JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Polemikk utan glede

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2966
20221111
2966
20221111

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Georg Johannesen

Hans E. Kinck skriv ein plass at det sjeldan kjem noko godt ut av polemikk. Det har han mykje rett i. Då eg høyrde at Kaj Skagen hadde skrive ein polemisk kronikk om Georg Johannesen (GJ), tenkte eg først at her lyt nokon gå til motåtak og sjå til å få mannen ned frå pidestallen sin. Av det Skagen har skrive, hugsar vi i mine kretsar særskilt ein kronikk i Dag og Tid om Leonard Cohen sin konsert i Bergen for nokre år sidan. Skagen ytra si forakt for publikumet på Koengen, som med dissande magar og øl i neven hadde ein stor kveld utan å få tak i den åndelege dimensjonen. Som ein kompis formulerte det: Skagen ville nok ha føretrekt å få være aleine ute på jordet med blafrande stearinlys i ein eim av jødisk mystikk medan Cohen song godnattsongar for han.

Men då eg las Skagen sin kronikk «Profet utan bodskap», tenkte eg annleis. Skagen gir ein underhaldande gjennomgang av ymse sider ved GJ sitt verk og virke, og han skriv glitrande. Hovudpoenget hans er at forfattarskapen til GJ har vore overvurdert på grunn av den tiltrekkinga den sterke personlegdomen til forfattaren øvde på ein «krins av beundrarar» sidan femti–sekstitallet og opp gjennom åra. Nye «læresveinar» melde seg støtt, blenda som dei var av talegåver og anna slikt.

Store delar av kronikken går sjølvsagt også med til å slå fast at sovjetkommunistisk diktatur ikkje er bra; Skagen tilhøyrer ein generasjon der slik kritikk framleis kjennast aktuell. Det «gamalkommunistiske politiske synet» til GJ får så øyra flagrar. Det gjer sikkert godt å få satt skapet på plass i eiga stove endå ein gong!

Eg er samd med Skagen i at tomt skryt ikkje er noko å ettertrakta. Eg deler også hans høge vurdering av attdiktaren GJ. Nokre av dei beste tinga hans finn ein utan tvil her. Forfattarskapen elles er ujamn, men det er jo gjerne særmerkte forfattarskap; berre dei middelmåtige skriv godt heile tida.

Men Skagen tek for lett på den gleda andre kan ha av bøker (musikk, bilete og så vidare) ein ikkje sjølv er så begeistra for. Han likar dårleg at diktboka Ars moriendi og sakprosaboka Om den norske tenkemåten har vunne konkurransar om kva som er best og viktigast. Det er jo greitt, det, men ein vert nyfiken på kva bøker Skagen sjølv ville hatt på pallen.

Når Skagen trekker fram det «eksistensielle» diktet «Du» som eit av dei dikta frå Dikt 1959 «som har halde seg», anar det meg at vi skil lag i estetisk dømmekraft. Eg vil heller sitera «Tem fuglene». Det er eit dikt som peikar framover i forfattarskapen, og mot oss:

Tem fuglene

som flyr til alle land

og be dem tale til deg om din lengsel

De blir til papegøyer eller høns

Det er fuglenes likhet med oss

Tem fiskene

som kjenner sine hav

og be dem tale om en bølges visdom

Du har akvarium med luft som vann

men ingen bølger, ingen bølges visdom

Fortell at du har rotter i ditt hus

at du og katten drikker samme melk

Tem løvene som brøler i sin ørken

og si at du er tam og derfor grusom

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis