JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Ein brevopnar av tre

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arresterte lærarar på tvangsarbeid i Kirkenes våren 1942, den såkalla «Gartnergjengen».

Foto: NTB scanpix

3540
20170407
3540
20170407

Det er ikkje rare greiene til krigsminne å vera, men i ei penne- og blyantkrukke på skrivebordet mitt står det ein brevopnar av tre – ein «kniv» med hovud som ei ugle. Ein annan dekorasjon er stadnamnet Levanger, ein by eg har grunn til å visa takksemd. Foreldra mine gjekk på lærarskole der. Om dei ikkje det hadde gjort …

I hovudet mitt er den vesle brevopnaren kopla saman med minnet om ein ryggsekk som var skummel. Ryggsekken stod på kjøkenet på Verstad-skolen, der vi budde under krigen. Han var krigsmodell frå første verdskrigen, og alt i 1942 var han sigen og grå av elde mellom blåbærflekkane. Det skumle ved han var at det vart lagt ei matpakke der kvar kveld. Innhaldet kom på frukostbordet neste dag fordi det ikkje hadde vorte bruk for han den natta heller.

Det var i mars 1942, for 75 år sidan, at lærarane vart oppsagde fordi dei ikkje ville gå inn i lærarsambandet. Det meinte «kyrkjeminister» Schanke at dei burde gjera. I eit brev til lærarane skreiv han at «det ligger et særlig ansvar på våre lærere, våre folkeoppdragere i en tid som denne». Den 5. februar 1942, berre fire dagar etter at Vidkun Quisling vart innsett som ministerpresident i riksakta på Akershus, kom lova om Norges Lærersamband. Der skulle lærarane inn, og dei skulle forplikta seg til, i all si gjerning, å skapa forståing hos elevane for det nye livs- og samfunnssynet slik det var uttrykt i Nasjonal Samlings program. NS var no det einaste lovlege partiet i det okkuperte landet.

Lærarorganisasjonen hadde førebudd mottiltaket i god tid. Det var lekkasjar under okkupasjonen òg. Eit utkast til eit brev var alt spreidd, der lærarane svarte at dette var i strid med samvitet deira, og at dei ikkje kunne gå inn i lærarsambandet. Så vart dei ikkje berre avsette og truga med arrest; ein yrkesbror og nær ven av far var mellom dei tusen lærarane som vart arresterte og deporterte til tvangsarbeid i Kirkenes. Styresmaktene tok éin frå kvart lokallag, men ingen visste noko om at det var «kvota». Så ryggsekken med matpakka stod der. Det kunne ha vorte bruk for han.

På grendeskolen, der vi budde, var det ein sløydsal. Og den arbeidslause læraren, far min, brukte fridagane til å laga små suvenirar: trekoppar, treskåler, pyntebrett og brevopnarar. Eg stod stort sett i høveleg avstand frå sirkelsag og dreiebenk – det var både stil og kvalitet over sløydsalane i den tida – og såg på. Med dette reiste han til Husfliden i Trondheim. Det var visst ikkje heilt lovleg, men ikkje heilt forbode heller, og han kjende vel nokon. Bøndene i grenda kom med mat, og vi hadde ei ku, så vi greidde oss.

Etter krigen flytta vi nokre gonger, eg flytta etter kvart heimanfrå, og nokon brevopnar hadde eg ikkje. Åra gjekk, far vart godt over 90 før han sa farvel, og på bordet hans stod det att ein brevopnar med «Levanger» innsvidd. Han hadde felt ei flis og var tydeleg ikkje ny eller moderne. Framleis er han alt anna enn det.

Læraraksjonen, eit godt døme på motstand utan vald, kom før eg fylte tre år. Eg har spurt folk som samfunnet løner for å vita slikt, om vi hugsar noko så tidleg. Som ryggsekken under utslagsvasken på kjøkenet på Verstad, eller slagskipet «Tirpitz» i Åsenfjorden, som eg enno har på netthinna. Jau, seier dei. Når det er noko som gjer eit sterkt visuelt inntrykk, hender det at ein har minne frå to–tre-årsalderen.

Verstad-skolen vart riven for lenge sidan. Hoppbakkane har grodd ned av småskog. Men altså brevopnaren …

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den arbeidslause læraren, far min,

brukte fridagane til å laga små suvenirar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis