JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Underfundige Tang Wa

Når skal resten av Noreg få augo opp for dette viseunikumet frå Stavanger?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2024
20171208
2024
20171208

Viser

SVEIN TANG WA:

Perler fra Svein

Svein Tang Wa, vokal; Arne Skage, gitar; Reidar Larsen, tangentinstrument; Johan Egdetveit, trekkspel; Øystein Eldøy og Tor Mathisrud, bass; Stein Inge Brækhus, trommer; Knut Wedø, blokkfløyte; Britt-Synnøve Johansen, Randi Tytingvåg og Hanne Vasshus, vokal. BALDER006

Det er 19 år sidan Svein Tang Wa gav ut den fantastiske, men sterkt underkjende plata Hørr gjøken. Alle kåringar av dei ti beste populærmusikalske platene med norske artistar må sjølvsagt innehalda denne perla frå Tang Wa. Nokre plater er komne i mellomtida, og dei har vore vel verde å lytta på, men på Perler fra Svein når han opp til klassikaren frå 1998 ved fleire høve.

Same leisten

Det er same leisten Tang Wa syr visene sine over i 2017 som i 1998. Dei episke dikta handlar ofte om det sjølvopplevde gjennom eit 71 år langt liv. Han er best når blikket vert vendt mot barndommen, som i «Mor sin arm» eller den ironiske og samfunnskritiske «Domt av meg å ble voksen». Tang Wa kan vera kritisk og refsande, men oftast er han naivt venleg og sjølvironisk om alle sine feilsteg og alt anna utilstrekkeleg ved eigen person. Humoren er ein berebjelke i det kunstnarlege prosjektet hans, men det er ein humor som nesten alltid er blanda med vemod, og alt blir framført på kav stavangersk.

Hitpotensial

Komposisjonane som Tang Wa med to unnatak står bak, er harmonisk enkle og melodiøse. Han har framleis med seg fleire av dei same musikarane som han hadde for 20 år sidan. Musikarane er lojale til dei enkle arrangementa og det nedstrippa og gjennomsiktige lydbiletet. Skage og Egdetveit legg inn nokre velformulerte kommentarar hist og her, men her skal alt stø maksimalt opp under teksten og Tang Was vokale uttrykk. Den optimale symbiosen oppstår i «Snart nok». Maken til hitpotensial har ikkje Tang Wa varta opp med nokon gong.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis