JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Twigs har vorte ein frodig, nordnorsk folkekomedie bygd på eit amerikansk divashow.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Guri Johnson spelar alle kvinnerollene i komedien. Kristian Fr. Figenschow og John Sigurd Kristensen deler dei mannlege rollene.

Foto: Hålogaland Teater

3516
20170526
3516
20170526

TEATER

Hålogaland Teater:

Twigs – hele hælvetes slekta

av George Furth
Omsetjing og irettelegging: Ragnar Olsen
Regi: Trond Lie

Den amerikanske komedien Twigs var midt på 1970-talet ei triumfferd for Wenche Foss – eit svimlande høgdepunkt i ein karriere der suksessane alt hadde vore tallause. Stykket er eigentleg ein syklus av fire einaktarar, der vi møter tre søstrer og mor deira i tur og orden, spela av den same skodespelaren. Nokon raud tråd utover dette har stykket eigentleg ikkje, og den gongen tenkte vi vel at stykket hadde vore tynnare enn vatn om ikkje Wenche Foss hadde spela det.

No har Hålogaland Teater teke sjansen på å setje opp att Twigs. Dei har gjeve det ein heimleg nordnorsk koloritt, og divafaktoren er på eit vis tona ned ved at mannsrollene òg vert spela av dei same skodespelarane akt for akt. Slik vert det denne gongen ein trio – ikkje berre éi diva – som leikar seg gjennom komediemerittane. Twigs er i den effektive regien til Trond Lie traustare og meir kontant enn i framsyninga til Wenche Foss, men i den nye versjonen ser vi òg at stykket faktisk har eit menneskeleg varmeelement. Det toler godt å hentast fram att.

Ikkje problemfritt

Å la ensemblet vere det same stykket igjennom er morosamt, men ikkje heilt problemfritt. Vi merkar tydeleg at stykket er skrive for ei primadonna. Dei fire kvinnerollene er skrivne med ein kombinasjon av individuelle særdrag og typiske fellestrekk som gjer dei til ei gullrik ønskerolle for ein god kvinneleg skodespelar. Mannsrollene har ikkje desse fellestrekka, og dei er heller ikkje frå forfattaren si side utforma med same kjærleik og djupn. John Sigurd Kristensen spelar flyttemann, dauvhøyrt nabo og prest med presis, smålåten humor, og Kristian Frederik Figenschow legg heile sin folkekomiske sjarm i å forsvare tre ulike ektemenn og ein potensiell ny kjærast. Det er likevel ikkje til å kome forbi at det er Guri Johnson, som dei tre søstrene og mor deira, som i tillegg til det komiske overskotet heile tida formidlar ein menneskeleg substans under gjøglaryta.

I ein god og ekte komedie ligg det alltid ein liten klump i halsen på lur bakom låtten, det er vel såleis nok å nemne Charlie Chaplin som stikkord. Guri Johnson har denne underteksten på plass frå første stund. Frå den energiske, men openbert einsame Ebba Margot, til den pratsamt nevrotiske Ellinor, den vemodsmuntre Elise og den kontante, nøkterne mora i siste akt, ser vi verkeleg livet i eit nøtteskal. Andreakta med Ellinor i fokus er nok den som rører aller mest, av di Ellinor både er den blidaste og den – godt undertrykt – mest ulukkelege av dei fire kvinnene. I denne akta balanserer den breie folkekomedien mot det bitre samlivsdramaet på merkeleg, fascinerande vis, og her er det òg Kristian Fr. Figenschow når lengst i karakterutdjupinga.

Nordnorsk vinkling

Ragnar Olsens nordnorske vinkling av originalteksten er gjort med klok og vittig heimstamnskjennskap. I tillegg til at det gjev ei god, intim miljøkjensle, tilfører det stykket ein poengtert revyhumor. For å ta ut denne humoren lyt ein ta sjansen på ikkje alltid å vere såkalla politisk korrekt. Her får vi svelgje unna at det vert sagt både «neger» og «tullefitte». Men lat gå, dette er like fullt, eller kan hende først og fremst, ein varm komedie om kvardagsmenneske. Framsyninga er utseld fram til sommaren. Det kan vi godt forstå.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis