JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Nokre pauli ord om Georg Johannesen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Georg Johannesen  fotografert i 1999 med ein stabel Rhetorica Norvegica.

Foto: Erik Johansen / NTB

8587
20221111
8587
20221111

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Georg Johannesen

I sin uforgripelege visdom har Dag og Tid-redaktøren gjeve Kaj Skagen fire sider til å rakke subjektivt ned på Georg Johannesens verksemd, minne og såkalla disiplar. «Kvantitet er kvalitet», observerte Georg Johannesen i si tid om kva talet på sider ofra på dei einskilde forfattarskapa, fortalde om verdivurderingane til redaktørar og litteraturhistorikarar. Anten Georg Johannesen eller Kaj Skagen eller båe er såleis umåteleg viktige, sett frå bladstova.

Å ta oppgjer med avdøde personlegdommar er ingen risikosport. Heller ikkje å lage gjøglebilete av 1950-talets fridomstrong og rådande tale- og skrivemåtar då og i dag. For oss som las Om den norske tenkemåten då essaysamlinga kom i 1975, var det ei openberring å oppdage i kva grad norsk offentleg språkbruk var grunnleggjande paradoksal. Mykje offentleg språkbruk stod for det motsette av kva ein vanlegvis førestilte seg. Såleis at u-hjelp var avlat, at ein burde boikotte Noreg heller enn land langt borte – og at der i landet vårt ikkje fanst noka venstreside eller høgreside.

Skagen prøver å dele verda inn i dei fornuftige som deler hans eigne synspunkt, og ei slag pervertert venstreside i kulturlivet. På denne såkalla venstresida har visst flestalle frykta Georg Johannesen og difor ikkje til denne dag tort å mukke mot han. Starten skal visst liggje hjå slike eminent sjølvstendige folk som Einar Økland, Jan Erik Vold, Jon Hellesnes og Karin Moe, skrivarar med eigne særmerkte uttrykk som ingen nokosinne har rekna som epigonar.

Biografen Alfred Fidjestøl definerte bergensmiljøet som unge menneske som sat ikring og dyrka Georg Johannesen. Raskt vart dette til eit litterært grep i bokmeldingar og artiklar, såleis no av Skagen: disiplane som utførte oppgåvene Georg Johannesen pålagde dei. Men for oss som kjende mannen, veit vi godt at var det noko han hata, var at folk snakka han etter munnen eller prøvde å etterlikne han. Eit anna er at desse såkalla disiplane, desse Fidjestøl og andre omtalar som unge studentar, i starten av bergenstida for Georg Johannesen var folk som Sveinung Time, Ottar Grepstad, Inger Vederhus, Jostein Gripsrud, Aslaug Nyrnes – ikkje nett folk som er kjende for å vere umælande og usjølvstendige.

Dag og Tid har hatt det moro med å forsyne Skagen-teksten med mellomoverskrifter som «læresveinar» – som dei heitte, Jesu disiplar, i mi skuletid. Skulle ein drive samanlikninga vidare, laut ein likevel minnast at dei fire evangelistane skreiv heilt ulike soger om meisteren. Det vil nok måtte gjerast om Georg Johannesen også, etter kvart, for noka georgiansk lære eller dogmedanning finst ikkje. Det kjem av at sjølve arbeidsmåten, skrivemåten, rettleiingsmåten til Georg Johannesen var grunnleggjande aporetisk – altså konstruert for å finne fram til paradoks, dette som skjer når ein set saman to rette premiss og får ein falsk konklusjon.

Skagen, Fidjestøl og andre skjønar ikkje konteksten ved Universitetet i Bergen frå 1970-talet til 1990-talet. Historisk-filosofisk fakultet var under rask utvikling både organisatorisk og fagleg. Kan hende aldri før eller sidan har ein opplevd så mykje nytenking. Varige tilskot til tenkinga ikring skriftkultur og språkbruk gav Georg Johannesen gjennom sine seminar om sakprosa og elles i undervisning om folkedikting og populærkultur – men ikkje aleine, alltid i diskusjonar med kollegaer og studentar!

I 1979 tok Ottar Grepstad initiativ til eit kollokvium som utvikla seg til eit fagseminar for studentar om sakprosa og især essayistikk. Då var eg i Uppsala, reiste etter mellomfagseksamen om hausten til Oslo, men vende attende til Bergen hausten 1981. Sveinung Time fekk meg med i artikkelsamlinga som Grepstad strekte kjølen til, Essayet i Norge. Denne boka var med på å skape diskusjonar som førte til ei rekkje forskingsprosjekt i Bergen og andre stader, og som òg gjorde det relevant å drøfte trongen for å fornye oppfatninga om retorikk.

Sjølv fekk eg fransk statsstipend til Paris i 1982 og var der ei tid som student, så eg hadde ikkje stunder til å sitje ved nokon Meisterens føter i Bergen, men møtte mange av dei som då faktisk vart dyrka i Bergen. Sidan lærte eg at å fortelje nytt frå utlandet på eit norsk universitet var høgst risikabelt; ein vart hugsa som sær med sære meiningar, heilt til det ein snakka om, seinare kom på mote – då vart ein framleis hugsa som sær, sjølv om alle no skulle snakke om det same. Å framstille bergensmiljøet som sært er sjølvsagt kulturpolitisk; alle måtte jo vere «disiplar» av Georg Johannesen, hugsa etter syttitalets legender frå ei oslotid som ikkje alltid var lett for han. Slikt er nyttig for dei som meiner dei bør ha krav på midlar og merksemd, og at ikkje feil folk må få tak i pengar og stillingar.

Der var mange forum for diskusjon på Universitetet i Bergen den gongen, bruket syda av diskusjonar og debattar. Koss kunne ein vel unngå det, med slike folk der som Hans Skjervheim, Gunnar Skirbekk, Arild Utaker, Arild Haaland, Willy Dahl, Jostein Børtnes, Knut Fægri, Gunnar Danbolt, Marit Wærness, Bente Alver, Siri Meyer, Jorunn Veiteberg – og talrike andre kritiske og originale røyster som gjorde sitt til nydanning av tenkjemåtar og organisasjonsformer. Då nokre studentar laga Retorisk Forum, var det i pakt med tidsånda. Vi inviterte etter kvart Georg Johannesen med, men han måtte vere «æresformann», for organisasjon hadde han ikkje peiling på; han hadde såleis ein fiks idé om at alt praktisk måtte drivast av eit «triumvirat», problemet var berre at han gav dei tre ulike meldingar. Så det var tidleg sjølvslutta.

Skagen ser seg i stand til å avgjere kva som var moteriktig poesi på den tida Ars Moriendi vart kåra til beste diktboka på hundre år. Dersom Skagen skulle ha rett, er det underleg at Georg Johannesen ikkje fekk epigonar i lyrikken, læresveinar som ville overgå meisteren. Snarare kjende Georg Johannesen seg mykje plaga av å vere utnemnd til framståande lyrikar, for det innebar at ingen eigentleg høyrde etter når han prøvde å analysere saktekstar, talar og aktuelle retoriske situasjonar – då skulle han alltid vere djup og uutgrunneleg lyrikar. Det hadde nok sitt å seie for at det gjekk ei god stund før han igjen gav ut lyrikksamling.

Politikar var Georg Johannesen berre flekkvis, såleis i Oslo bystyre for SF på slutten av 1960-talet. Han heldt store innleiingsinnlegg, godkjende av partigruppa, men fekk ikkje ta replikk – då bar det raskt ut på viddene. Tilhøvet til Sovjet var meir romantisk enn praktisk. Det var prega av andre verdskrigen, Stalingrad og i panserslaget ved Kursk især. Det var òg dobbelt, og noka ideologisk utgreiing om Sovjet eller kommunismens fedrar skreiv han aldri. Gret gjorde han kvar gong han mintest dei russiske krigsfangane som vart marsjerte gjennom bergensgatene etter fredsslutninga, og som skulle heim for å døy. Utanom dette var einaste konstanten at han inderleg hata AKP(m-l), eit reint, uforfalska og ublanda hat. Jau, han godtok til naud folk som hadde forlate m-l-rørsla med open kritikk, men han kunne ikkje bare seg for å kjefte på desse.

Haldninga til AKP kan ha hatt samband med det han opplevde som ung i Sosialistisk Studentlag i Oslo, der eit mindretal ekskluderte fleirtalet, sidan Påskeopprøret og alt som førte fram til SF – som han meinte oftast var feil styrt. Han sette høgremannen Sjur Lindebrække frå Bergen høgare enn Thorvald Stoltenberg, og likte Jan P. Syse langt betre enn Gro Harlem Brundtland. Grunnen var nok i stor grad at Stoltenberg og Brundtland båe var med på prosessen som lukka Arbeidarpartiet om ein liten krins som fekk kontrollen med den seinare utviklinga.

Skagen, forfattaren av Bazarovs barn som gjorde inntrykk i Akademia då boka kom, og som jamvel Georg Johannesen las med ei viss anerkjenning, grip til ein grov reduksjonistisk strategi. Plent skal det skapast eit inntrykk av Georg Johannesen som førar og forførar på ei såkalla venstreside som han slett ikkje aksepterte fanst, likså lite som han meinte der fanst ei «høyrebølge».

Det er for så vidt greitt at Skagen ikkje ser poenget i måten Georg Johannesen dekonstruerte metaforar og språklege mønster og avslørte paradoks på. Det er likevel syrgjeleg og interessant at Dag og Tid prioriterer Skagens politiske mystisisme så høgt, og ikkje oftare heller vender seg til nynorskskrivande filosofar eller samfunnsvitarar som faktisk har tenkt over kva språkbruk har å seie for politikk og deltaking.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis