Kva skal vi gjera med Lenin?
Putin-kalenderen for 2018 er alt å få kjøpt i St. Petersburg.
Både i Revolusjonsmuseet i Moskva, like ved Den raude plass, og i Revolusjonsmuseet i Leningrad stod det i gamle dagar ei svært knapp namneliste over dei som var med i den første kommunistiske regjeringa, utnemnd i november 1917. Regjeringa heitte Rådet av folkekommissærar (Sovjet Narodnykh Kommissarov), og «desse er med: 1. V.I. Lenin (formann).»
Så var det ikkje fleire.
No var det sjølvsagt det, men bortsett frå den siste var dei alle stempla som folkefiendar og avretta. Dermed var dei ute or soga, og det mykje grundigare enn dei Snorre pleidde heidra med nettopp den svært så avsluttande helsinga. Den siste på lista i 1917 var kommissæren for nasjonalitetssaker, J.V. Stalin. Han vart aldri folkefiende, i alle fall ikkje offisielt. Men etter at han vart lagt i mausoleet ved Kreml-muren i 1953, og enda meir etter at han vart lempa ut derifrå i 1961, kunne heller ikkje han nemnast. Rettinga av namn greip slik om seg at til og med heltebyen Stalingrad måtte døypast om til Volgograd.
Det er som ein klok mann – mange kloke menn – har sagt: I Russland er ikkje berre framtida, men også fortida, uføreseieleg.
No er det vanskeleg for styresmaktene å finna ut kva dei skal seia om Lenin. Det er hundreårsdag for bolsjevikkuppet 7. november. Det var den store høgtids- og festdatoen i Sovjetunionen. At det var Leo Trotskij som leidde sjølve kuppet, var – skal vi seia – underkommunisert, etter at han vart utmanøvrert av Stalin, send i eksil og til slutt fekk ei isøks i skallen i august 1940.
Dyrkinga av Lenin var ei religionserstatning, med vakre barnesongar som «Lenin lever, han vil alltid vera med oss» og slagord som «Lenin levde, Lenin lever, Lenin vil alltid leva».
I historiesynet president Putin målber, kjem to historiske personlegdomar til kort fordi dei sveik oppgåva si på 1900-talet: Tsar Nikolaj 2. og Mikhail Gorbatsjov. Begge var så lite handfaste at riket deira gjekk i oppløysing. Da er det betre å visa seg i leik med gepardungar eller med berr overkropp, som Vladimir Putin gjer på Putin-kalenderen for 2018. (Ja da, eg investerte 40 kroner i eit eksemplar da eg var i St. Petersburg for ei veke sidan.) Putin skal veljast for ein ny seksårsperiode om eitt år.
Lenin stod for den avgjerande strategiske planlegginga da den nye sovjetrepublikken vart etablert, jamvel om det ikkje var han som tvinga Nikolaj bort frå Romanov-trona åtte månader før. Det var også han, saman med Trotskij, som la grunnlaget for den raude terroren heilt frå 1918. Enno står nokre Lenin-monument, men i aviser og bøker står det lite om han. For det gjekk ikkje bra, og feiringa i november kan verta ei ny praktoppvisning i omredigering av historia og bortredigering av dei som skal ut.
Den store løyndomen, som det berre vert snakka om og ikkje skrive om i Russland, er at Lenin døydde av syfilis før han rakk å fylla 54 år. Ein tredjedel av hjernen var borte; slik kan det nemleg gå når sjukdomen når tredje stadium, og slik gjekk det med komponisten Robert Schumann (1810–1856). Rapporten frå liksynet over Schumann vart ikkje offentleg før i 2006. Det som står om restane av den geniale komponisthjernen, liknar svært på liksynsrapporten frå patologane som tok for seg Lenin i 1924. Offisielt døydde han av stress og høgt blodtrykk, pluss etterverknader etter eit attentat i august 1918. To av patologane nekta å skriva under på den konklusjonen.
Det vert interessant å sjå kva som kan seiast og ikkje kan seiast i november. Noko(n) må ut or soga.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dyrkinga av Lenin var ei religions-
erstatning, med vakre barnesongar som «Lenin lever, han vil alltid vera med oss».
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.