Teksten som katalysator
Med Jon Fält på laget er ensemblet komplett.
Anders Jormin (t.h.) med ensemblet: Jon Fält, Lena Willemark, Karin Nakagawa.
Foto: Magnus Bergstrom
Jazz / Samtidsmusikk
Anders Jormin:
Pasado en claro
Lena Willemark, vokal, fiolin og bratsj; Karin Nakagawa, koto; Jon Fält, trommer og perkusjon; Anders Jormin, bass.
Med utgangspunkt i jazz og folkemusikk har Anders Jormin og Lena Willemark funne ein felles grunn i eit uttrykk som sameiner ulike musikalske impulsar og tradisjonar med ei sterk vektlegging av lyrikk. Samarbeidet på plate byrja med In Winds, in Light (ECM, 2003). Med Trees of Light (ECM, 2015) kom også Karin Nakagawa med, og hennar 25-strengs koto sette sterkt preg på uttrykket. Med Jon Fält med på laget har uttrykket naturlegvis fått eit meir pulserande preg.
Jormin har sett musikk til så ulike poetar som Yamabe no Akahito, Ouyang Xiu, Petrarca, Octavio Paz, Anna Greta Wide, Tomas Tranströmer og Jörgen Lind. Willemark har komponert den einaste reine instrumentalen på plata, «Wedding Polska». Ho leverer også tre komposisjonar med eigne tekstar, to av dei på hennar «morsmål» älvdalsk.
Sjølv om ordet kan seiast å vera sjølve dreiemomentet, brukar ensemblet også tekstane som inspirasjon til lange instrumentalsekvensar med få, men vesentlege improvisasjonsparti. Det mest spanande dømet på sistnemnde er det kollektive bidraget på «Petrarca». Uttrykket pendlar mellom det djupt alvorsame og ei sorgstenkt eller ettertenksam glede. Musikken har eit eterisk preg, men med bassen som ankerfeste. Dette er ei plate med mange fasettar, ei plate å venda attende til – gong etter gong.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz / Samtidsmusikk
Anders Jormin:
Pasado en claro
Lena Willemark, vokal, fiolin og bratsj; Karin Nakagawa, koto; Jon Fält, trommer og perkusjon; Anders Jormin, bass.
Med utgangspunkt i jazz og folkemusikk har Anders Jormin og Lena Willemark funne ein felles grunn i eit uttrykk som sameiner ulike musikalske impulsar og tradisjonar med ei sterk vektlegging av lyrikk. Samarbeidet på plate byrja med In Winds, in Light (ECM, 2003). Med Trees of Light (ECM, 2015) kom også Karin Nakagawa med, og hennar 25-strengs koto sette sterkt preg på uttrykket. Med Jon Fält med på laget har uttrykket naturlegvis fått eit meir pulserande preg.
Jormin har sett musikk til så ulike poetar som Yamabe no Akahito, Ouyang Xiu, Petrarca, Octavio Paz, Anna Greta Wide, Tomas Tranströmer og Jörgen Lind. Willemark har komponert den einaste reine instrumentalen på plata, «Wedding Polska». Ho leverer også tre komposisjonar med eigne tekstar, to av dei på hennar «morsmål» älvdalsk.
Sjølv om ordet kan seiast å vera sjølve dreiemomentet, brukar ensemblet også tekstane som inspirasjon til lange instrumentalsekvensar med få, men vesentlege improvisasjonsparti. Det mest spanande dømet på sistnemnde er det kollektive bidraget på «Petrarca». Uttrykket pendlar mellom det djupt alvorsame og ei sorgstenkt eller ettertenksam glede. Musikken har eit eterisk preg, men med bassen som ankerfeste. Dette er ei plate med mange fasettar, ei plate å venda attende til – gong etter gong.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Same tema
Eva Aagaard er utdanna journalist og debuterte som forfattar i 2019.
Foto: Nicolas Tobias Folsgaard
Usynlege sår
Sverre Anker Ousdal, Laila Goody, Elias Holmen Sørensen, Hanna-Maria Grønneberg, Andreas Stoltenberg Granerud, Trond Espen Seim og Anne Marit Jacobsen i stykket basert på filmen til Ingmar Bergman.
Foto: Erika Hebbert
Stivbeint dramatisering, men varmt spel