JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Strøksnes’ logiske fullbyrdingar

Morten Strøksnes nemner at Hamas har ansvaret for terroråtaket, men viser ikkje den minste interesse for den historiske og ideologiske bakgrunnen for åtaket.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Weekendavisen

Foto: Weekendavisen

4803
20240405
4803
20240405

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Midtausten

«Alt dette var ikkje nødvendig» lyder tittelen på essayet om krigen mellom Israel og Hamas som Morten A. Strøksnes skreiv i Dag og Tid 22. mars 2024. Alt i tittelen bryt han med sjangeren: I eit essay utforskar forfattaren gjerne eit emne ved lojalt å prøve å argumentere for og imot ein påstand. Men den vitande, velskrivande Strøksnes prøver ikkje. Han har bestemt seg frå byrjinga: «Øydeleggingane i Gaza var ikkje nødvendige», men skal sjåast på som den «logiske fullbyrdinga» av Israels politikk dei siste 50 åra.

Strøksnes brukar energi på å kritisere boka mi (En smal bro over avgrunnen) om den 7. oktober og krigen som følgde, som kom på norsk sist månad. Lat meg slå fast at vi er samde om fleire ting: at Hamas ber eit stort ansvar for den aktuelle situasjonen, og at Israels krigføring er svært kritikkverdig, særleg i fråværet av ein politisk plan for korleis konflikten skal avsluttast. Eg meiner ikkje at den palestinske motstanden mot Israel på nokon måte legitimerer okkupasjonen. Eg hatar både Netanyahu og busetjarrørsla.

Antisemittisk ideologi

Men Morten A. Strøksnes gjer akkurat det som store delar av den norske ålmenta og det meste av den vestlege venstrefløya gjer: Han nemner at Hamas har ansvaret for terroråtaket, men viser ikkje den minste interesse for den historiske og ideologiske bakgrunnen for åtaket. Okkupasjon, skriv han, vil «alltid føre til ekstreme motreaksjonar», nesten som om åtaket den 7. oktober var eit naturfenomen og ikkje utført av ei rørsle med ein faktisk ideologi bak seg.

«Eg hatar både Netanyahu og busetjarrørsla.»

Faksimile av Dag og Tid 22. mars 2024.

Når Strøksnes er så glad for slutningsrekkjer, burde han i det minste vere open for at åtaket frå Hamas var «den logiske fullbyrdinga» av 100 års arabisk og palestinsk vald mot jødar og israelarar. Det kjem av ein antisemittisk ideologi som har prega den arabiske motstandskampen heilt sidan dei første jødane flykta frå pogromane i Europa og kom til Palestina. Antisemittismen er sentral for den islamismen som oppstod først i det 20. hundreåret, og jødehatet kan ikkje skiljast frå den militante antisionismen, som har vore ein drivar i den valdelege motstanden mot jødiske sivile før og etter Israel vart grunnlagt.

Det som ikkje blir nemnt

Strøksnes har stor forståing for den palestinske sorga og den rettkomne motstanden mot «busetjar-sionismen», medan han tek opp Israels «vreide» over terroråtaket i éi einskild setning. Ikkje eitt ord om dei arabiske krigane mot Israel eller Hamas-terroren som smadra Oslo-prosessen. Avvisinga hans av sjansen for ei tostatsløysing kjem åleine av Israels okkupasjon, medan den forståelege nervøsiteten dei fleste israelarar har for risikoen for eit Hamas-kontrollert Palestina på Vestbreidda, ikkje blir nemnt.

7. oktober 2023: Telt, leivningar og ein utbrend varebil ved ein musikkfestival på israelsk side nær grensa til Gaza. Her blei minst 260 festivaldeltakarar drepne av væpna palestinarar denne dagen.

7. oktober 2023: Telt, leivningar og ein utbrend varebil ved ein musikkfestival på israelsk side nær grensa til Gaza. Her blei minst 260 festivaldeltakarar drepne av væpna palestinarar denne dagen.

Foto: Ohad Zwigenberg / AP / NTB

Det mest slåande er dette: Heile to gonger peikar Strøksnes på at Israel har drepe fleire palestinarar i den aktuelle krigen enn talet på nordmenn som vart drepne i andre verdskrigen (norske jødar medrekna). Kva føremålet med denne samanlikninga er, synest uklart, men ein blir etterlaten med eit diffust ubehag. Det faktumet at norske jødar, til liks med trusfellar i dei fleste vestlege landa, no lever med politivern, blir ikkje nemnt med eit ord. Det blir heller ikkje plass til ein liten refleksjon om samanhengen mellom den ideologien som fekk Hamas-krigarane til å gjennomføre eit av dei mest ekstreme terroråtaka i historia, og det terrortrugsmålet som inneber at jødiske born i Europa går på skule bak væpna soldatar. I staden siterer Strøksnes historikaren Tony Judt, som openbert meinte at det er pro-israelarars urimelege skuldingar om antisemittisme som «tvert imot stimulerer antisemittisme». Dei fleste bør sjå kor giftig denne figuren er.

Skubber andre røyster framfor seg

Strategien til Strøksnes er å skubbe andre røyster (helst jødiske) framfor seg, som om det gir påstanden ein særleg etos. Derfor dreg han også inn historikaren og mange Israel-kritikarars poster boy Ilan Pappe, sjølv om Pappe ikkje har nokon respekt blant seriøse historikarar. Han vel dette sitatet av Pappe: «Jødane veit frå deira eiga historie at gettoar anten gjer opprør eller blir øydelagde.» Poenget med dette sitatet er tydeleg nok å gi jødane ein leksjon i eiga historie og minne dei om det bestemte medvitet og den bestemte moralen det burde utstyre dei med. At nettopp den historia kunne gi nokre meir tenksame perspektiv på den forferdelege situasjonen i Midtausten, får ein dessverre ikkje noka kjensle for i essayet til Morten A. Strøksnes.

Martin Krasnik er sjefredaktør i Weekendavisen.

(Innlegget er omsett frå dansk av Dag og Tid-redaksjonen.)

Fleire artiklar

Ordskifte

Ny kurs med endra styrkeforhold?

«I konfliktar er styrke viktigare enn hensikter og narrativ.»

ErikKlepsvik
Ordskifte

Ny kurs med endra styrkeforhold?

«I konfliktar er styrke viktigare enn hensikter og narrativ.»

ErikKlepsvik
Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen
Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis