JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Ein festival
for folk flest

Vinterlysfestivalen er ikkje berre eit lyspunkt for nordlendingar, men eit kulturtilbod som mange fleire kunne hatt glede av.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Festivalsjef Birgitte Strid inviterer dagleg til samtalar i sofaen.

Foto: Bjørn Leirvik

2699
20180223
2699
20180223

Kommentar

I Mo i Rana lokkar arrangørane med «7 magiske dager». Magien får vi i dei ulike teatersalane og spelestadene, der 150 framsyningar blir presenterte i løpet av veka. Dette er ein festival for den breie teaterinteressa og for det sosiale samværet. Og kvaliteten er gjennomgåande god.

Kvar kveld lyser eit stort, raudt hjarte på austveggen til Nordland Teater. Det skal symbolisere at Vinterlys er hjartet i Mo, men også i Teater-Noreg, forklarar festivalgeneral Wenche Bakken.

At Vinterlys er viktig for fleire enn berre ranværingane, går fram både av at artistar og ensemble frå heile landet står på deltakarlista, og at produsentar og marknadsfolk frå heile Teater-Noreg legg fagmøte her.

Inne i hjartet finst ikkje berre to teatersalar, som stadig er sprengfulle, men også det sosiale hjartet i heile festivalen – Teaterkafeen. Denne halvmørke møtestaden er open frå morgon til midnatt. Her får du tørt og vått, her er det dagleg teaterlunsj og sofasamtale mellom teatersjef Birgitte Strid og ein eller fleire gjestar. Lise Fjeldstad og Kirsti Sparboe var mellom dei som sessa seg i den gammelrosa sofaen.

Mykje av det som skjer i Teaterkafeen, er gratis. Dette er møtestad for lokale og tilreisande og venterom for dei som skal inn til ei framsyning. Eit hjarte som slår for alle.

Årets Vinterlys er den 18. i rekkja. Initiativet kom frå dåverande teatersjef Thor-Inge Gullvåg. Han knytte til seg Wenche Bakken, som i alle desse åra har vore festivalgeneral og programmerar, og som elles er inspisient og produsent ved Nordland Teater.

Første året viste Vinterlys to framsyningar for 800 menneske. Sidan har festivalen vakse steg for steg, til han dei siste fem åra har vara ei heil veke. Og tala fortel alt som skal seiast: 900 artistar og produksjonar frå inn- og utland har vitja Vinterlys, 100.000 publikummarar har teke del i det mangfaldige kulturtilbodet. No ligg det årlege besøket på 12.500, i ein by med 18.500 innbyggjarar.

I dag er kapasitet det største problemet for arrangørane. Festivalen utnyttar alt som finst av spelestader, og alle er ikkje like eigna. No ser festivalgeneralen fram til at det skal bli noko av kulturhusplanane i kommunen. Dessutan er det vedteke å byggje ein storflyplass i nærleiken av byen, noko Wenche Bakken meiner vil spare festivalen for 150.000 kroner årleg i reisekostnader, ein betydeleg sum når totalbudsjettet ligg på kring tre millionar.

Sjølv såg eg 15 framsyningar – og har skrive om seks av dei.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis