JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Å døy er for lettvint

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Faksimile frå Dag og Tid 11. november 2022

5269
20221118
5269
20221118

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Georg Johannesen

Artikkelen min «Profet utan bodskap» har fått svar frå Bjørn Kvalsvik Nicolaysen og Amund Børdahl.

Nicolaysen, professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger, meiner at vurderinga mi av forfattarskapen til Georg Johannesen var å «rakke subjektivt ned på Georg Johannesens verksemd, minne og såkalla disiplar», og han legg til at å ta «oppgjer med avdøde personlegdommar er ingen risikosport», dei kan jo ikkje ta igjen. Det ser ut til at Nicolaysen meiner det er umoralsk å kritisera forfattarar som ikkje er i live.

Slik litterær fedredyrking stod fjernt for Johannesen sjølv, som har late etter seg verselina «Å dø er for lettvint». I det vidgjetne essayet «Om den norske nyrealismen» frå 1973 slakta han ikkje berre Kristin Lavransdatter-trilogien til Sigrid Undset, som døydde i 1949, men nytta den polemiske krafta si mot idéhistorikaren A.H. Winsnes, som døydde året før, og mot litteraturforskaren Fredrik Paasche, som døydde i 1943. Slike oppgjer er ikkje kritikkverdige. Utan dei ville litteraturhistoria stå stille.

Nicolaysens innlegg er for det meste minne om Georg Johannesen som lærar ved Universitetet i Bergen i 1970- og 1980-åra, der det ifølgje Nicolaysen vart nådd eit kulturelt høgdepunkt utan historisk sidestykke, for «kan hende aldri før eller sidan har ein opplevd så mykje nytenking».

Vekta i artikkelen min ligg på Johannesens verksemd i 1950- og 1960-åra og litt inn i 1970-åra, der etter mi meining nesten alt litterært verdfullt i verket hans finst. Det er ikkje til å kome frå at denne verksemda skapte beundrande sirklar av tilhengjarar kring Johannesen. I den leseverdige Johannesen-biografien Innerst i hjertet har jeg min forstand syner Alfred Fidjestøl korleis denne krinsdanninga heldt fram gjennom heile karrieren hans.

Eg kallar desse krinsane for «læresveinar», tolka av Nicolaysen som «disiplane som utførte oppgåvene Georg Johannesen pålagde dei». Men her overfortolkar Nicolaysen. Ein læresvein treng ikkje vere sjølvutslettande, og ein læresvein skal sjølv verte meister. Eg meiner heller ikkje at dei som hylla Georg Johannesen var usjølvstendige løpegutar, anten det var Paal Brekke, Jan Erik Vold, Einar Økland eller Kjartan Fløgstad, men at dei beundra og såg opp til han, noko det knapt kan vere tvil om.

Eg trur at denne personlege nærleiken til den karismatiske Johannesen, som i 1950-åra var ein føregangsmann for den nye venstresosialistiske rørsla, smitta over på den litterære vurderinga hos mange som elles skulle vise seg å vere sjølvstendige nok. Eg meiner at dette kan forklare diskrepansen mellom det ujamne litterære verket til Johannesen og overvurderinga av han som ein av våre største diktarar og tenkjarar i det heile.

I 1990 vart Georg Johannesens diktsamling Ars moriendi kåra til den beste diktboka i førre hundreår, av ein jury på 75 samtidslyrikarar. Eg skriv at ei slik kåring «seier mindre om Ars moriendi enn om kva som vart rekna for å vere moteriktig poesi i flokken av samtidsdiktarar». Om eg har rett i dette, meiner Nicolaysen, måtte Johannesen ha fått «epigonar», altså lyrikarar som etterlikna han. Kanskje ville ei nærlesing av lyrikken på denne tida ha funne slike, men det er utan betyding for argumentet mitt. Kåringa var uttrykk for smaken til samtidslyrikarane i 1990 og kan ikkje stå som ein gyldig dom utan appell tretti år seinare.

Om den politiske tenkinga til Georg Johannesen skriv Nicolaysen at tilhøvet hans til «Sovjet var meir romantisk enn praktisk», og legg til: «Gret gjorde han kvar gong han mintest dei russiske krigsfangane som vart marsjerte gjennom bergensgatene etter fredsslutninga, og som skulle heim for å døy.»

Som politisk orientert forfattar måtte Georg Johannesen vite om det sovjetiske leirsystemet som vert skildra i Aleksandr Solzjenitsyns trebinds GULag-arkipelet, som kom på norsk i 1973–1976. Men som så mange venstreintellektuelle på 1900-talet meinte han at det sovjetiske diktaturet stamma frå tsartida, ikkje frå kommunismen, og i overskodeleg framtid ville utvikle seg til «det statsløse idealsamfunn hvor alle yter etter evne og får etter behov» (Orientering, 12. august 1961)

På grunn av det politiske grunnsynet sitt sympatiserte Georg Johannesen med sovjetregimet og ville ikkje distansera seg frå det. Dette kallar Nicolaysen «romantisk». Det rette er å kalla det ideologisk forblinding. Alt anna er tilsløring.

Ifølgje Nicholas Bethells Den siste hemmelighet, som kom ut på norsk i 1975, hamna mange av dei russiske krigsfangane som Georg Johannesen såg i Bergen under krigen, i sovjetiske konsentrasjonsleirar etter 1945. Dei var fyrst Hitlers slavar, så Stalins. Etter det Nicolaysen skriv, visste Johannesen dette. Han støtta sjølvsagt ikkje diktatur og konsentrasjonsleirar, men lojaliteten hans til kommunismen var så sterk at han dempa kritikken av Sovjetunionen.

Amund Børdahl, som også kommenterer omtalen min av Johannesens tilhøve til Sovjet, meiner at kritikken av sovjetdiktaturet ikkje lenger «kjennest aktuell». Kor haldbar er kritikken av ideologisk forblinding som lét dei intellektuelle romantisere politiske diktatur, sånn omtrent? Det kunne vere greitt å vite når slik kritikk går ut på dato.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis