Kunst
Kvinna i badekaret
Pierre Bonnard måla kona si på 400 lerret.
Marthe Bonnard (1869–1942) var kunstmålar.
Frå dei tidlege illustrasjonane på 1890-talet til dei siste lysfylte måleria på 1940-talet ser vi figuren til Marthe Bonnard (1869–1942) i ulike positurar. Pierre Bonnard måla kona si med og utan klede, tankefull eller eggande, på nærare 400 lerret og godt over 1000 teikningar.
Det er mange mytar om denne kvinna. Ho skal ha møtt den borgarlege bohemkunstnaren på gata i 1893. Det vert sagt at ho laug om identiteten sin og presenterte seg som den foreldrelause Marthe de Méligny, med italiensk adelsslekt.
Først då dei gifta seg, kom det fram at ho heitte Maria Boursin, og det var ikkje før ho døydde, at det vart kjent at ho hadde vakse opp i fattigdom i utkanten av Paris.
Ho lukkast såleis vel med klassereisa si, for Bonnard var fødd med sølvskei i munnen, og foreldra hans ville nok ikkje godteke kva som helst slags giftarmål.
Det krinsar svært mange mytar om Marthe. Ho skal ha vorte stadig meir nevrotisk, paranoid og usosial, og tvinga endåtil mannen sin til å isolere seg frå omverda. Om noko av dette er sant, er heller usikkert. Men vi veit at helsa hennar vart skral med åra.
Noko som ofte druknar i alle mytane, er at ho også var kunstnar, då under dekknamnet Marthe Solange. På Bonnard-museet i Le Cannet finst mellom anna denne pastellen av eit tre, teikna med spontane, kraftfulle linjer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.