JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ute av ledd og lodd

Erik Eikehaug skriv lett og kjenslevart om aktuelle emne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erik Eikehaug fekk gode kritikkar for romandebuten i 2017.

Foto: Erika Hebbert

3578
20220715
3578
20220715

Roman

Erik Eikehaug:

Skatten og tyven

Gyldendal

Sjølv om tidene skifter, ser ein gjerne verda som statisk, og til dels rett, slik ho var då me var små. Sidan har utviklinga gått i feil retning. Men mange får nok stundom ein mistanke om at det ikkje er heilt slik likevel.

Fram til slutten av 1400-talet vart nyfødde born i England tidt refererte til som girls. Ein gut var ein knave girl, og ei jente var ei gay girl. Tygg på den! Rosa var fargen til gutar, og blå til jenter. Endringa kom truleg i 1927, då prinsesse Astrid av Belgia fødde ei jente, endå ho optimistisk hadde utstyrt barnerommet i rosa, i von om ein gut. Ja, slik kan det gå.

Erik Eikehaug har no skrive ein god roman frå miljøet til dei me i dag kallar skeive. Sidan fasiten i språket alltid er førebels, finn dei nok eit nytt namn til seg sjølv snart, og med tanke på frekvensen av skeive som dukkar opp i denne romanen, Skatten og tyven, ser det ut til at dei skeive snart er dei rette. Og det til dels utan å øksla seg.

Sørgjeleg aktuelt

Hovudpersonen er Vetle Hvesser, son av suksessforfattaren Hjalmar Hvesser, som har skrive barnebokserien om dei to gutane Skatten og Tyven. Det syner seg at Vetle er Skatten, og bror hans, Fartein, som også er suksessforfattar, er Tyven. Dei to bokfigurane er litt som Pelle og Proffen, berre med meir usannsynlege bragder på merittlista.

Vetle og Fartein har hatt ein uvanleg oppvekst, med få plikter, ei fråverande mor og ein far som var meir engasjert i forfattarskapen enn i familielivet. Båe foreldra lever enno, mora er rett nok framleis fråverande, men ho sender tekstmeldingar der ho stadfester seg sjølv med lite innfløkte, men mykje inflaterte influensarslagord.

Faren bur på Jomfruland, der gutane voks opp, og dei på si side, eller sine sider, lever eit sitcom-liv i ein vaksen status som berre er ein framhaldsbarndom, i Oslo, der himmelen er ei svart sky. Ein skulle nesten tru dei budde i Bergen! Men denne skya er vel opplevinga av eitkvart farleg, truleg noko berre Vetle sansar, sidan det nok alltid heng eit trugsmål over han, knytt til identiteten som homofil. For sjølv om tonen i boka er lett og tidvis munter, kan ein ana noko sårt og skremmande, som eit evig latent torevêr, og det gjer boka til dels sørgjeleg aktuell akkurat no.

Sanseleg og vakkert

Eikehaug skriv sanseleg og vakkert, med stor fargerikdom, om kvardagar og fest der Vetle, som altså er litt ute av lodd, stadig ramlar og får det venstre kneet ut av ledd, noko gangdøra heime hjå han Vetle kunne ha ledd av, om ho ikkje hadde nok med seg sjølv og ei særs upåliteleg klinke. Også Vetle har skrive ei bok, og han har planar om eit storverk, mellom anna inspirert av det tapte manuset til romanen Vinduet og vaaren av Åsmund Sveen, sørskogsbygdingen og poeten som vart nazist og fekk det nemnde bokverket refusert av Sigurd Hoel, som på si side meinte at Sveen hadde misforstått Freud, om eg minnest rett.

Skatten og tyven er ein underhaldande roman, der det meste er overflatisk, og det underliggjande trugsmålet nesten usynleg, men det kan merkast som ei lita uro, noko som dirrar under orda og hendingane og stundom kjem til syne ved referansar til strukturen Sagittarius A i Mjølkevegen, som er litt meir kompleks enn ein får inntrykk av i boka. Romanen tek slutt på side 374, og det talet er jo, som alle veit, den maksimale poengsummen i yatzy. Maksimal og uoppnåeleg, som lukka.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skatten og tyven er ein underhaldande roman.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis