Bok

Vonde ånder

Kurdiske Fatma Aydemirs innvandrarfamiliesaga er gripande trass i svake parti.

Fatma Aydemir er forfattar og journalist, busett i Berlin.
Publisert

Heilt i det siste har det vore debattert om mottakinga av såkalla minoritetslitteratur her i landet er for lite kritisk. Spørsmål har vore reiste om kritikken har ein viss berøringsangst i møte med slike tekstar, i redsle for å trakke på representantar for ei utsett gruppe. Under lesinga av Djinner, opphavleg utgitt i 2022, hadde eg nokre av desse synspunkta i bakhovudet.

Fatma Aydemir fortel historia til ein immigrantfamilie som utvandra frå Kurdistan og Tyrkia, og som kom til Tyskland på 1990-talet. I det korte opningskapitlet får vi eit kort møte med familiefaren idet livet hans brått tar slutt. Etter mange års tungt slit på fabrikk i det framande landet for å fø seg sjølv, kone og fire barn skal han omsider nyte pensjonisttilværet i draumeleilegheita i Istanbul, då han fell om av hjartesvikt. Det tragiske dødsfallet rammar inn familiesoga som blir rulla opp, gjennom fem lange kapittel der dei andre familiemedlemene fortel sin versjon av historia.

Smerte

Eit nokså velkjent grep, altså, dødsfallet som den utløysande hendinga, som får familiemedlemer til å samlast att etter å ha kome langt bort frå kvarandre fysisk og mentalt. Djinner erein nokså tradisjonell roman, som heller ikkje utmerker seg særskilt språkleg. Men Fatma Aydemir kan kunsten å fortelje. Nesten litt motviljug vart eg stadig sterkt gripen under lesinga. Her er så mykje smerte. Alle i familien ber på store traume og sår som kveler livslysta, og dei lever livet sitt knebla og forknytte, innvovne i løgner og fortrenging.

Mot slutten av boka kjem det til eit hardt oppgjer mellom mora og den eldste dottera. Dei to kvinnene har lidd sterkt under dei patriarkalske strukturane: Med ingen eller mangelfull skulegang vart dei gifta bort og fekk barn i ung alder. Felles skjebne er ikkje til trøyst, men kulminerer tvert om i hat og avmakt. Underliggande er også undertrykkinga av det kurdiske folket, ei gruppe som har vore utsett for fleire massedrap på grensa til folkemord. Mor Emine er trippelt undertrykt: som kurdar i Tyrkia, som innvandrar i Tyskland og som kvinne i eit patriarkat.

Dei yngre barna har fått fleire sjansar og meir fridom. Men sjølv om Perihan snart har fullført ei universitetsutdanning, kjenner ho seg retningslaus og einsam. Yngsteguten Ümit er tiltrekt av personar av sitt eige kjønn, sterkt fordømd her, og han blir send til konverteringsterapi. Som om det ikkje var nok, tematiserer romanen også kjønnsinkongruens, endå meir uhøyrt her enn homofili.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement