Karoline Wallace triumferer
Molecules møter Skomsvoll, og søt, men sær musikk oppstår.
Karoline Wallace og bandet Molecules har med seg Erlend Skomsvoll på den nyaste plata si.
Foto: Ukjend
Jazz
MOLECULES & ERLEND SKOMS-VOLL:
Louder Than You
Karoline Wallace, vokal; Jonas Flemsæter Hamre, tenorsaks; Tancred Heyerdahl Husø, trompet; Mathias Marstrander, gitar; Erlend Skomsvoll, piano og orgel; Petter Asbjørnsen, bass; Øyvind Skarbø, trommer.
ØRA FONOGRAM OF121
Det er i Bergen det skjer – også på jazzfronten. Hovudpersonen, vokalist og komponist Karoline Wallace, kjem rett nok frå Stabekk, men ho har budd og verka i Bergen dei siste tre–fire åra, og ho har sett merke etter seg. Molecules har vore hovudprosjektet hennar i det siste, og med dette bandet vann ho talenttevlinga til Nattjazz «Jazzen i sikte» i 2014. I 2016 innleidde dei eit samarbeid med Erlend Skomsvoll, og han er med på plata.
Wallace dreg vekslar på ulike tradisjonar og sjangrar i komponeringa, og ho set gjerne saman ulike melodiske fragment til eit overraskande og forfriskande heile. Arrangementa byr også på ein del fikse grep. Den sakte og svingande «Tip Toe» blir broten opp av nokre korte, kjappe frasar henta frå bopens felleskatalog.
Vokalstilen hennar kan i dei meir eteriske delane av repertoaret minna om Mari Kvien Brunvoll, til dømes i den vakre balladen «That Easy», som også inneheld eit nydeleg gitarkor frå Marstrander. Wallace brukar røysta instrumentalt like gjerne som til tekstformidling.
Bandet leverer både i samspel og solistisk. Skarbøs lause groove kjem så absolutt til sin rett i denne samanhengen, og Asbjørnsen er ein fin makker. Skomsvoll har alltid noko uventa på lager, enten i kompfunksjonen eller i kora, eksempelvis i «Try Not To». Både Hamre og Husø trør til når dei får sjansen, men dette er først og fremst ein lagsiger med Wallace som profilert kaptein.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazz-
meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.