Kunst
Pardans mot avgrunnen
På Stavanger kunstmuseum kan du oppleve eit møte mellom to segnomsuste kunstnarar med kvar sin tunge skjebne, men pratar dei saman?
Carl Fredrik Hill: «Klipp-platå med brinnande berg» (udatert), farga fettstift på papir, 18 x 22,5 cm.
Museet har i fleire år jobba hardt og målretta for å gjere rogalandskunstnarar som Lars Hertervig (1830–1902) meir kjende i utlandet. Dette har dei i stor grad lukkast med. Den siste store satsinga, utstillinga Hertervig–Hill. Drøm og virkelighet, blir for mange i Noreg det første møtet med den svenske målaren Carl Fredrik Hill (1849–1911). Hausten 2024 blei same utstilling vist i Stockholm, og for flesteparten av det svenske publikummet var dette eit tilsvarande første møte med Hertervig. Aldri før har så mange verk av Hertervig blitt viste i utlandet. Mange av dei mest kjende måleria til Hertervig høyrer til den faste samlinga i museet. No har museet i tillegg lånt fleire verk frå til dømes Kode i Bergen og frå private eigarar.
Det er vårleg, og fuglekvitteret kan høyrast heilt inn i museumsbygningen. Hertervig og Hill er fødde med 19 års mellomrom og var begge store talent som fekk sjansen til å dra sørover i Europa for å utvikle kunsten sin vidare, Hertervig i Düsseldorf og Hill blant anna i Paris. Den neste store likskapen er at dei begge var i 20-åra då psykisk sjukdom i stor grad stoppa karrieren. Lenge var dei nærmast gløymde, men i dag reknar ein begge blant dei fremste kunstnarane i kvart sitt land.
Pioner eller sjuk?
Dei psykiske problema påverka sterkt sjansane dei to kunstnarane fekk vidare i livet. Hertervig starta som ein slags wonderboy frå landsbygda som med sitt enorme talent fekk mektige sponsorar. I «Rullestadjuvet» (1855–56) ser me både inspirasjon frå læraren Hans Gude og starten på Hertervigs eigen karakteristiske dramatikk. Her er dystre skyer og svære knekte tre. På denne tida hadde han alt hatt fleire episodar med hallusinasjonar og forfølgingstankar. Fallet var høgt då han ikkje innfridde forventningane til sponsorane og måtte dra heim til Stavanger. Her tok han strøjobbar som dekormålar på møblar. Han var fattig og hadde mista all anerkjenning, men slutta ikkje å teikne på alt frå sigaresker til avispapir fram til han døydde som 72-åring.
I dag ser ein med fornya interesse på dei seinare verka og diskuterer om dei «berre» er prega av sjukdom, eller om han var ein modernistisk pioner? Former i naturen får gradvis eit stadig meir ekspressivt preg. I tillegg ser me mytiske og løyndomsfulle element, som rekkja med ryttarar på hest i «Landskap med rad av kvinnelege ryttarar» frå 1890-åra. Hestane står stille, som om dei ventar på noko. Stemninga er som frå ein draum med den snikande kjensla av at noko ikkje stemmer.
Illevarslande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.