Litteratur

Avstand, framandskap og kjærleik

Forfattaren Ida Hegazi Høyer var fast bestemt på at ho aldri skulle skrive bok om familien eller frå eige liv. Men så skjedde noko.

I den nyaste boka skriv Ida Hegazi Høyer om far sin.
Publisert Sist oppdatert

Haustens bok, Det nye hjertet, har korkje forfattar eller forlag gitt sjangernemning. Ho finn det vanskeleg å kalle boka roman, men er klar på at dette er skjønnlitteratur. Sjølv om det som står i boka, ikkje er dikta opp, er ho konstruert som ein roman. Ein slags sjølvbiografisk roman, går Høyer med på å kunne kalle det.

– Eg merka fort at eg ikkje ville dikte, stoffet kom ut på ein ærleg og direkte måte. Røynda overgår dessutan ofte diktinga, i alle fall når det gjeld far min og alt han har vore gjennom.

– Det er ei kjærleikshistorie, dette?

– Veldig fint at du seier det. Det gir meg litt klump i halsen, for det er jo det det er. Skrivinga fekk meg til å sjå kor mykje far min har betydd for meg. Han har halde på å døy så mange gonger, lurt døden, og blei jo mykje, mykje eldre enn det såg ut til at han skulle bli. Og tenk, han døydde same dag som denne boka gjekk i trykken.

Dødsmedvit

Kort oppsummert er Det nye hjertet ei forteljing om ein far og ei dotter. Ein far som i periodar har vore fråverande, men som likevel syner seg å ha eit sterkt band til det einaste barnet sitt, og som gjennom sjukdom kjem henne nærare når ho har blitt vaksen. Ein mann frå Kairo, som 24 år gammal kom til Noreg og gjorde karriere i pizzabransjen, før han flytta tilbake til Egypt, vidare til USA og til slutt attende til Oslo.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement