Saucisses og politikk
Isdronninga Isabelle Huppert er glimrande som iskald politikar.
Isabell Huppert spelar hovudrolla som Clémence Collombet, som er borgarmeister i ein forstad i Paris.
Foto: Another World Entertainment
Drama
Regi: Thomas
Kruithof
Løftene
Med: Isabelle Huppert, Reda Kateb, Jean-Paul Bordes
Kinofilm
Borgarmeister i ein Paris-forstad, Clémence Collombet (Huppert), får dilemma på dilemma i hendene då ho og assistent Yazid Jabbi (Kateb) lyt overtyda husstyrar Kupka (Bordes) om å støtta eit politisk vedtak. Med ymse interessentar inne i biletet finst det ingen garantiar for at eit nedslite bustadkompleks blir prioritert.
Borgen-meister
Eg får lyst å seia: «Likte du Borgen , kjem du til å elska Løftene.» No har eg sagt det, og om det ikkje er så originalt, er det likevel relativt dekkande. No er det stor forskjell på dei politiske prosessane og spelereglane i ulike land, men ein ting går igjen: hestehandel og kompromiss.
Dei som veit korleis pølser og politikk vert til, søv ikkje godt, er eit universelt uttrykk og med god grunn. Ein treng berre sjå på våre eigne tilhøve for å sjå at den politikar som ikkje går på akkord med lovnader baka inn i valflesk, finst ikkje. Nettopp løfta er det som både skapar og øydelegg ein politikar. Clémence Collombet er ikkje noko unntak.
Haren Huppert
Det skortar ikkje på filmar om dei svære bustadkompleksa i utkanten av Paris, husprosjekt meinte for å gagna dei mindre bemidla, dei såkalla banlieues.
Om du har sett filmar som Dheepan (2015) eller De elendige (Ladj Lys strålande film med originaltittelen Les Misérables, som altså ikkje er musikalen, om du vart i tvil (2019)), så er akkurat forstadsmiljøa eit ynda objekt, all den tid her er enorme utfordringar: Fattige innvandrarar vert lurte trill rundt av mindre velmeinande hushaiar, og kriminelle organiserer seg og utnyttar dei same svake og sterke individa.
På eit vis er det slik også på innsida av politikken. Dei sterke trakkar på dei svake, og ingen kjem seg tilsynelatande oppover i kjeda utan å trakka vidare nedover. Clémence veit å utnytta dette: Hestar vert handla, kamelar svelgde, men ingen veit likevel kor haren hoppar.
Isabelle Huppert er aldeles glimrande i rolla som borgarmeisteren. Så får ho også ofte roller som usmilande, kald og kalkulerande, noko eg av og til kan bli lei av, men her passar desse eigenskapane så godt at ein kan mista trua på politikarar fullstendig.
Relasjonane
Dei nemnte banlieues-filmane er nedslåande greier, sett frå eit samfunnsrealistisk synspunkt. Dei peikar på kvardagstilstandar som er nesten uråd å førestilla seg, all den tid ein helst tenkjer på Paris som Champs-Élysées, Louvre og vin langs Seinen.
Også Yazid og Clémence viser til at livet hadde vore enklare om ein flytta til sentrum og la forstadene bak seg. Løftene klarar å nyansera synet mitt på miljøa i bustadkompleksa, om ikkje på politikarar og metodane deira. Samtidig er det menneskeleg å bli maktsjuk, det er berre så lite sjarmerande. God film blir det uansett, då ein her klarar formidla samfunnsproblem i alle lag av folket og menneskelege relasjonar utan å bli sentimental eller romantisk.
Brit Aksnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg får lyst å seia: «Likte du Borgen, kjem du til å elska Løftene.»
Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.