Bok
Sorg, slekt, sjø
I dikta hentar Johanne Fronth-Nygren inn eit rikt språkrepertoar frå sjøen og sjølivet, heile registeret er med.
Johanne Fronth-Nygren er omsetjar, redaktør og skribent.
Foto: Karoline Hjorth
Johanne Fronth-Nygren debuterte med den kritikarroste diktboka Vannverk i 2022. I år er ho ute med Kav, ei bok om sorg, slekt og sjø. Dikta krinsar rundt ein farfars og ein fars død. Eit særleg siktepunkt for dikta er lagnaden til farfaren, som drukna og aldri blei funnen att då lasteskipet «Pulp I», som han arbeidde på, gjekk ned vinteren 1938.
Tekstane stiller seg dimed skarpt inn på eit blindt punkt, noko som glir unna og er fråverande. Dette fråværet, «det som ingen har bedt om/ som bare kan tilhøre det som ikke tilhører noen», skapar eit sug i diktboka, etter ein sanseleg kropp. Denne lengten har, slik dikta syner, formeleg forplanta seg i slekta.
Biletkjeder
I dikta hentar Fronth-Nygren inn eit rikt språkrepertoar frå sjøen og sjølivet, heile registeret, frå sjøbotnen og djupnene til den skummande overflata, er med. I tillegg er det manuelle arbeidet stadig i søkjelyset. Hendene vert vigde ekstra merksemd, både som arbeidsreiskapar og reiskapar for kjærleik og omsorg, men også som diktarisk motiv for noko som både slepper taket og har framdrift: «hender som kaver i tykkmørke/ som barnet i fostervann før det svømmer».
Første delen, som handlar om farfaren, er full av bilete der særleg samanlikninga dannar reine slyngjande biletkjeder. Den siste delen, som meir er vigd faren og hans lengt etter sin eigen far, er meir strippa og nøktern. Og poeten turnerer og balanserer rekkja av motiv på ein suggererande og fin måte.
Kroppen vert aldri til ein heilskap i dikta og i boka. Og dikta ber på ulike måtar preg av den manglande heilskapen. Kroppane er borte, og dikttekstane er dei nye, nærverande kroppane. Det lyriske eget vil reise, slik det heiter i siste teksten, ein «gravhøi» over dei, der det lyriske eget «legger far og sønn side om side». Ein gravhaug av tekst og boksider. Og det kan seiast med ein gong at dette er ei vent utsjåande bok i kvartformat, med sjøblått omslag og svart skrift.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.