Foto: NTB
0–6 rette: Rykk attende til start. Betre lukke neste veke!
7–9 rette: Opprykket rauk akkurat, men er i sikte.
10–15 rette: Rette svar i rykk og napp og vel så det. Flotte greier!
16–20 rette: Står rykken med god margin og rykkjer ifrå.
21 rette: Full pott! Rykk ut med resultatet og send e-post til quizmeisteren!

1. Dei åtte partia i Riksdagen vert forkorta S, SD, M, V, C, KD, MP og L. Kva for tre av dei utgjer Ulf Kristerssons regjering, som tok til 18. oktober? Det held å svare med forkortingane.
2. Kva for eit strengeinstrument inngår i eit vanleg kallenamn på visesongaren Kari Svendsen?
3. I kva religion er solguden Beaivi sentral?
4. Kva for eit ord viser til ei list som deler opp glasflata i eit vindauge? Ordet har òg fleire liknande tydingar, til dømes ein tverrstav mellom stolbein.
5. Kva heiter slageren der langrennshelten Ole Ellefsæter song «I Grenoble ska ve slå dekk» om vinter-OL i 1968? Dei tre orda i tittelen inngår i teksten.
6. Ein annan nyleg avdød utøvar er denne skihopparen frå Trysil. Han kom på andreplass i den fyrste sesongen av hoppveka i 1953. Kva for ein Halvor?
7. Om lag kor mange bur det i Trysil kommune? Fasiten gjev ein slingringsmonn.
8. Nemn éin farge du kan setje framfor «flugesopp» for å få ein dødeleg giftig norsk sopp. Det finst to rette svar.
9. Kven, som seinare har fått Nobelprisen i litteratur, debuterte i 1985 med Krigen har intet kvinnelig ansikt?
10. Var industridesignaren Tias Eckhoff (1926–2016) kvinne eller mann?
11. Kva fransk elv er i tur og orden innom byar som Orléans, Tours og Nantes?
12. Kva for eit kvardagsprodukt er Batiste verdsleiande på? Døme på variantar er Tropical, Blush og Cherry.
13. Korleis vil ein med dialekt frå Haugesund uttale ordet heime?
14. Kva for eit grunnstoff bidreg med to atom i eit karbondioksidmolekyl?
15. Kva heiter den egyptiske herskaren (i praksis: kediven) som gav barndomsvenen Ferdinand de Lesseps løyve til å byggje Suezkanalen? Det mellomste namnet hans er det viktige. Her kan ein oppkalla by vere til hjelp.
16. Østradiol, østriol og østron er dei viktigaste naturlege hormona som høyrer inn under kva for eit fellesnamn?
17. Kva står dei tre bokstavane i FBI for?
18. Kva frukt fungerer som hus for barne-TV-figuren Svampebob Firkant?
19. Kva for ein pioner i norsk kokekunst skreiv Lærebog i de forskjellige Grene af Huusholdningen frå 1845?
20. Pave Johannes Paul 2. døydde og Benedikt 16. tok over. Kva for eit oddetalsår var det?
21. Aschehoug og Gyldendal var lenge leksikonrivalar. Kva for eit ord for leksikon inngjekk i namnet til dei fleste utgåvene? Den fyrste heitte til dømes Illustreret norsk (…).
Svar på spørsmåla:
1. M, KD og L (Moderaterna, Kristdemokraterna og Liberalerna)
2. Banjo
3. Samisk religion (Ordet samisk er det sentrale. Gje poeng for til dømes «samisk sjamanisme».)
4. Sprosse
5. «Alle kluter til»
6. Halvor Næs
7. Om lag 6600 (Me godtek 4000–9000.)
8. Grøn eller kvit (Du vert bra sjuk av raud og brun òg, sjølv om desse ikkje er livstrugande.)
9. Svetlana Aleksijevitsj
10. Mann (Han heitte eigentleg Mathias Gerhard Eckhoff.)
11. Loire
12. Tørrsjampo
13. Hima
14. Oksygen
15. Muhammad Said Pasja (Said er tilstrekkeleg. Byen er Port Said.)
16. Østrogen
17. Federal Bureau of Investigation
18. Ananas
19. Hanna Winsnes
20. 2005
21. Konversasjonsleksikon
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.