JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Utan høyrslevern i språkmaskina

Arne Henning Årskaug imponerer med musikalitet og språkkjensle i tekstar som ikkje skal nokon stad.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arne Henning Årskaug kjem frå Holsen i Sunnfjord og arbeider som bibliotekar i Oslo.

Foto: Tove K. Breistein

3544
20230120
3544
20230120

Prosatekstar

Arne Henning Årskaug:

Skap & sørg. Eksessar om gørra vi ber på

Samlaget

På havsens botn ein stad ligg ei skute der eg ein gong var tilsett som kokekyndig dekksgut. Mellom pliktene eg hadde, var teneste i maskinrommet, der eg gjekk med eit høyrslevern som av og til spratt av utan annan årsak enn døde tings uvilje mot dei levande. Støyen var uuthaldeleg. Litt av den same kjensla får eg no når eg les i den nye boka til Arne Henning Årskaug, for språkmaskina køyrer for fullt, ein er midt inne i ho, forsvarslaus, men også fascinert. Det går rundt og rundt, det pumpar og syg, det surklar og dyn, pustar og smell og brakar.

Ein eigen formel

Maskinmetaforen får dure av seg sjølv, og eg kjem på ein heilt annan, for å lesa denne viltre boka er også som å delta i Frankrike rundt på ergometersykkel. Det er enormt mykje aktivitet, men sjeldan framdrift, forfattaren vil ikkje fortelja, han har kanskje ikkje noko på hjartet, berre på hjernen, som ein song ein ikkje vert kvitt, for nesten kvar einaste av desse tekstane har sin eigen formel, der eitkvart vert repetert eller inngår i tekstsløyfer eller ordhjul, spinnande i tomt rom, ustoppeleg.

Boka er berre på vel 120 sider, med luft mellom tekstane, men likevel sit ein att med inntrykk av at ho inneheld enormt mange ord, og at forfattaren har funne på dei fleste sjølv. Dei er likevel alltid til å forstå, i alle høve for folk med det eg har lyst til å kalla vestlandskompetanse, og når ein er vel inne i tekstane, er det eitt og anna mønster som kjem til syne, resultatet av ein negativ energi, ein dystopisk profets delirium, og kan hende kjem dystopien av at han ikkje er framsynt, men berre profeterer om det som er eller har vore.

Her er det, som undertittelen – eller beint fram sjangernemninga, for det finst elles inga – seier, mykje gørr, ja, slim og skit, rot og boss. Det er ikkje noko heilt eller reint, korkje i det eg-personen i tekstane observerer, eller i det han er. Men stundom får han sagt eitkvart, til dømes om kva eit handtrykk er, i ein tekst der protagonisten ser ut til å ha ein dårleg gjensidig relasjon til månen, av alle ting.

Mykje villskap

Det er mykje villskap i dette språket, det vil ikkje bli sett fast, endå om forfattaren er sunnfjording, noko som i Bergen før i tida var synonymt med politimann. Men sjølv om han skriv utanfor regulativ og tvangstrøye, er det ikkje heimstaddikting, distriktsprosa eller naturpoesi han produserer, men heller ein serie karikaturar av det urbane livet, med boulevardrøynsler frå Førde og andre storstader.

Såleis er det eit dystert mosaikkbilete av det fragmenterte samtidslivet han på eit vis syner fram, sjølv om eg har ei kjensle av at han først og fremst vil prøva ut språket, sleppa laus all sin musikalitet og gripa alle assosiasjonar som dukkar opp av seg sjølv under skrivinga. Ord avlar ord, og stundom går det endåtil på rim, som her: «På eit kraulesenter kan vi kjøpe vinkjellardør av ein dørleverandør som har levert dør før, brureslør med sukkerkulørodør eller strutsefjør frå ein kirsebærlikør-ør sufflør med absolutt gehør.» Øystein Sunde har med andre ord fått ein arvtakar, og det på nynorsk!

Dette er ei bok som først og fremst er artig å lesa, sjølv om ho visstnok handlar mest om gørr. Ein får jo utvida gørrkompetansen sin, og kven veit, kanskje ein får bruk for det i eit knipetak?

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis