JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

157-åring på sjøen på ny

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jekta «Pauline» var ved å slå hol i jarnteppet.

Foto: Jekta Paulines venneforening

3614
20170609
3614
20170609

Jekta «Pauline» har hatt eit nokså mangslunge tilvære sidan den første sjøsetjinga i 1860, og denne sommaren tek den gamle dama fatt på enda ein sesong. Av alle ting ho har vore med på, er det nestenbidraget til verdshistoria som er det fremste.

Det var ikkje langt frå at ho slo hol i jarnteppet; ho kom seg i alle fall til gamle trakter i Arkhangelsk i 1988, medan byen enno var i den delen av Sovjetunionen som eigenleg var stengd for utlendingar. Men mot slutten av Gorbatsjov-perioden gav russarane litt slakk for gamle vener.

For «Pauline» gjekk i fart på Arkhangelsk på den tida da pomorhandelen verkeleg ekspanderte og «Pauline» var ung og ny. No er det Egge Museum i Steinkjer som eig henne, men skuta har fast base ti kilometer sør for byen, i Kjerknesvågen på Inderøy, og vert brukt til lystturar – der ho for det meste luntar rundt i Trondheimsfjorden.

Før pinse kunne vekeavisa Inderøyningen fortelja om ein rundtur i Mosvik, der det òg vart bygd jekter på 1800-talet. Det var verft, eller slipp, som det heiter på lokalspråket, både der, på Steinkjer og på Inderøy, og jektefarten langs kysten frå Bergen til Murmansk og Arkhangelsk var så godt utbygd at Steinkjer – ingen typisk sjøfartsby – ved førre hundreårsskifte hadde 90 reiarlag.

På den tida, og fram til 1915, var det Olaf Berg som åtte «Pauline» etter ei grundig modernisering i 1897. Han var reiar på Steinkjer, ein altmoglegmann som dreiv handel og skreiv revytekstar. I tillegg var han den lokale baron von Münchhausen med historiene sine om Martin Kvennavika og Survikjekta, tydeleg inspirert av «Pauline». Han ordna òg med at det vart reist ein dugeleg æresport i 1896, da Otto Sverdrup skulle hyllast etter ferda med «Fram» over Polhavet.

Ikkje alt gjekk etter oppskrifta, korkje i dei åra eller i nyare tid. I 2001 skulle «Pauline» inn i Kvitsjøen og til Arkhangelsk på ny som eit innslag i Barents-samarbeidet. Men kva no årsaka var, hadde innreisepapira brått vorte ugyldige da båten kom til Kirkenes. Russland hadde fått ny president halvtanna år før, men det gjekk enno nokre år før både det eine og det andre vart vanskelegare under Vladimir Putin. Landet var ope på ein måte det aldri hadde vore i kommunistperioden, og både byen Severodvinsk like ved Arkhangelsk, der russarane byggjer kjernefysiske ubåtar, og det gamle middelalderklostret på Solovetskij-øyane, seinare ein av Stalins første fangeleirar, tok imot turistar.

«Pauline» tek framleis imot turistar, og det er nok å sjå på i Mosvik, som no, heilt friviljug, har slått seg saman med Inderøy til éin kommune. Topografien på heimetraktene til Northug-brørne byr på variasjon, så i 1850-åra vart det bygd jekter både i Brattåkeren og i Langfjæran. Den sistnemnde delen av Mosvik er nokså flat, som vi skjønar av namnet. Frå slippen i Brattåkeren får vi tru at dei nybygde jektene kunne få skikkeleg rennefart ved overgangen til sjølivet.

«Pauline» gjekk i opplag i 1978, og dei fleste trudde det var slutten. Men dette var den einaste av dei gamle innheradsjektene som enno levde, og i 1980 hadde ein liten flokk med glødande eldsjeler skrapa i hop nok pengar til at dei kunne gå i gang med restaurering. I 1986 vart ho sjøsett på ny, og med forfattaren Odd Eidems ord i den legendariske reisestipendrapporten til styresmaktene nokre år før: «En reiser fremdeles.»

Nytt, breitt segl har ho òg fått – med stønad frå Riksantikvaren, som kan reknast mellom dei mange som steller godt med den einaste eine: «Pauline».

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Pauline» gjekk i fart på Arkhangelsk på den tida da pomorhandelen verkeleg ekspanderte og «Pauline» var ung og ny.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis