Sport

Lyden av fotball

Olav Traaen (54) er for oss som ikkje har fotballabonnement på TV 2 og Viaplay. Eller sit i bil. Eller er utanlands, eller ryddar i hagen og vaskar hus. Vi som berre vil ha stemninga av fotball.

– Og så bryt Sporting, Sporting kjem utanfor 16-meteren, innover i banen, ute til høgre, dei kan skyte i mål, og dei skyt i mååål, kommenterer Olav Traaen, mens Andrine Hegerberg konstaterer at Bodø/Glimt er ute av Champions League.
Publisert Sist oppdatert

Det er tysdag ettermiddag og to timar til kampstart. Olav Traaen sit i ein sofa innanfor fjernsynsresepsjonen. Han er radiokledd. Mørk dressjakke med diskrete striper, mørkeblå krølla skjorte, romsleg dongeribukse og inngangskortet til NRK i snor om nakken. Enno snakkar han tilnærma normalt.

– La meg først stille spørsmålet som er essensen av all sportsjournalistikk. Kva føler du no?

– No er eg litt spent. Det er jo ein utruleg stor fotballkamp i kveld. Bodø/Glimt kan gå til kvartfinalen i meisterligaen i fotball. Det er ikkje kvardagskost for norske klubbar, svarer Traaen, for slik er sportskommentatorane.

Ein stiller eit spørsmål, og så set dei utfor. Ordflaumen er umogleg å bryte av, og før vi lèt Traaen halde fram, minner vi om at dette neste ikkje skal lesast flatt, men med trykk på enkelte ord, i neste avsnitt markert med kursiv.

– Og det Bodø/Glimt har gjort, er jo eit fotballeventyr av dimensjonar. No har dei vunne fem kampar på rad i meisterligaen. Dei har jo no gått inn i fotballens ballsal. Og for berre nokre år tilbake spelte dei på nivå to. Tenk deg det: Då møtte dei, med all respekt, Elverum, Strømmen, Florø. Få tilskodarar. Dei har ikkje hatt ein rik onkel til å byggje seg opp. Dei har gjort dette på eiga hand. Og no er dei jo rike. Dei har spela inn over ein halv milliard denne sesongen i meisterligaen. Så det regnar jo nærast pengar inn på Aspmyra stadion for tida.

– Men kva føler du sjølv før kampen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement