Universelt og gyldig
Vanlegvis hoppar eg over heime hos-reportasjar og interiørstoff. Trollefossvegen 23 er alt anna enn det, men handlinga går definitivt føre seg heime hos.
Siri Helle har busett seg i heimbygda og arbeider som skribent, journalist og snikkarassistent.
Foto: David Zadig
Sakprosa
Siri Helle:
Trollefossvegen 23. Tilbake til heimbygda
Samlaget
Siri Helle flytta heimanfrå då ho var 16 år gamal. Sidan har ho vore på reis og budd ei rekke ulike stadar. I Trollefossvegen 23 får vi vere med henne på eit livsval som ho finn meiningsfullt og rett, men òg skremmande. Siri flyttar tilbake til heimbygda etter alle desse åra ho har vore på loffen, studert eller okkupert. Ikkje berre det, ho flyttar saman med kjærasten Asle. Saman tek dei opp bustadlån, kjøper eit gamalt hus og går i gang med å sette det i stand. Til all lukke er Asle tømrar med eit rikhaldig arsenal av verktøy.
Ein heim
Vi får bli med på istandsettinga av det gamle huset. Mykje må rivast før det kan byggast oppatt. Av og til blir dei praktiske oppgåvene skildra i detalj, og vi får forklart kva verktøy som er best til kva oppgåve. I denne prosessen reflekterer Siri over det ho gjer her og no, men òg over det som har vore – politikk, reiser og stadar ho har budd på gjennom alle desse åra. Dei ulike oppgåvene leier tankane inn på ulike fasar i livet.
Vi får vere med til barndomen i Holmedal, og vi får treffe slektningar gjennom tankar og digresjonar som dukkar opp undervegs i arbeidet. Kompost, matauk, mattryggleik, sjølvforsyning, globalisering, jordbruk, gjenbruk og skogbruk er tema som og dukkar opp i støvet frå riving av gamle golv. Dette er tema som vi kjenner godt frå forfattarskapen til Helle, og innimellom tek eg meg i å tenke at dette er kjent stoff, og at eg veit kva som skal dukke opp i argumentasjonsrekka eller på neste side. Heldigvis tek forteljinga overraskande vegar, og eg blir gladeleg med rundt til neste side.
Dei levande skapningane som etter kvart dukkar opp i tunet, endene, hønene og ikkje minst katten Tussi, er òg med på å gje grobotn for refleksjonar og tankar om dyrevelferd og samspelet mellom dyr og menneske.
Innimellom alle sigrane og nederlaga på vegen til å lage seg ein heim, dukkar angsten for å slå seg til ro opp: «Eg veit ikkje. Det går sånn sakte, men sikkert opp for meg: Tenk om eg no pakkar opp flyttelasset mitt for aller siste gong. Eg vågar nesten ikkje tru det.» Det same gjeld erkjenninga av at ting ikkje vart som dei skulle, eller ikkje vart ferdig i det heile. Asle og Siri innfører emneknaggen «#halvferdig».
Eit landskap
Landskapet, bygda og fjorden som Helle skildrar, Bakke i Holmedal i Dalsfjord i Sunnfjord, teiknar seg litt etter litt fram for oss i form av anekdotar og minne: «Eg snur meg mot Dalsfjorden sør for vegen og ser at denne fjorden har noko ingen andre fjordar har. Eg veit ikkje akkurat kva, men noko av det er ei blanding av å vere open og omringa av tøffe fjell, av innland og kontakt med havet utanfor. Ikkje spektakulær og eineståande, ikkje verdas vakraste fjord, men meir enn fin nok.»
Trass i denne spesifikke skildringa av heimbygda står dette fram som noko som er universelt og gyldig for alle. Det kunne har vore kven som helst si gjenoppdaging av heimbygda kvar som helst, noko som går som ein fin tråd gjennom heile boka.
Hjortejakt og fjordfiske får vi òg vere med på. Når hummarfiskekodane blir knekte og den første hjorten blir felt, er spenninga og gleda glitrande formidla, og vi blir dregne med inn i desse opplevingane. Igjen gjer Siri ting ho ikkje kan. Litt etter kvart meistrar ho det og får oss andre til å tru at vi òg kan det, til liks med snikring, grønsakdyrking og andre ting vi ikkje har gjort før.
Som utflytta bygdegut, busett i byen og med både praktisk og akademisk utdanning er eg kanskje over middels interessert i dei temaa boka tek opp. Likevel kjenner eg meg trygg på at Trollefossvegen 23 vil vere til glede og nytte for alle som har, har hatt eller skal lage seg ein heim.
Arild Sætre
Arild Sætre er sivilarkitekt og bygningsvernkonsulent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Heldigvis tek forteljinga overraskande vegar, og eg blir gladeleg med rundt til neste side.
Fleire artiklar
Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Svar til Preben Aavitsland
Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
«Kald kveld» (1975), 51 x 64 cm. I dei seinare måleria lausriv Schultz seg frå dei strenge komposisjonsprinsippa og fører ein ny vitalitet inn i kunsten sin.
Verdien av det vakre
Telemark Kunstmuseum har løfta fram ein mellomkrigskunstnar som har vore gløymd altfor lenge. Fargekunstnaren Alexander Schultz (1901–1981) toler godt dagens lys.
Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.
Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB
Iransk kanondiplomati
Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.