JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

«Om visepresidenten hjelper meg»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den leiande valfunksjonæren Brad Raffensperger har dokumentert fleire gonger at valet i Georgia vart avvikla etter reglane, skriv Per Egil Hegge.

Foto: Alyssa Pointer / AP / NTB

3625
20210108
3625
20210108

President Donald Trump er like trygg på seg sjølv som han er på at dei mest fanatiske tilhengjarane hans toler kva det skal vera. Det var fleire veker att av valkampen i 2016 da han sa at han kunne skyta ein mann på ei av dei breiaste avenyane på Manhattan utan at nokon ville melda han til politiet. Som så mangt av det han seier, treng det ikkje vera sant, men alt tyder på at han trur det sjølv.

Derfor var det heilt etter oppskrifta, Trumps oppskrift, da han brukte ein heil time no i helga på å fortelja den republikanske delstatsfunksjonæren som hadde det øvste ansvaret for avviklinga av valet i Georgia, at han bør «finna» 11.780 røyster som mangla på at republikanarane fekk fleirtal der. Om nokon andre da i tillegg skulle få hjelp til å «finna» nok røyster til å skaffa Trump fleirtal i to andre statar, ville det liggja slik til at avgjerda i presidentvalet kunne flyttast frå forsamlinga av valmenn (elektorar) til Representanthuset, der kvar delstat da får ei røyst. Dermed ville Trump verta attvald som president for fire nye år.

Om det skulle gå slik – og vi har i dette resonnementet hoppa svært høgt over gjerdet til fantasiriket – ville det vera i strid med grunnlova og vallovene, for ikkje å nemna ein tilleggsbagatell som valresultatet 3. november. Og at Trump ville vera nøgd, ville ikkje vera nok til å setja eit godkjenningsstempel på eit slikt utfall.

Alt dette gjorde det svært lite truleg at noko anna ville henda enn at valet av Joe Biden ville verta formelt godkjent da visepresident Mike Pence opna konvoluttane 6. januar og las resultata av den formelle røystinga som valmennene stod for 14. desember. Det er den einaste funksjonen, eller oppgåva, som visepresidenten har på det møtet han skulle leia i dei to kammera i Kongressen 6. januar. Men i ein tale i Georgia så seint som 4. januar klamra Trump seg til fantasien om «hjelp frå visepresidenten» slik at han kunne gjera noko heilt anna, og Trump kunne sparast for flyttesjauen ut av Det kvite huset 20. januar.

Den som da held til i fantasiriket, er Trump, men det er i så fall ikkje første gongen. Og fantasiinnslag har det ikkje skorta på sidan 20. januar 2017, da Donald Trump avløyste Barack Obama. Men at nokon no må bu seg på sceneskifte, og at det kan falla dei tungt, fekk vi ei påminning om i den timelange telefonsamtala 3. januar, der Trump «bestilte» 11.780 ekstra røyster frå den leiande valfunksjonæren Brad Raffensperger. Han sa, som han har sagt og dokumentert fleire gonger, at valet i Georgia vart avvikla etter reglane.

– Nei, sa Trump, du var ikkje eingong i nærleiken.

Raffensperger, som sjølv er republikanar, stod på sitt. Det skal ein helst ikkje gjera når ein vert motsagd av Trump, men den regelen hadde Raffensperger ikkje fått med seg, og sa utan blygsel:

– Herr president, De har feilaktige data. Våre data er korrekte. Og dei er godkjende etter fleire kontrolloppteljingar.

Det hjelpte lite at Trump prøvde seg med den teknikken som Olav Oksvik vart kjend for i Noreg for eit par generasjonar sidan: I eit manuskript som han brukte på eit valmøte, hadde han skrive i margen: «Veike argument – kraftigare røyst.»

Slik det såg ut da dette vart skrive, ville korkje Oksvik eller Trump ha stemmeband kraftige nok til å klara hindringane her, og alt tydde på at det miraklet som var naudsynt for å sikra Trump ein presidentperiode nummer to, ikkje hadde plass utanfor fantasien.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den som da held til i fantasiriket, er Trump, men det er i så fall ikkje første gongen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis