JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

For lite om for mykje

Vurdert etter premissane for sjangeren er Kristin Lavransdatter blitt ei etter måten vellykka oppsetjing.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjærleiken mellom Kristin (Herborg Kråkevik) og Erlend (Hans Marius Mittet) får mindre plass enn ein kunne vente.

Foto: Magnus Skrede

3406
20180216
3406
20180216

Den Nationale Scene

Sigrid Undset:

Kristin Lavransdatter

Dramatisering og regi:
Svein Sturla Hungnes
Omsetjing til nynorsk:
Brit Bildøen
Komponist: Julian Berntzen
Songtekstar: Brit Bildøen og Svein Sturla Hungnes
Scenografi og lysdesign: Ola Bråten
Kostyme: Christina Lovery
Koreografi: André Danielsen
Kapellmester: Petter Kragstad

Ein musikal bygd på eit så omfattande materiale som Sigrid Undsets mellomaldertrilogi kan berre bli eit skuggespel. Likevel vil kanskje somme få lyst til å lese heile romanverket.

Dette er ei historie om sterk, livsvarig kjærleik, men òg ei stadfesting av det munken Gunnulf seier mot slutten av siste bindet: «de som elsket hinannen med den heteste attrå, de ender med å være som to ormer, som biter hinannen i sporden.» Kjærleiken blir opphav til mistydingar, konflikt og svik, men døyr aldri.

Dette er også ei forteljing om ære, skam og soning, sterk gudstru og gudsfrykt, om overtru, samvitskamp og skuldkjensle. Om politikk, riksstyring og landssvik – og om fall frå stordom som følgje av det.

Summarisk opphoping

Svein Sturla Hungnes vil ha med mest mogleg av dette. Det endar i ei summarisk opphoping av korte scener, som rett nok sneier innom alle viktige tema, men ikkje yter dei rettferd fordi det stort sett berre blir overflate, utan fordjuping i karakterar eller tematikk. Takka vere Ola Bråtens minimalistiske og svært funksjonelle scenografi glir dei mange sceneskifta saumlaust. Så kan ein diskutere kor mykje vi kan krevje av ein musikal, men her kunne ei strengare prioritering gitt eit betre resultat. Til dømes er eg usikker på om dei som ikkje har lese trilogien, klarar å henge med i svingane.

Heile første del av oppsetjinga byggjer på det første bindet av trilogien. Men den vakre kjærleiken mellom Kristin (Herborg Kråkevik) og Erlend (Hans Marius Hoff Mittet) er gitt mindre plass enn ein kunne vente. I staden har Hungnes lagt meir vekt på motstanden og vanskane kjærleiken møter. Og Erlend viser her merkeleg lite av den lidenskapen vi kjenner frå boka. Men han får betre fram denne sida av seg seinare i framsyninga.

Musikken ber

Det er på mange vis musikken som ber framsyninga. Julian Berntzen har skapt ei toneverd som går frå sakral mellomaldermusikk via vakre kjærleiksballadar til filmmusikk (opningsnummeret) og klangar som minner om tradisjonell musikalmusikk, somme stader med ekko av Les Miserables. Men det fungerer fint, og eit lag av gode røyster gir liv til Brit Bildøens poetiske songtekstar og Berntzens tonar, solid «kompa» av eit framifrå orkester leidd av Petter Kragstad.

Første del av framsyninga verkar noko hektisk og støyande. Replikkane blir avleverte som om skodespelarane skulle vere på ei utescene, og med eit deklamatorisk alvor som verkar framandt. Men det blir betre etter pausen og vil nok gå seg til etter kvart. Stykket vekslar mellom svært verknadsfulle massescener og intime opptrinn. Etter kvart som det kjem meir ro over spelet, står Herborg Kråkevik fram som den sterke og stridbare, men også svært eigenrådige Kristin. Til slutt ruvar ho i ein raud, fotside kjole som ei gresk tragedienne. Mektig, slik også fleire fine tablå gjer inntrykk.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er på mange vis musikken som ber framsyninga.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis