Samisk trolldom
Snøfrid vert spela av Ingá Marjá Sarre.
Foto: Vinterlys
BEAIVVÁŠ / DET SAMISKE NASJONALTEATRET
ARNE BERGGREN:
Snøfrid
REGI: HAUKUR J. GUNNARSSON
SCENOGRAFI: Bård Lie
Torbjørnsen
KOSTYME: BERIT MARIT HÆTTA
Historia om samejenta Snøfrid, som trollbatt Harald Hårfagre, er noko av det merkelegaste du kan lese i Snorres Kongesoger. Dei møttest ein julaftan i 1860-åra da kongen fór med følget sin gjennom Gudbrandsdalen. Ho var «den vakraste kvinna nokon kunne sjå», og kongen ville straks liggje med henne. Men finnekongen Svåse, far hennar, kravde at først måtte Harald ta henne til ekte.
Han så gjorde (han hadde alt fire koner), og ho fødde han fire søner. I desse åra gav kongen blaffen i alt som heitte statsstyring og erobring, Snøfrid var det einaste som stod i hovudet på han. Da ho døydde i barsel etter den fjerde fødselen, ville ikkje kongen innsjå at ho var død. Han skal ha sokke inn i galskap (psykose?) og vaka over henne i tre år medan han venta på at ho skulle vakne opp att.
Dette stoffet har Arne Berggren dikta vidare på og gitt ein poetisk språktone. I hans versjon var Harald og Snøfrid saman også ei tid i barndommen, men så kom dei bort frå kvarandre i mange år. Det som skjer da dei møtest att, følgjer Snorres «manus».
Den islandske regissøren lar oss møte forteljinga om kjærleikens makt og avmakt gjennom korte, effektfulle scener i ein enkel, men funksjonell scenografi. Det er ikkje fritt for at framsyninga innimellom får eit vel folkloristisk preg, men aldri slik at det tippar over. Kjappe, litt actionfylte scener vekslar med opptrinn av meir intim karakter. Samiske ritual kastar eit mytisk skjer over handlinga og gir det eit preg som for søringar fortonar seg som eksotisk. Dette inntrykket blir styrkt av joiken og musikken.
Ingá Marjá Sarre (Snøfrid) og Ánte Siri (Harald) får fint fram både det leikne i kjærleiken mellom dei to og det ømme og lidenskaplege. Dette er meir enn ei historie om sterk lidenskap, ho har også ein viktig historisk dimensjon. Det er sagt at sønene Snøfrid fekk med Harald, gav samisk blod i den norske kongerekkja i mange ættledd.
Jan H. Landro
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.