Reportasje
Inn i folkemusikkberget
EIDFJORD: Landskappleiken er årets høgdepunkt for dei fleste som driv med folkemusikk her i landet. I år hadde karavanen funne vegen til Eidfjord i Hardanger, der Hardanger spelemannslag var vertskap.
Vinnar spel hardingfele A: Helga Myhr.
Foto: Anders Medhus / Hallingcast AS / FolkOrg
I Hardanger har felespelarar til alle tider spelt til bryllaup og til gravferd, i alt frå storslegne ungdomshus og salar til mørke eldhus og kjellarar. Slik er det enno. Folkemusikken gjennomsyrar kvardag og fest, og er ein naturleg del av livet.
Alt heng saman med alt, heiter det. Det er noko eg som forfattar alltid har vore oppteken av. Granvin, bygda eg kjem frå, er kjent som ei slags spelarhole. Sjølv bur eg ved Granvinsvatnet. I enden av vatnet, på Øvre Vassenden, dreiv spelemannen Eirik Medås gjestgjevarstad på 1800-talet. Han skal ha vore så glad i drykk at kona hans låste vinkjellaren og bar nøkkelen på seg. Blant dei meir kjende gjestene var målarane Tidemand og Gude, og i 1843 måla Adolph Tidemand Eirik Medås. Difor veit me i dag om lag korleis Medås såg ut.
Mest kjend er nok Eirik Medås for dei lyriske huldreslåttane me har etter han. Spor av desse finst i Geirr Tveitts klassiske musikkstykke Hundrad Hardingtonar. Slik er det ofte med folkemusikken. Han lever vidare i annan, nyare musikk. Heldigvis lever han òg vidare i seg sjølv, som seg sjølv. Landskappleiken er ein viktig grunn til nett det.
Møtestaden
Landskappleiken er eit slags vindauge inn i folkemusikken, inn i fortid og framtid. Kring jonsoktider kvart år møtest folk frå heile landet til tevling frå morgon til kveld, fire dagar til endes. I år var det 40 klassar, med 970 deltakarar.
Eit par dagar inn i kappleiken orsaka eg det seine svaret mitt til ein forfattarkollega i Oslo med at eg var på landskappleik. Kollegaen svara: «Kos deg på landskappleik, hva nå det er!» Nett då innsåg eg at det finst velutdanna og oppegåande kulturarbeidarar i landet som ikkje veit kva Landskappleiken er. Sjølv trur eg at eg har visst kva denne kappleiken var, heilt sidan eg var lita, men eg har berre nokre få gonger vore der sjølv. I år hadde eg mange roller: to turar på scenen som forfattar, dugnad i matteltet, mor til ein juniordansar og publikummar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.