Samliv og skamliv
Romanen I skyggen av Eiliv er fort lesen og fort gløymd.
Odd Klippenvåg har gjeve ut 23 bøker i roman- og novellesjangeren.
Foto: Åsmund Holien Mo
Roman
Odd Klippenvåg:
I skyggen av Eiliv
Cappelen Damm
Odd Klippenvåg har eit langt forfattarskap bak seg, med femten romanar og åtte novellesamlingar sidan debuten i 1978, og tidlegare i år kom eit utval av novellene hans ved Eirik Lodén. I skyggen av Eiliv er den sekstande romanen hans.
Klippenvåg skriv innanfor ein psykologisk-realistisk tradisjon, og gjennom heile forfattarskapet har han løfta fram homofili og homofilt samliv som likeverdig i forhold til «det normale». Slik har han vore med og flytta nokre grenser i retning av samfunnsmessig aksept for noko som fram til 1972 var sett på som straffbart, umoralsk og undergravande.
Årets roman er innanfor den same tematikken der han gjennom ulike forteljarstemmer kastar lys over det havarerte ekteskapet mellom Magnus og Hedvig samtidig som nye relasjonar gir nye samlivsproblem. I bakgrunnen ruvar nyleg avdøde Eiliv, far til Hedvig og svigerfar til Magnus. Eiliv blir framstilt som inkarnasjonen av det gode mennesket, men bak fasaden finst mørkare nyansar som berre delvis blir avdekte.
Handlinga utspeler seg stort sett i Oslo og er lagd til 2016 og 2017 med tidsmarkørar som tusenårsjubileet for Sarpsborg, brexit og brannen i Grenfell Tower i juni 2017, men ingen av desse hendingane er integrerte i teksten eller betyr noko for personane anna enn som registreringar som flyt forbi.
Klippenvågs personar har nok med seg sjølv og engasjerer seg lite i samfunnet rundt seg, og det som kunne ha vore eit samfunnskritisk innslag, renn ut i ingen ting: Den polske kontraktsarbeidaren Simon skader seg på byggeplassen, men står rettslaus i forhold til arbeidsgjevar, forsikringsselskap og helsevesen. Tretti år gammal er han sett på berr bakke, ute av soga, som det heiter, for rolla hans er ikkje å vere billeg arbeidskraft, men å vere elskaren til den seksten år eldre Audun, snikkar i same firma. Simon blir dobbelt dumpa, og denne misbruken av tillit og av kjensler i nære eller meir formelle relasjonar, kunne Klippenvåg ha gått tettare på. På toppen av det heile vinn Audun elleve millionar i Lotto, slikt som berre skjer i triviallitteraturen. Han kunne ha hjelpt Simon, men det gjer han ikkje.
Audun og Magnus lever i eit forhold samtidig som begge har affærar på si. Mens han var gift med Hedvig, hadde Magnus også sine sidesprang med yngre menn; sjølv har han nådd 56 år. Hedvig finn omsider den nye kjærleiken, og dottera Vilde bur i London med kjærast og eit spedbarn, langt under fattigdomsgrensa. Huset etter Eiliv er eit omdreiingspunkt som skaper gnissingar mellom Magnus som gjerne vil kjøpe det, og Hedvig som vil behalde det, og til slutt sel ho det til den svenske kjærasten sin.
Slik humpar og går det med fem forteljarstemmer som alle snakkar i same toneleie utan særlege nyansar mellom den danna akademikaren Magnus og bygningsarbeidaren Audun, ungjenta Vilde og mora Hedvig. Jan, ein av elskarane til Magnus, skil seg heller ikkje ut frå dei andre, og dermed blir grepet med fem forteljarstemmer ganske kunstig og utan litterær effekt.
Denne gongen har nok den vanlegvis stilsikre og psykologisk nyanserte Klippenvåg møtt for lite motstand hos konsulent og forlag. Dessverre.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.