Syretripp i to og ein halv time
Leiken med norrøn mystikk er sprek som effektshow, som teater ei smakssak.
Kva kan gamle skikkar og seder lære oss om oss sjølve, spør Det Norske Teatret.
Foto: Signe Luksengard
Det Norske Teatret, Scene 2
Lisa Lie:
Utiseta
Omsett av Inger Johanne Sæterbakk
Regi: Lisa Lie
Scenografi og kostyme: Maja Nilsen
Komponist: Ingvild Langgaard
Å lage ei teaterhending med norrøne ritar og figurar som ein samtidskommentar, er ikkje nokon dum idé. Den kreative teatermakaren Lisa Lie er godt heime i dette stoffet, og omgrepa turnerer ho med kunnskapsrik autoritet i stykket Utiseta, som denne vinteren vekkjer åtgaum hjå både kritikarar og ålmenne åskodarar. Denne kritikaren er ikkje like ellevill som dei andre, men det får stå si prøve.
Framsyninga er heile tida prega av ei kryssing mellom det urkulturelle og det moderne popkulturelle, både i tekst, musikk og visuelt uttrykk. Her er mykje vakker musikk og song, og mykje elegant og imponerande kroppsspråk og gjøgleri. For nokre av oss er det likevel vanskeleg å le av absurd akrobatikk vi ikkje kan identifisere oss med, og vanskeleg å fordøye tekst som ikkje gjev eit sekunds tid til ettertanke.
Når publikum rundt oss openbert morar seg, må vi kan hende tru nokre av dei kjenner popkulturreferansane betre enn vi gjer, medan andre kan norrønmytologien betre. Men neimen om vi vert heilt sikre på det heller.
Her er mykje scenografisk og kostymemessig augelyst, med myrhaugar og verdstreet Yggdrasil som forvandlar seg eventyrleg og fargerikt. Og Oddgeir Thune som Midgardsormen set faktisk ein ganske magisk streng i sving i delar av stykket, særleg i byrjinga. Resten av ensemblet har òg stålkontroll på det dei skal gjere, og songnummera er briljant gjennomførte.
Kva er det så vi saknar, vi som likevel ikkje er heilt overtydde? Utgangspunktet er spennande nok. Men dersom meininga var å utforske kva det er å vere menneske under påverknad, kunne ein vel like gjerne valt eit meir stillfarande og alvorleg uttrykk. Og kva med ei god gamaldags samanhengande handling? Slik det no er, har vi mistanke om at det er det spektakulære og det lettvint hintande til samtidsfenomen som appellerer. Eit utagerande raveparty i scenisk form er i alle høve ikkje like moro for alle.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kva med ei god gamaldags samanhengande handling?
Fleire artiklar
Janne Stigen Drangsholt er professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Stavangar og har blant anna skrive fire romanar om Ingrid Winter.
Foto: Tommy Ellingsen
Smart underhaldning
Romanen som kom ut i vår, er den sjuande Lars Ramslie har skrive sidan debuten i 1997.
Foto: Bez
Det gode som han ville