JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Pest og pasjon

Lucy og eksmannen opplever tosemda på nytt når dei isolerer seg under pandemien.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Elizabeth Strout er ein amerikansk skribent og romanforfattar, busett i New York og Maine.

Foto: Leonardo Cendamo Foto: Leonardo Cendamo

3582
20230428
3582
20230428

Roman

Elizabeth Strout:

Lucy ved havet

Omsett av Hilde Rød-Larsen
Forlaget Press

«Landet vårt er så ille ute, Lucy. (…) Det er som om hele verden har fått krampe, jeg mener virkelig at vi går harde tider i møte. Vi river hverandre i fillebiter.» Det er Lucys eksmann, han som gav namn til den førre romanen om Lucy Barton, Åh William!, som har ordet. Eit stykke uti Lucy ved havet kjem han med denne statusrapporten, som er både presis om den aktuelle situasjonen og dessutan føresjåande: Året etter kom jo storminga av Kongressen i Washington.

Medan verda stenger ned, nære vener blir sjuke og døyr og likbilane køyrer i skytteltrafikk i New Yorks gater, isolerer Lucy og William seg i eit lånt hus ved havet nord i landet. Det er våren 2020. Koronaviruset – eller berre «viruset», som det heitte i USA – tek strupetak på heile verda. Eks-ekteparet har to døtrer som er att i New York, og som dei naturleg nok uroar seg særs for, den eine er attpåtil gravid. Det er ei rar og skremmande tid.

Vi er aleine

Strout skildrar presist korleis hjernen brukar tid på å ta inn at alt det vande med eitt er snudd på hovudet, at røynda ikkje lenger er til å stole på, og at det er umogleg å vite kva som vil bli det neste som hender. Det er også attkjenneleg korleis isolasjonen gjer at fokuset snevrar seg inn.

Lucy og William finn att både gleder og ikkje minst irritasjonar hos kvarandre. William hatar å sjå Lucy bruke tanntråd, medan ho enkelte gonger ikkje kan utstå synet av skorne hans. At det har gått tjue år sidan sist dei levde saman, skapar eit dobbelt blikk hos Lucy som er fint framstilt i romanen. Lucy toler betre enn før at ho og William ikkje kan møtest i alt. Djupast sett er ein aleine om det ein balar med.

Trass i at dei båe har skarpe blikk på verda, blir kontrasten mellom det som skjer med dei og døtrene, og dei som verkeleg var ille ute under koronaen i ein nasjon på full fart mot total oppløysing, noko grell. Alt ordnar seg for den som har pengar, også under pandemien. (I alle fall om ein tar forholdsreglar, noko jo ikkje alle gjorde i Trumps «fake news»-USA – romanen sveipar innom desse også.) Etter som idyllen i familien veks, går litt av brodden og alvoret i det store biletet tapt.

Privilegert

Eg kan ikkje fri meg frå å tenkje på alle dei millionane amerikanarar som ikkje hadde dei utvegane Lucy og hennar William har. Lucy sjølv er medviten om at ho er privilegert, ho har skildra klassereisa si i tidlegare bøker. I denne romanen er ho også innom barndomen sin i nokre små, såre drypp. Heile barndomen hennar var ei nedstenging, reflekterer ho. Samstundes er det påfallande sjølvsagt at eksmannen kan leige eit hus her og ei leilegheit der, for å berge dei nærmaste unna viruset. Krisa føyer familien saman, og det er jo fint. Likevel kjem eg i hug den gamle leksa om at lykkelege familiar er ordinære og mindre interessante som litteratur.

Eg vil ikkje dermed seie at Lucy ved havet er uinteressant. Det er alltid kjekt å vere i selskap med Strouts kvinner. Vi gler oss ved å kjenne att den naive, litt usikre og vidopne Lucy, ho som møter verda totalt fri for arroganse, og som difor har eit så sikkert blikk på andre menneske. Kanskje er det dei høge forventningane som gjer at eg tykkjer denne romanen er noko svakare enn tidlegare utgivingar frå Strout.

Hilde Rød-Larsens omsetjing er like sikker og stø som Trumps korona-utsegner var upålitelege og fulle av lygn.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar for Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis