Foto: Terje Pedersen / NTB
0–6 rette: Rykk attende til start. Betre lukke neste veke!
7–9 rette: Opprykket rauk akkurat, men er i sikte.
10–15 rette: Rette svar i rykk og napp og vel så det. Flotte greier!
16–20 rette: Står rykken med god margin og rykkjer ifrå.
21 rette: Full pott! Rykk ut med resultatet og send e-post til quizmeisteren!

1. Den 30. september erklærte Vladimir Putin at Donetsk, Luhansk, Kherson og Zaporizjzja er russiske. Set dei fire ukrainske oblastane i rekkjefylgje slik dei ligg på rekkje mellom Krym og Russland.
2. Kva er det einaste lovlege våpenet på elgjakt i Noreg?
3. Kva heiter albumet til Ole Paus og Jonas Fjeld frå 1996? Dei liker å omtale seg med dei tre orda i tittelen.
4. Kva for eit departement får også i 2023 mest pengar, ifylgje statsbudsjettet?
5. Kven i historia til Mercedes hadde dottera Mercedes, som bilmerket fekk namn etter?
6. Nobelprisen i medisin går i år til svenske Svante Pääbo. Han er verdskjend for arbeidet med arvemassen til mellom anna neandertalarar. Kva er eit anna ord for (total) arvemasse, altså heile arvematerialet i ein organisme?
7. I kategorien litteratur meiner årets nobelprisvinnar at «heilt flat skrivemåte er det mest naturlege for meg». Kva heiter ho?
8. Set inn rett tittel her: «Det er vanleg å omtale vikinghøvdingen Rollo som den fyrste (…) av Normandie.»
9. Kva for eit dyr var maskot for tobakken Asbjørnsens Eventyrblanding?
10. På norsk kan me kalle han «Den sitjande skrivaren», denne kjende skulpturen som er over 4000 år gamal. Kva for eit folk laga dette verket?
11. Byt ut det kvite i norskeflagget med gult. Då får du grovt sett flagget til kva for eit område?
12. Kva heiter gjenstanden som er rettstilt på ein prest og skråstilt på til dømes ein kateket?
13. Nemn eit år Juan Perón var president i Argentina.
14. Kva for eit land vart nyleg råka av ein fotballtragedie, med over 100 omkomne? Dei to laga heiter Arema og Persebaya Surabaya.
15. Over til hyggeleg fotball: Kva var det Erling Braut Haaland trong 81 minutt, 38 minutt og 64 minutt på å gjere høvesvis 27. august, 31. august og 2. oktober?
16. Kva for eit namn på w har språket som er det viktigaste morsmålet i Senegal?
17. Kva enkeltperson prova at generelle femtegradslikningar ikkje kan løysast med dei fire rekneartane og rotutdraging?
18. Kor mange av dei tolv tangentane i ei gruppering på eit vanleg piano er svarte?
19. Kven laga og leidde det populære NRK-programmet Norsk attraksjon (2007–2012)?
20. Eit metallisk grunnstoff og ein stor måne har båe det same namnet frå gresk mytologi. Kva namn?
21. Kva for ei av desse ferdselsårane er ganske strak i fleire mil før og etter Kongsvinger, men tek ein stor sving der på rundt 110 gradar: E16, Glomma eller Kongsvingerbanen?
Svar på spørsmåla:
1. Kherson, Zaporizjzja, Donetsk og Luhansk
2. Rifle
3. To rustne herrer
4. Arbeids- og inkluderingsdepartementet (Me godtek Arbeidsdepartementet, like eins det gamle namnet Arbeids- og sosialdepartementet.)
5. Emil Jellinek
6. Genom
7. Annie Ernaux
8. Hertug
9. Rev (raudrev)
10. Egyptarane
11. Orknøyane (Eg seier grovt sett på grunn av fargenyansar og forholdstal.)
12. Stola
13. Eit år i tidsromma 1946–1955 og 1973–1974
14. Indonesia
15. Score hattrick (Me godtek ikkje score mål, som han trong færre minutt til.)
16. Wolof
17. Niels Henrik Abel
18. Fem
19. Linda Eide
20. Titan
21. Glomma
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.