JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Frisk pust frå vest

Solid debut frå Arne Toivo Fjose Sandberg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1720
20200417
1720
20200417

Jazz

Toivo Quintet:

View

 Andreas Hesselberg Hatzikiriakidis, trompet; Aksel Øvreås Røed, tenorsaksofon; Mathias Marstrander, gitar; Arne Toivo Fjose Sandberg, bass; Sigurd Steinkopf, trommer.
LOSEN RECORDS  LOS 243-2

Orkesterleiar, komponist og bassist Arne Toivo Fjose Sandberg har samla ein kvintett som alle har fartstid frå jazzlinja ved Griegakademiet. Toivo Quintet er meir enn sterkt inspirert av straumdrag i jazzen som var sentrale i 60- og 70-åra, men det hindrar dei ikkje i å sjå på tradisjonen som nettopp inspirasjon i ganske vid forstand.

Sandberg har skrive ni låtar som spenner frå enkle tema presenterte av trompet, saks og gitar oppå ein bass- og trommegroove som først og fremst fungerer som springbrett for solistisk akrobatikk, til meir samansette komposisjonar som til dømes den fint strukturerte «GBG». Tre av låtane er korte introduksjonar eller mellomspel.

Sandberg er ein markant orkesterleiar som syter for eit botnsolid musikalsk fundament når det trengst, men han kan også vera lyrisk-melodisk i Haden-sk forstand. Desse to rollene kombinerer han svært fint i «BGO» der også Røed har ein av sine mest inspirerte augneblinkar. I tillegg til Røed er gitarist Marstrander den mest nytta solisten.

Toivo Quintet vågar å utfordra seg sjølv. Det er noko friskt, energisk og spontant i uttrykket. Dei lèt det stå til. Alt dette får ein ikkje utan å ofra noko. Her og der er det litt smårusk i samspelet, og innimellom blir det i overkant mykje cymbalar i lydbiletet, men i slike samanhengar er det vanskeleg å få både i pose og sekk. Forfriskande!

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis