JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ugjerningar ved frosne sjøar

Ekman føyer saman det store og det nære i ei fortetta soge.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kerstin Ekman er ein av dei mest prislønte og lesne forfattarane i Sverige.  

Foto: Cato Lein

3671
20220819
3671
20220819

Roman

Kerstin Ekman:

Løpe ulv

Omsett frå svensk av Bodil Engen
Aschehoug

Alle som har lese Hendelser ved vann, som Ekman vann både Augustprisen og Nordisk råds litteraturpris for i 1993, veit at denne forfattaren (på snart nitti år) kan skrive så krim-aktig spennande at ein mest ikkje greier leggje boka frå seg. Til forskjell frå mykje av kriminallitteraturen loddar Ekmans romanar samstundes djupt og eksistensielt, og den fulle tydinga av boka veks gradvis fram etter at ein er ferdig med å lese.

Løpe ulv er også annleis ved at offeret ikkje er eit menneske. Ein ulv blir drepen på vondskapsfullt vis og utanfor lisensjakta. Skogforvaltar og mangeårig jeger Uffe tar drapet personleg. Ikkje lenge før ulven vart tatt av dage, såg han nemleg det edle dyret, ein svær hannulv, på kloss hald. Etterpå er ingenting lenger det same for syttiåringen. Intrigen i boka er bygd opp rundt opprullinga av to brotsverk: drapet på ulven og ein påsett brann.

Dødens skog

«Ja du Høgbein. Slik tenkte jeg. Som om det var en forbindelse. Men det hadde vi jo ikke. Det var ensidig. Slik det er med Gud.»

Uffe greier nesten ikkje tenkje på anna enn ulven etter det skilsetjande møtet. Legg merke til at «Gud» er nemnd. Opplevinga blir nesten religiøs, men ikkje på kristent vis. Uffe heiter Ulf, altså Ulv. Namnelikskapen gjer sjølvsagt at han kjenner ekstra sterkt på bandet mellom seg og den svære hannulven han støyter på tidleg ein vintermorgon i skogen. Namnelikskapen peiker mot eldgamle skikkar – å gi born namn frå natur og dyr for å styrke bandet mellom mennesket og heilskapen det blir fødd inn i.

Også tittelen Løpe ulv viser til dette mytiske bandet mellom villdyr og menneske. I tidlegare tider fanst det ein kultus der menn, kanskje også kvinner, «sprang med ulvar», ikkje for å drepe dei, men i beundring for villdyret og med von om å låne noko av krafta og styrken. Denne heidenske skikken er kanskje opphavet til varulvmyten.

Det er eit band, meiner Ekman, ein heilskap. Og det kanskje mest tragiske ved vår tid er at vi totalt har gløymt det. Difor herjar vi med villdyr og husdyr, med natur og klima, vi øydelegg for dei og for oss sjølve, heilt konkret: Vi legg alt rundt oss øyde. Soga om Uffe viser at det er når vi får dette heilt innpå oss, vi kjenner kor gale det er, det vi driv med: klimaforringinga og utryddinga av artsmangfaldet.

Kjærleikens kraft

Møtet med ulven og alt det fører til, rammar Uffe brått som eit slag. Han kjem i ei djup identitetskrise og i opposisjon til det jaktlaget han sjølv er leiar for. Med eitt er ikkje alle dyra han har skote gjennom eit langt jegerliv, ein anonym masse, men individ. Han trekkjer seg frå leiarvervet. Ein rival – ein yngre mann – overtar den ettertrakta posisjonen. Det er ikkje ulikt korleis ein alfahann i ulveflokken må gi tapt for eit yngre dyr.

Uffe slit med hjarteproblem, ein tilstand som forverrar seg det året romanen skildrar. Heldigvis har han ei god kvinne ved sida si. Inga er skildra med stor varme, og livslangt samliv er fint tematisert i boka. I byrjinga av romanen synest eg kanskje likevel at det maskuline, vi ser alt gjennom Uffe, er lagt bitte litt utanpå. Men snart vaks soga fram så sterkt at eg gløymde det.

Bodil Engens bokmål flyt for det meste godt. Nokre stader har det likevel gått for fort i svingane. Døme: På norsk seier me ikkje «pimpel-fiske», men «isfiske» eller «å pilke». Og det heiter «å utrydde», ikkje «å utdø».

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Også tittelen Løpe ulv viser til dette mytiske bandet mellom villdyr og menneske.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis