Kunst
Godbit med bismak
Utstillinga Bonnard og Norden er eit etterlengta møte med den franske fargekunstnaren Pierre Bonnard. Då er det synd at Lillehammer Kunstmuseum forstyrrar fargeprakta med veggfargane.
Hovudsalen i Lillehammer Kunstmuseum sett frå andre etasje.
Foto: Eva Furseth
Pierre Bonnard (1867–1947) var fødd inn ein borgarleg familie. Faren hadde ei leiande stilling i forsvarsdepartementet, og han hadde store ambisjonar for sonen. På diplomatisk vis fordelte Bonnard studietida på kunst og jus. Han praktiserte likevel ikkje lenge som sakførar før han kasta seg ut i bohemlivet på heiltid.
Utstillinga viser utviklinga frå plakatkunst med inspirasjon frå art nouveau og japansk kunst, til meir abstraherte, men likevel alltid figurative måleri der fargen stod i sentrum. Bonnard gjekk sin eigen veg i ei tid der det myldra av ismar. Dei flate, særeigne fargekomposisjonane med stillferdige motiv kom til å inspirere mange, også i samtida. Denne utstillinga legg nettopp vinn på å ikkje berre presentere kunsten til Bonnard, men også vise korleis den franske koloristen påverka kunstnarar frå Noreg, Sverige, Danmark og Finland.
Bada i fargar
I utstillinga møter vi mange sentrale verk i kunstnarskapet til Bonnard. Her er motiv frå gatelivet, utsikta mot havet, familielivet og heimen. Nokre av dei mest spennande verka har kona Marthe til motiv. Mange viser ho liggande i det elegante badekaret som ekteparet hadde heime i Sør-Frankrike, intime og private handlingar som vert foreviga i eit vell av fargar.
Baderommet er ein ideell stad å måle ein naken kropp på. Her kan han skildre kvardagslege handlingar som det er naturleg å gjere naken. Desse verka er i liten grad poserande, noko som tilfører dei ein ekstra sjarm. Samstundes får kunstnaren høve til å utforske korleis lyset frå vindauget speler i vatnet i badekaret, så vel som i dei rikt mønstra keramiske flisene på veggane.
Mange av måleria er forbløffande moderne. Det hardt tilskorne utsnittet, også den naturlege posituren til kvinna i verket «Kjelda (Naken i badekaret)» frå 1917, kunne like godt vore gjort i dag. Kona var 48 år då Bonnard måla dette bildet. Interessant nok måla han ho gjennom heile livet like ung og ven som den dagen ho tok til å stå modell for han i 1893.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.