JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Nostalgisk fiksjonsquiz

Family fortel historia om ei oppdikta musikkrørsle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1717
20200904
1717
20200904

Pop

Owl_Skip:

Family

Bandcamp/itch.io

Den britiske musikaren og spelmakaren Tim Sheinman arbeider under namnet Owl_Skip og har fått ein god del merksemd den siste tida for det uvanlege verket Family. Det er tale om eit samlealbum med musikk framført av oppdikta band i ein liksomgløymd avkrok av Londons musikkscene på 80-talet, samt ein musikkquiz i dataspelform der ein lyt nøste opp i mystikken kring kven som spelte i kva band gjennom å lese presseklipp og lytte til radioprogram inspirerte av John Peels Rock Family Show.

Omgrepet hauntology har blitt brukt av musikkritikarar som Mark Fisher og Simon Reynolds om eksperimentell, oftast elektronisk musikk (til dømes Burial og The Caretaker) som handsamar «ein nostalgi for ei framtid som aldri blei noko av og ein visjon om eit underleg, alternativt Storbritannia». Den oppdikta indiepopscena ein stiftar detaljert kjennskap med i Family, derimot, uttrykker nostalgi for ein type jangle-pop og new wave som finst i store mengder i røynda.

Kan hende seier dette simulerte stykket musikkhistorie noko djupt om den britiske kulturelle psyken i brexitalderen, men eg lyt likevel vedgå at eg synest musikken er heller uinteressant, og at eg dermed har vanskar med å finne meining i å nøste opp i samanhengane mellom dei ni oppdikta banda og dei konstruerte kunstnariske signaturstilane deira. For dei som likar alternativ-pop à la The Smiths og musikkquiz så godt at fakta om den reelle musikkscena ikkje er nok til å slokke kunnskapstørsten, er nok dette ordentlige godsaker – og dertil heilt gratis.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, trommeslagar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis