JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Jevgenij Jevtusjenko

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jevgenij Jevtusjenko (1933—2017)

Jevgenij Jevtusjenko (1933—2017)

Foto: Wikimedia Commons

Jevgenij Jevtusjenko (1933—2017)

Jevgenij Jevtusjenko (1933—2017)

Foto: Wikimedia Commons

3923
20170421
3923
20170421

Laurdag 1. april døydde den russiske forfattaren Jevgenij Jevtusjenko, nær 85 år gamal. Det var eit omskifteleg og dramatisk liv som tok slutt. Guten frå ein avkrok i Sibir med det naturlege namnet Zima (Vinter) tok farvel med verda i oljebyen Tulsa i Oklahoma. Tulsa har brukt oljepengane på meir kultur enn oljebaronar i USA har fått ry for i kapitalistkritisk historieskriving. Jevtusjenko var knytt til universitetet der i mange år.

Grava si fekk han i Peredelkino utanfor Moskva. Der budde han ikkje langt frå huset til Boris Pasternak. Minnehøgtida før påske var i Forfattarhuset i Moskva, eit par–tre kvartal frå den norske ambassaden.

Mest kjend vart han for dei to politiske dikta «Babij Jar» og «Stalins arvingar», som han skreiv før han hadde fylt 30 år, i ei tid då avstaliniseringa gjekk for fullt. Dikta vart trykte i Pravda, hovudorganet til det sovjetiske kommunistpartiet. Heime var han like populær som Beatles var i Storbritannia, og saman med andre stjernepoetar kunne han fylla både konsertsalar og idrottsstadion.

«Stalins arvingar» er eit dystert dikt om Stalin, som måtte ut or mausoleet på Den raude plassen i Moskva hausten 1961: «Så bar vi Stalin ut or mausoleet / Men korleis ber vi Stalin ut or arvingane hans?»

Frå mausoleet, der Stalin framleis luskar, går det enno (i 1962) «ein kabel til Enver Hoxha».

Mange av dei meir bastante kommunistane hadde ergra seg året før, da Pravda trykte diktet «Babij Jar», med den sterke opningslina «Ved Babij Jar står ingen minnesteinar». Der tok han for seg eit anna tabuemne, antisemittismen i Sovjetunionen. Den knytte han til ei dalkløft ved Kiev, der ukrainske jødar vart skotne i titusenvis av tyskarane på seinsommaren i 1941. Jevtusjenko, som hadde tysk bakgrunn, solidariserte seg med lidinga og forfylginga jødane hadde vorte utsette for gjennom historia.

Slik tonar «Babij Jar» ut:

«Det er ikkje ein drope jødisk blod i mitt.

Men sta nærer eg

Eit stendig hat til alle antisemittar

Lik ein jøde,

Og slik er eg ein verkeleg russar!»

Dmitrij Sjostakovitsj brukte diktet i den trettande symfonien sin i det siste tiåret han levde.

Jevtusjenko skreiv òg eit minnedikt over det sovjetiske flagget med hamaren og sigden, da det vart teke ned frå masta over Kreml 25. desember 1991. Mor hans heitte Jevtusjenko, og ho verna guten mot det tyske etternamnet til faren, Aleksandr Gagnus. Ho skrønte av han eit år for å få han med seg til Moskva etter krigen – etter ein så pass skral skuleinnsats at det var greiast å flytta frå Sibir. Han gjekk på forfattarskule og vart ei blanding av lyrikar og rockestjerne.

I Noreg var han fleire gonger. I 1995, da den siste romanen hans, Døy ikkje før døden, kom på norsk, var han gjest på ei bokmesse i Oslo. Eg var tolk og las det mindre kjende diktet «Solveigs song» i amatøromsetjing. Framføringa vann seg monaleg, både i stemmebruk og rytme, da han sjølv las originalen.

Vi hadde han heime til frukost; enkelt når berre verten kan by på ferskt, heimebakt grovbrød. Diktaren skulle til å gå da han oppdaga at eg hadde tre flasker plommebrennevin. Han insisterte straks på eit komparativt slivovitsjseminar. Den kroatiske var best, sa han, den hadde «slik ein var dåm av heimebrent». Det vart ein tung ettermiddag.

I 2001 var han med på eit seminar i Tromsø. Eg måtte tolka oldebarnet til Leo Tolstoj, som fortalde om oldefaren og tsjetsjenarane. Verre vart det da eg mot éi røyst vart kåra til tolk for ein spansktalande deltakar òg. Men Jevtusjenko hadde vore mange gonger på Cuba, og han sufflerte med sonor bassrøyst når motbakkane vart for bratte.

Det hadde han stor moro av.

Etter Babij Jar og Stalin vart det i meste laget da han som 30-åring ga ut memoarane sine, I utide, i 1963. Men han skreiv så pass mykje frå Cuba, både dikt og reportasjar, at han skaffa seg ny politisk grunnkapital.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Han gjekk på forfattarskule og vart ei blanding av lyrikar og rockestjerne.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis