Musikk

Sterkt samspel

Calidore String Quartet avsluttar med Beethovens byrjing.

New York-baserte Calidore String Quartet har spelt inn Beethovens op. 18 på tre CD-ar.
Publisert Sist oppdatert

Amerikanske Calidore String Quartet har dei siste åra spelt inn alle Ludwig van Beethovens strykekvartettar. Dei avsluttar albumserien med byrjinga, med dei seks fyrste kvartettane, op. 18, som blei prenta i Wien i 1801. Men sjølv om dette var Beethovens fyrste freistnad innan kvartettsjangeren, er stykka like krevjande å spela som dei mogne verka hans. Transparent klangtekstur og intrikat rytmisk samspel mellom strykarane gjer all slark høyrleg, og er ikkje intonasjonen god nok, misser harmonikken all kraft. Men dette er ikkje noko problem på Calidore String Quartets nye trippelalbum.

Førebileta for op. 18 var Haydn og Mozart. Me høyrer det i den logiske utviklinga av dei musikalske motiva, noko Haydn var ekspert på, og dei vakre, klassisk velbalanserte melodiane som Mozart meistra så godt.

Men Beethoven tek kjensleuttrykka i musikken eitt steg vidare. På same måte som op. 18 markerer slutten på wienerklassisismen, kan det sjåast på som byrjinga på romantikken. Den siste kvartettens sistesats, «La Malinconia», er emblematisk for det nye, emosjonelt samansette tonespråket hans.

Overtydeleg

Mest haydnsk er Strykekvartett nr. 1 i F-dur. Temaa i fyrstesatsen «Allegro con brio» (CD 1, spor 1) er så klassiske ein får det, noko Calidore String Quartet poengterer med klårt disponert frasering og tydelege aksentar. I eksposisjonen verkar tolkinga litt overtydeleg, for pausane mellom frasane er akkurat litt for lange, noko som bremsar framdrifta. Seinare i satsen, der temaa blir vridde og vende på og musikken såleis meir intens, betrar det seg. Best kling finalesatsen «Allegro» (CD 1, spor 4), der fiolinistane Jeffrey Myers og Jeremy Berry har sylkvass artikulasjon i dei snøgge ornamenta. Intonasjonen på topptonane er lytelaus.

Strykekvartett nr. 5 i A-dur er den mest mozartske. Opningssatsen «Allegro» (CD 3, spor 1) har god framdrift. Dei snøgge vekslingane mellom songlege avsnitt og kvikke stakkatoparti sit som dei skal.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement