit kanskje like stort problem som sjølve innhaldet i kritikken. Det har vi òg sett i Noreg. Ervin Kohn, tidlegare forstandar i Det Mosaiske Trossamfund, sa til dømes til Klassekampen 3. februar: «Det å beskylde Israel for folkemord er demonisering. Det er åpenbar antisemittisme.»(37) Journalisten som intervjua han, peikte på at eit fleirtal på Stortinget meiner at Israel bryt folkeretten, at Amnesty, Human Rights Watch og FN-organ skuldar Israel for krigsbrotsverk, og at ICJ har opna for gransking om folkemord.

Kohn stod på sitt. Hans fokus er at slike klagemål kan få Israel til å stå fram som ein «vond nasjon», noko som kan føre til meir antisemittisme. Det er som om Kohn, som ikkje er nokon ekspert på folkerett, nektar for at det i det heile er mogleg at Israel faktisk driv med folkemord og/eller krigsbrotsverk.

I same intervju stilte Kohn også spørsmål ved om Israel verkeleg bruker unødig mykje makt, og om barna som blir drepne, i røynda er barn: «Det mentale bildet man får, er gjerne små barn, men alle under 18 klassifiseres som barn. 17- og 16-åringer med gevær er ikke små barn, de er stridende.»

Men nesten alle døde barn i Gaza er drepne av Israels bomber, rakettar og granatar. Og i krigens tidlege fase blei det drepe fleire femåringar enn personar i noka anna aldersgruppe.(38) Ja, det finst mytar frå mellomalderen om at jødar drap barn, det er ein urgammal antisemittisk trope. Og ja, ifølge FN er det blitt drepe fleire barn (rundt 12.300) i den siste Gaza-krigen enn totalt i andre konfliktar verda over dei siste fire åra.(39) Det inneber ikkje at jødar er barnemordarar. Det inneber at det israelske militæret drep altfor mange barn.

Vibeke Mo er seniorforskar ved HL-senteret. I ein kronikk i Klassekampen 9. mars («Antisemittismens grenser») skriv Mo mellom anna om at kritikken mot Israel kan vere ubevisst eller ikkje-intendert antisemittisk. Det kan skje ved at ein skildrar «jøder for eksempel som spesielt hevngjerrige, blodtørstige eller drevet av en herskerdoktrine om overlegenhet».

I kronikken understrekar Mo at det går an å kritisere Israel hardt utan at kritikken blir antisemittisk. Men kvifor er det i det heile tatt nødvendig å seie dette? Det er, trur eg, fordi sterke krefter freistar å fjerne dette skiljet. Inflasjonen i skuldingar om antisemittisme er på nivå med den argentinske pesoen.

Folk burde absolutt vere varsame med korleis dei omtaler jødar og andre folkegrupper. Men Mo og HL-senteret bør òg vere varsame så dei ikkje blir ei brikke i eit kynisk spel – sjølv om det er like «ubevisst og ikkje-intendert».

HL-senteret er eit av svært mange institutt, senter, museum og organisasjonar som driv på med det same. I verste fall risikerer dei ufrivillig å bli allierte med kristensionistar, Israel-lobbyen, Israels mange høgrevridde allierte i Europa – og sjølvsagt Netanyahu og den israelske regjeringa. Nokre av desse er i stand til å plassere det meste av kritikken mot Israel innanfor ramma av den utvida antisemittismen. Eg skuldar ikkje HL-senteret for å vere dette, eller for å gjere dette. Men det kan sjå ut som om Europa er på eit slags skråplan.

Tidlegare nemnde eg Adania Shibli, som blei kansellert i Frankfurt. Meldaren av boka i Die Tageszeitung hevda at romanen nytta «anti-israelske og antisemittiske narrativ». Dei same personane som meiner Shiblis roman er utillateleg, vil fort kunne ha same innvending til sanne og kanskje sitatbaserte skildringar av busettarane i ein sakprosatekst.

Om ein til dømes reiser til Vestbreidda, slik eg og veldig mange andre har gjort, kan ein snakke med busettarar som faktisk meiner at jødar er eit utvalt folk – utvalt av ein Gud som har gitt dei landet, og til å drive bort ikkje-jødar med vald. Israels noverande tryggleiksminister Ben Gvir, frå det ultranasjonalistiske partiet Otzma Jehudit («Jødisk makt»), er fleire gonger blitt sikta og dømd, mellom anna for å spreie rasisme og støtte terrorisme, ifølge The Times of Israel.(40)

Denne mannen, som bur i Kiryat Arba, saman med andre ekstreme busettarar, er som tryggleiksminister sjef for Israels militariserte grensepoliti, som opererer på Vestbreidda. Dei har som oppgåve å halde busettarar i sjakk når dei stel, øydelegg, brenn og skadar palestinarar i landsbyar, for å ta over jorda deira. Etter Hamas-angrepet 7. oktober gav Gvir politiet ordre om å ikkje handheve lova i saker som handlar om jødisk nasjonalistisk vald. Fleire tusen av busettarane blei innrullerte i den israelske hæren. Valden mot palestinarane har eksplodert på Vestbreidda.(41)

Det er sjølvsagt ikkje alle israelarar, eller alle jødar, som driv på slik. Alle skjøner det. Dei sterkaste kritikarane av Israel er ofte sjølv jødar. Men dette skjer trass alt i Israel, i dag, i den jødiske statens namn.

Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at nokon innanfor antisemittismebyråkratiet i Europa, eller USA, greier å finne antisemittiske «figurar», eller ein teoretisk «antisemittisk effekt», i sakprosatekstar som skildrar slike sider av røynda på Vestbreidda. Legg merke til at slike skuldingar er svært vanskelege å forsvare seg mot.

XIII

Redaktøren av danske Weekendavisen heiter Martin Krasnik. Han har dei siste dagane fått mykje merksemd ved å hevde at Noreg er det mest israelkritiske landet i Europa. Krasnik, som har skrive bok om Europa og Gazakrigen (En smal bro over avgrunnen), meiner vi i Noreg lukkar auga for palestinsk terror og for den israelske erfaringa.

Hamas har ansvar for at palestinarane må utstå endå ein krig, der er Krasnik og eg einige. Eg er ikkje meir glad i Hamas enn han er. Men har verkeleg Hamas eineansvaret? Nei, for det ville mellom anna frikjent dei som faktisk har fingeren på avtrekkaren under invasjonen av Gaza, altså den israelske hæren. Folkeretten, eller den intuitive moralske vurderinga hos meg og veldig mange andre, gir ikkje slike fritak.

Krasnik er ikkje eit ukritisk talerøyr for Israel. Til dømes bruker han ordet «okkupasjon», som mange andre sionistar ikkje vil ta i sin munn. Men han snakkar litt som om terroren og okkupasjonen er to skilde fenomen, når dei to i røynda er klistra saman i eit destruktivt famntak. Så lenge okkupasjonen held fram, vil han alltid ha ein plass i den valdelege likninga i Israel og Palestina. Motstanden mot okkupasjonen er ikkje grunnen til okkupasjonen, sjølv om Netayahu gjerne vil ha det slik.

I eit intervju i Dag og Tid 15. mars 2024 kallar Krasnik folkemord for «ei avsporing».(42) Til liks med Kohn meiner han at Israel «ikkje er ein folkemordstat».(43) Men dette er opp til juristar å avgjere. Om Krasnik, Kohn og andre blir frustrerte, er ikkje ein del av vurderinga. Eg skjøner at det kan vere ekstra ubehageleg for jødar å lese om alt som skjer i Gaza. Men dessverre er ikkje det grunn nok til å skildre krigføringa med mildskap og forståing for Israel.

Det er endå meir ubehageleg å vere i Gaza, der den palestinske sivilbefolkninga blir utsett for ufattelege lidingar. Da blir det hovudsaka. Krasnik vil sikkert synast eg er altfor kompromisslaus, og eg har ingen illusjonar om at det eg skriv, kjem til å endre noko i Midtausten. Men samstundes: Fleire tiår med kompromissvillig europeisk forståing overfor Israel har heller ikkje endra noko som helst, bortsett frå at alt stadig er blitt verre. Og kor mange kompromiss er det dessutan rimeleg å krevje, på vegner av Israel, overfor fenomena som er skildra over?

Krasnik er overtydd om at antisionisme må vere antisemittisme.(44) Men palestinarane som blei fordrivne frå heimane sine i Palestina, til flyktningleirar i Gaza og andre plassar, må vel i det minste ha rett til å vere antisionistiske, utan å bli kriminaliserte? Sionismen som ideologi har utan tvil mørke sider.

Settlerkolonialisme er ei av dei. Ei anna er den religiøse sionismen, som i mange tilfelle går hand i hand med settlerkolonialismen. Her blir Bibelen nytta som ei slags handbok, noko ein finn veldig klare døme på om ein studerer koloniseringa av USA, Sør-Amerika, Sør-Afrika, Australia – og Israel. Til dei som er interesserte i dette temaet, anbefaler eg Michael Priors klassiske studie The Bible and Colonialism (1997).

Krasnik er spesielt krass mot statsminister Støre, fordi han er for dialog med både Hamas og Iran. Ifølge Krasnik er det diskvalifiserande: «Når man er uten nyanser eller noen nøytralitet i en konflikt som er så voldsom, da mister man sin stemme og troverdighet.»(45)

I 2015 inngjekk USA, Kina, Russland, Frankrike, Tyskland, Storbritannia og EU ein avtale med Iran, etter lang tids «dialog». På denne måten oppnådde verda stor grad av kontroll med Irans atomprogram. Etter at Netanyahu fekk viljen sin, og Donald Trump trekte USA frå avtalen, mista verda denne kontrollen. Meiner Krasnik at alle landa som var med på avtalen, mista «stemme og truverd»? Neppe, han seier jo sjølv at ein på eit eller anna tidspunkt må snakke med både Iran og Hamas. Krasniks polemikk verkar på dette punktet billig.

Og er verkeleg Noreg «det mest israelkritiske landet i Vesten», slik Krasnik hevdar? Eg trur Irland er det mest Israel-kritiske landet i Europa, kanskje fordi dei veit kva det vil seie å vere koloniserte. Island veit det òg. Irland og Spania vil no ha slutt på Israels spesialavtalar om økonomisk samarbeid med EU.

Noreg har ikkje eingong anerkjent Palestina som stat i FN. Det har 138 av FNs 193 medlemsland gjort, inkludert Sverige og Island.(46) Organisasjonen Israels venner hadde trass alt fleirtal på Stortinget til langt opp på 1980-talet.(47) Israel har ein heil del å takke Noreg for, sjølv om nokre av våre gåver neppe er ei velsigning, for Israel eller verda. Til dømes gav vi Israel tungtvatn til landets atomvåpenarsenal. Og Oslo-avtalane fekk konflikten ut av FN-sporet til dit vi er i dag.

Dei dominante europeiske maktene har støtta Israel i krigen i Gaza, ganske utan reservasjonar. Men det vil sjølvsagt ikkje seie at dei har rett? I mange tilfelle bryt, slik vi har sett, den offisielle politikken med folkemeininga i dei respektive landa. Kvifor skulle Noreg seie det same som Tyskland, som har ansvaret for jødeutryddingane, og Storbritannia, som i kolonitida rydda vegen for Israel? Eller som USA, som i dag er den store garantisten for okkupasjon, undertrykking og apartheid, som enno varer, med eit kor av jublande kristensionistar, Israel-lobbyistar og våpenhandlarar i bakgrunnen?

Om ikkje anna fekk det kanskje Krasnik til å stusse litt, etter at hans kritikk fekk åtte heilsider, pluss framsida, i Morgenbladet, to heilsider i Dag og Tid, tre sider i Klassekampen og mange store oppslag elles – i eit Noreg som ifølge han er monolittisk israelfiendtleg og «einsidig»?

XIV

Kort tid etter terrorangrepet mot Israel den 7. oktober fordømde FNs generalsekretær Antònio Guterres Hamas-angrepet på det sterkaste. Men han la til at Hamas-angrepet «ikkje hadde skjedd i eit vakuum». Israel meinte påstanden frå generalsekretæren var grotesk, og kravde at han gjekk av.(48)

Sidan det finst eit bakteppe av 56 år med okkupasjon, er det openbert sant at terroren ikkje skjedde i eit vakuum. Ingen tvilar på at det er frykteleg for israelarar å leve under eit stadig trugsmål om terror, eller at dei har «rett til å forsvare seg». Samstundes er det ikkje rimeleg å krevje at ein skal kunne halde millionar av menneske under streng militær okkupasjon på ubestemt tid, i generasjon etter generasjon. Ein okkupasjon vil alltid kunne føre til ekstreme motreaksjonar. Palestinarane har ikkje rett til å drive terror, men er ikkje forplikta til å sitte stille og ta imot alle overgrep som blir påførte dei. Tenk korleis du sjølv ville reagert i ein slik situasjon, ja, korleis mange nordmenn reagerte under krigen.

Palestinarane har ingen grunn til å håpe at okkupasjonen skal ta slutt. Tvert om. Dei ser at Israel stel bit for bit av landet og sakte men sikkert utvidar sine eigne grenser – som Israel nektar å definere, i håp om at landet skal vekse seg størst mogleg når dei endelege grensene ein vakker dag skal teiknast. Palestinarane er utan rettar og lever i ein kvardag med audmjukingar og vilkårlege overgrep, styrt av tusenvis av militære dekret, omkransa av busettarar som vil gjere livet deira så umogleg som råd – utan at dei risikerer anna enn mild straff.

Mens Israels leiarar i lange tider har sagt at det ikkje blir noka tostatsløysing, seier vestlege leiarar at dette enno er det som gjeld. Det er utan truverd. Sjølv i FNs korridorar er tostatsløysinga ein ståande vits, ifølge Craig Mokhiber, som sa opp FN-jobben av slike årsaker.(49) Palestinarane veit at det ikkje er plass att til å etablere ein palestinsk stat verd namnet. Dei ser at ingen gjer noko av praktisk verdi for å stanse Israel. Tvert om, både EU og USA inngår stadig privilegerte avtalar med landet.

Det er umogleg å tenke seg ei tostatsløysing utan at Israel blir utsett for massivt internasjonalt press. Og det er nesten like umogleg å sjå føre seg at Israel skal bli utsett for eit slikt press. Det er ingen sjanse for at Israel vil skape ein tonasjonal stat for både jødar og palestinarar. Og det er heller ingen sjanse for at Israel skal gå med på å trekke seg ut av Vestbreidda, etter å ha flytta 730.000 av eigne borgarar inn i ulovlege busettingar.

XV

Korleis krigen kjem til å slutte? Israel seier at Hamas skal utryddast, om det så tar ein månad eller eit år. For å gjere det må dei invadere Rafah og heile Sør-Gaza, der dei fleste palestinarane no sit som sild i tønne med eitt måltid om dagen, om dei er heldige. La oss seie at alle medlemmer av Hamas blei utrydda, kanskje saman med nokre titusen nye sivile palestinarar. Ville det fått Israel til å vere nøgde, for endeleg å vere kvitt den fremste fienden sin? Ville dei sagt at no kan vi endeleg skape fred og gi palestinarane ein stat og eit betre liv, og det vil smitte over på vårt land?

Det kan vi gløyme. Israel er blitt vand til å bruke berre eitt språk: dominans gjennom militær vald. Slik har det vore sidan Israel innførte «dei knuste beins politikk» under den første intifadaen for meir enn 30 år sidan, og kanskje heilt sidan 1948. Og slik er det i dag. Det er som ein barnleg fantasi om ein jernneve som kan knuse alt som står i vegen. Dette synest å vere den ufråvikelege doktrinen i Israels militære og politiske tankegang.

7. oktober viste at denne jerndoktrinen er ei kjelde til falsk tryggleik, men det inneber ikkje at Israel kjem til å endre han. Hamas angrep kjem til å bli nytta som bevis på at fred er umogleg, men at det ikkje er Israels feil.

Kva vil vi få vite, og ikkje få vite, om alt det som går føre seg desse månadene i 2023 og 2024? Det kjem illevarslande rapportar, til dømes frå FNs høgkommissær for menneskerettar, om at grupper av menn er blitt avretta framfor auga på slektningar.(50) Tusenvis av gutar og menn mellom 12 og 70 har blitt avkledde til underbuksa, fått bind for auga og blitt audmjuka og fotograferte, før dei er blitt bortførte til israelske fengsel.(51) Ut frå tidlegare erfaringar, og ei stor mengd vitnesbyrd, er det liten tvil om kva som går føre seg der.

Palestinarane i Gaza er gjennomtraumatiserte, lemlesta, huslause og påførte psykiske skadar. Dette kjem til å følge alle som har vore i dette infernoet, livet ut. For å gå tilbake til starten av dette essayet, der eg freista å få fram omfanget i drapstala ved å samanlikna med andre krigar: På nokre få månader er det altså drepe tre gonger så mange palestinarar som nordmenn under heile andre verdskrigen. Og 20 gonger så mange barn.

I Noreg har vi ikkje akkurat tatt lett på krigen som ramma oss, noko som viser seg gjennom tusenvis av bøker, artiklar, forskingsprosjekt, filmar, TV-seriar, utstillingar, debattar og så bortetter, kvart einaste år. Alle store plassar i Noreg, og dei fleste små, har minnesmerke i parkar og på torg, ofte med namnet på dei døde hogd i stein. Krigen har påverka fire generasjonar nordmenn. Trur du vanlege palestinarar er heilt ulike oss, og at dei sørger mindre over sine døde, eller føler mindre harme?

XVI

Den israelske historieprofessoren Ilan Pappe skreiv om Gaza alt i 2010: «Jødane veit frå deira eiga historie at gettoar anten gjer opprør eller blir øydelagde.» Opprør har det vore mange av, og no er gettoen heilt øydelagd. Ei gjenreising vil ta fleire tiår og kanskje koste minst eitt oljefond. Kor skal folk bu i mellomtida, no som over halvparten av alle bustader er øydelagde?

Det blir uansett FN, Noreg og andre villige land som må betale for gjenreisinga. Men er det verkeleg akseptabelt for oss, igjen og igjen å hive milliardar av kroner ned i dette svarte hòlet, når Israel når som helst kan bombe flatt att det som blir bygd opp? Eg har sett det same skje sidan 2002. Da skulle Israel utslette dei palestinske terrornettverka, som så mange gonger før og etter. Det dei gjorde, i tillegg til å arrestere nærare 10.000 palestinarar og drepe rundt 500, var å øydelegge radiostasjonar, TV-stasjonar, kraftverk, skular, universitet, klinikkar og moskear. Israel øydela også databasar og arkiv, som mødesamt var bygde opp, med stor hjelp frå norsk bistand og norske ekspertar innan til dømes statistikk. Det er liten militær logikk i dette. Poenget var å øydelegge palestinarane sine aspirasjonar om ein eigen stat, og dei konkrete institusjonane som kunne gjere han mogleg.

Det einaste lyspunktet av håp for palestinarane er at overnasjonale domstolar – som Den internasjonale domstolen og/eller krigsforbrytardomstolen i Haag – skal kunne sette Israel under press. Bortsett frå dette har palestinarane lite å håpe på. Det dei har framfor seg, er stadig nye utbrot av militær vald og kollektiv straff, i rørsler som er blitt sykliske som årstidene.

Samstundes endrar verda seg, alltid. Ingenting står stille. Og kva veit eg. Den tidlegare sjefen for den israelske tryggingstenesta Shin Beth, Ami Ayalon, vart intervjua av Dag og Tid i desember i fjor. Han meiner at Israel ikkje kan nå måla sine gjennom militærmakt: «Du kan ikkje avskrekke nokon som ikkje har noko å tape. Israel får ingen tryggleik så lenge palestinarane ikkje har noko håp. Palestinarane har rett til fridom, og dei fortener sin eigen stat.»(52)

«Mørkets barn» leikar på stranda i Gaza i 1999.

«Mørkets barn» leikar på stranda i Gaza i 1999.

Foto: Morten A. Strøksnes

XVII

Eg spelte fotball med ti–tolv år gamle gutar på stranda i Gaza. Sola stod lågt over Middelhavet og gav alt ein varm, naturleg glød, så fjern frå det beinkvite lyset frå fosforbombene. Etterpå bada alle, og gutane kasta seg rundt i vatnet mens bruset frå dei store bølgene blanda seg med latteren. Det er slik det skulle vore. Alt dette var ikkje nødvendig.

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

FOTONOTAR:

(1)

https://www.middleeastmonitor.com/20240206-unrwa-about-100000-dead-wounded-or-missing-in-gaza/

(2)

https://www.bbc.com/news/world-europe-68397525

(3)

https://www.statista.com/statistics/1293492/ukraine-war-casualties/

(4)

https://www.timesofisrael.com/world-bank-report-finds-45-of-residential-buildings-in-gaza-ruined-beyond-repair/

(5)

https://www.nytimes.com/interactive/2024/02/01/world/middleeast/Israel-gaza-war-demolish.html

(6)

https://www.npr.org/2024/01/24/1226534897/israel-has-destroyed-hundreds-of-educational-institutions-in-gaza-since-the-war

(7) https://www.amnesty.org/en/latest/news/2024/02/israel-defying-icj-ruling-to-prevent-genocide-by-failing-to-allow-adequate-humanitarian-aid-to-reach-gaza/

(8)

https://www.unicef.no/nyheter/krig-konflikt-og-overgrep/gaza-hungersnod-kan-inntreffe-nar-som-helst

(9) https://www.ohchr.org/en/press-releases/2024/03/un-experts-condemn-flour-massacre-urge-israel-end-campaign-starvation-gaza

(10)

https://en.wikipedia.org/wiki/Flour_massacre

https://klassekampen.no/artikkel/2024-03-02/vi-betaler-med-vart-blod-for-en-sekk-mel

(11)

https://www.spiegel.de/international/former-israeli-prime-minister-ehud-barak-criticizes-benjamin-netanyahu-sharply-a-ccf9d149-48b2-48f7-8625-21f5267fab10

https://www.nytimes.com/2023/12/10/world/middleeast/israel-qatar-money-prop-up-hamas.html

(12)

https://www.aa.com.tr/en/middle-east/israel-paints-palestinians-as-animals-to-legitimize-war-crimes-israeli-scholar/3030278

(13)

https://www.ynetnews.com/articles/0,7340,L-4605408,00.html

(14)

https://cpj.org/reports/2024/02/israel-gaza-war-brings-2023-journalist-killings-to-devastating-high/

(15)

https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC5528981/

(16)

https://www.nytimes.com/2024/02/17/world/europe/israel-gaza-trauma-mood.html

(17)

https://www.youtube.com/watch?v=ZbPdR3E4hCk

(18)

Ilan Pappe. Out of the frame. 2010. (I fotnote 4, kapittel 9, blir det henvist til arkivmateriale fra den israelske regjeringa).

(19)

https://www.jewishpress.com/news/breaking-news/226679/2015/05/10/

(20) https://www.jewishvirtuallibrary.org/jewish-and-non-jewish-population-of-israel-palestine-1517-present?utm_content=cmp-true

(21)

https://www.commondreams.org/news/israel-gaza-genocide

(22)

https://www.lrb.co.uk/the-paper/v46/n03/jan-werner-mueller/protest-problems

(23)

https://klassekampen.no/artikkel/2023-12-04/fikk-fyken-fra-jodisk-museum

(24)

https://www.newyorker.com/news/the-weekend-essay/in-the-shadow-of-the-holocaust

(25) https://www.theguardian.com/world/2024/feb/27/german-minister-says-she-was-only-applauding-israeli-filmmaker-at-berlinale

(26)

https://news.un.org/en/story/2023/10/1143002

(27)

https://www.timesofisrael.com/there-are-2-million-nazis-in-west-bank-says-far-right-finance-minister-smotrich/

(28)

https://www.theguardian.com/world/2015/oct/21/netanyahu-under-fire-for-palestinian-grand-mufti-holocaust-claim

(29)

https://thecradle.co/articles-id/7835

(30) https://www.dataforprogress.org/blog/2024/2/27/voters-support-the-us-calling-for-permanent-ceasefire-in-gaza-and-conditioning-military-aid-to-israel

(31)

https://purehost.bath.ac.uk/ws/portalfiles/portal/167838098/PII_IsraelLobbyEUreport2016_Cronin_Marusek_Miller.pdf

(32)

https://www.consilium.europa.eu/en/meetings/international-ministerial-meetings/2022/10/03/

(33)

https://www.coe.int/en/web/portal/israel

(34)

https://www.reuters.com/article/germany-bds-israel-idUSL5N22T4OA/

(35)

https://www.nybooks.com/articles/2008/02/14/the-problem-of-evil-in-postwar-europe/

(36)

https://www.versobooks.com/blogs/news/enzo-traverso-the-war-in-gaza-blurs-the-memory-of-the-holocaust

(37)

https://klassekampen.no/artikkel/2024-02-03/mener-mediene-bidrar-til-jodehat

(38)

https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/JQ9qWj/doedslisten-fra-gaza-flest-femaaringer-drept

(39)

https://www.nrk.no/nyheter/flere-barn-skal-vaere-drept-i-gaza-krigen-enn-pa-fire-ar-med-verdenskonflikter-1.16802171

(40)

https://www.timesofisrael.com/high-court-rejects-petition-to-disqualify-far-right-ben-gvir-as-a-minister/ https://en.wikipedia.org/wiki/Itamar_Ben-Gvir

(41)

https://www.theguardian.com/commentisfree/2024/mar/04/israel-settler-violence-sanctions

(42)

https://www.dagogtid.no/samfunn/utanriks/ein-kritisk-israelven-6.121.33758.de4cb21196

(43)

https://www.morgenbladet.no/ideer/2024/03/07/martin-krasnik-norge-lukker-oynene-for-palestinsk-terror/

(44)

https://www.morgenbladet.no/aktuelt/2024/03/07/trusselen-mot-jodene-virker-fravaerende-i-norsk-debatt/

(45)

https://www.morgenbladet.no/aktuelt/2024/03/07/trusselen-mot-jodene-virker-fravaerende-i-norsk-debatt/

(46)

https://en.wikipedia.org/wiki/International_recognition_of_the_State_of_Palestine

(47)

https://no.wikipedia.org/wiki/Israels_venner

(48)

https://www.timesofisrael.com/israel-livid-after-un-chief-says-hamas-attacks-did-not-occur-in-vacuum/

(49)

https://klassekampen.no/artikkel/2023-11-24/i-fns-korridorer-er-tostatslosningen-en-vits

(50)

https://reliefweb.int/report/occupied-palestinian-territory/un-human-rights-office-opt-unlawful-killings-gaza-city

(51) https://reliefweb.int/report/occupied-palestinian-territory/un-human-rights-office-opt-disturbing-reports-north-gaza-mass-detentions-ill-treatment-and-enforced-disappearances-possibly-thousands-palestinians

(52)

https://www.dagogtid.no/samfunn/ein-krig-utan-horisont-6.121.31904.963cb13322?sharer_id=67845&utm_medium=sharing

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes
Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis