Å tvinna Putin rundt fingeren
President Putin er jurist, ikkje ingeniør, og såleis lett å tvinna rundt fingeren, meiner den russiske radaringeniøren.
Foto: Novaja Gazeta
Mange vil sikkert meina at øvinga i overskrifta er risikabel idrott, og sjølv ville eg nok velja tryggare og meir gjevande syslar. Men det finst djervare folk, og ein av dei er ingeniør i det russiske rakettforsvaret, Andrej Gorbatsjevskij.
Denne veka gav han eit langt intervju til Moskva-avisa Novaja Gazeta, og han baud på ei drabeleg bøtte kaldvatn til dei russarane som måtte ha funne glede i den nyårsgåva som president Putin kunngjorde før jul: Ein ny, moderne rakett, som har fått namnet Avangard og som det ikkje finst forsvar mot, og ikkje vil finnast forsvar mot.
Dette stemmer ikkje, sa Gorbatsjevskij. Eit meir perspektivlaust prosjekt enn dette har vi aldri gått i gang med.
Frå journalisten, som heiter Irina Tumakova og arbeider i ein redaksjon der det heng fotografi i lekamsstorleik av sju medarbeidarar som vart drapsoffer, kom det naturlege spørsmålet: «Kvifor seier presidenten det da?
Svaret var kort og fyndig: «Presidenten får jo informasjon, men han er jurist og ikkje ingeniør, og det er lett å tvinna han rundt fingeren.»
Putin har ikkje – ikkje så langt – teke til motmæle. Men Gorbatsjevskij er ikkje ei einsam røyst: Dette kjem mindre enn ein månad etter den årlege meiningsmålinga frå instituttet Levada i Moskva. Ho viser at tilliten til Putin i 2018 gjekk ned frå 59 prosent til 39 prosent, og enda verre: 90 prosent av russarane er misnøgde med den pensjonsreforma som regjeringa har foreslått. Etter at Krim vart annektert for fem år sidan, kunne Putin skilta med ei oppslutning på godt over 80 prosent.
Det var da, det. I fjor vart det snakk om å setja opp pensjonsalderen, og for mange er dette lagnadstung demografi: Om russiske menn skal arbeida til dei er 65 år, er det svært mange som aldri får pensjon. Sjølv om levealderen har auka litt dei siste åra, er det svært mange som aldri når dit før det vert bruk for «granbar og blommer og prest og firtoms spik», som diktaren så omtrent seier.
Noko godt teikn for landsfaderen er det heller ikkje at aviser som elles er lojale eller i det minste nøytrale i omtale av president og styresmakter, gjorde blankt og nådelaust narr av den offisielle versjonen som Kreml baud på da giftattentatet mot to russarar i Salisbury vart forklart med turisttrafikk og interesse for katedralar.
No har det i nokre hundre år til tider vore så som så med truverdet i propagandabodskap frå Moskva. Det er så som så med ytringsfridomen òg, men om ein set desse episodane saman, gir det nokre nyansar i biletet.
Og til rakettekspert å vera er Gorbatsjevskij svært så fripostig.
– Dei som hemningslaust jublar over dei nye russiske rakettplanane, er Pentagon, som no kan be om nye milliardar til prosjekta sine. Vi har ikkje prøvd oss på noko tilsvarande sidan 1980-åra, da president Reagan yppa til stjernekrig, og utgiftene våre vart så store at Sovjetunionen gjekk i knas, seier han.
Det er ikkje ukjent for russarane, heller ikkje for dei som sit i Kreml, kven det var som tapte den kalde krigen. Men det er ikkje vanleg at denne historiske sanninga vert gnidd inn på denne måten. Og ein snakkar helst ikkje om reip i hengd manns hus.
Kanskje er det slik at Putin let seg inspirera av yrkesbroren i Washington, som strevar litt, han òg, med å halda styr på informasjon, propaganda og skryt. På russisk heiter det ikkje «to tjuvar på same marknaden», men «bær frå same mark». Moralsk meir nøytralt og sømeleg, men parallellen er tydeleg nok likevel.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Dei som hemningslaust jublar over dei nye russiske rakettplanane, er Pentagon.»
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.