Bok
Fascinerande og detaljrikt
Ein nordnorsk pressepioner får si store forteljing i ein Bragepris-nominert biografi. Somme spørsmål ventar likevel på svar.
Nanna With var ein uredd talar og debattant, skriv Aud Farstad.
Foto frå boka / Oslo Museum
Livsreisa til ei skipsreiardotter frå Nord-Noreg er ei mangfaldig historie, fortald av ein stødig og påliteleg historikar. Nanna With var fødd på slutten av 1800-talet og levde langt inn i vår moderne tid. Musikklærar, aviseigar og redaktør, reiseskribent og organisasjonsmenneske – i tillegg til altså å ha reist kloden rundt. Forfattaren Aud Farstad har gitt ut mange bøker og vart nominert til Brageprisen for denne nyaste biografien.
Eit svært fargerikt og dristig kvinneliv må det ha vore. Det skjønar vi av omrisset i innleiinga, og av forfattaren som på etterretteleg vis gjer greie for at hovudkjeldene til boka er dei to bøkene With sjølv skreiv seint i livet (den eine med nettopp tittelen Underveis), og dei mange artiklane av og om henne. Det er nærmast ei gåte at ei kvinne som var så til dei grader skrivande av seg, ikkje skulle ha etterlate seg noko spor av privatliv, korkje brev eller dagbøker.
Eit mystisk foto av ein naken mann i snø har dukka opp i ei samling reisebilete, og dette får stå der som eit lite utropsteikn ved inngangen til boka – med ei åtvaring frå forfattaren om at det er mykje ein ikkje kan vite om eit menneskeliv, og at dette altså er ei av mange moglege forteljingar.
Kjeldetru – og gripande
Med dette sagt er det like fullt slik at historikar Farstad på neste side vel å markere full tiltru til Nanna Withs eiga historieforteljing, at det er «eit truverdig bilete ho gjev av seg sjølv». Poenget i inngangen her er at skipsreiardottera heilt frå barndommen er oppdregen til å ha sosialt samvet, ikkje ønskje seg ei dyr dokke når fattige familiar knapt har råd til mat.
Det er eit varmt farsportrett av kaptein og skipsreiar Richard With, ein mann som gav dottera sjølvtillit og gåpåmot. Overskrifta er «Richard Løvehjartes dotter», og familiehistoria til mannen som skapte hurtigruta, er både barsk og gripande. Men trass i at mora døydde tidleg, er det nok eit faktum at Nanna With alltid må ha kjent seg blant dei privilegerte. For kven kan vel unne seg draumen om å bli pianist på denne tida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.